St.meld. nr. 22 (2005-2006)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2006 og fisket etter avtalane i 2004 og 2005

Til innhaldsliste

6 Fisket etter avtalane i 2004 og 2005

I omtalen av fisket etter avtalane for 2004 og 2005 er det lagt hovudvekt på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område faktisk utnyttar desse kvotane. Først presenterast norske kvotar i sonene til andre statar og utnyttinga av desse, jf. pkt. 6.1 nedanfor. Deretter, i punkt 6.2, presenterast kvotane til andre statar i norske område og utnyttinga av desse. Kommentarane med omsyn på kvoteutnytting omfattar berre åra 2004 og 2005.

I dei neste avsnitta blir omgrepet «felles forvaltning» nytta om ein del sentrale fiskeartar. Felles forvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein art saman, fordi arten opptrer i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane avtalast ein totalkvote for arten, og total tillaten fangst (TAC) fordelast på dei aktuelle avtalepartane.

6.1 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 6.1 og 6.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Med mindre noko anna er sagt, er fangsttala baserte på kva fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i 3. land, dvs. styresmaktene i kyststaten. Desse rapporterte fangsttala frå fartøy på fiskefelta kan avvike frå dei tala i sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

6.1.1 Noreg – Russland

6.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av artane torsk, hyse og lodde. Noregs kvotar (etter overføringar til 3. land) og fangstar 1 av desse bestandane går fram av tabell 6.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 6.2.

Forskingsfangst er inkludert.

Tabell 6.1 Oversikt over norske kvotar (etter overføring til 3. land) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
Torsk224.600218.700226.069220.961
Hyse71.50065.30061.93560.757
Lodde----

Tabell 6.2 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
RØS:
Torsk140.000140.0001.9191.177
Hyse20.00020.0003.9781.822
Haneskjel----
Reker3.0003.0001.8023.005
Grønlandssel10.00010.000-10.506
Lodde----
Steinbit1.5001.5001.053616
Flyndre1.0001.0004-
Bifangstkvote500500254102

6.1.1.2 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone går fram av tabell 6.2. Av dei norske fangstane nord om 62°N i 2004 fiska Noreg 0,8 % av torskefangstane og 6,4 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2005 var 0,5 % for torsk og 3,0 % for hyse. Noreg tek altså små fangstar av torsk og hyse i RØS sett i høve til dei totale norske fangstane.

I 2004 deltok 11 reketrålarar i fisket etter reker i RØS, medan 13 deltok i 2005. Noregs haneskjelkvote var ikkje talfesta i 2004 og 2005. Fisket skal vere eit prøvefiske i eit nærmare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærmare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår blei ikkje fastlagde verken i 2004 eller 2005, grunna manglande interesse frå næringa.

6.1.2 Noreg – EU

6.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell i Nordsjøen, sjå tabell 6.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EUs sone av Nordsjøen, sjå tabell 6.4.

Kvotane og fangstane av sei og makrell omfattar Skagerrak i tillegg til Nordsjøen.

Tabell 6.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
Torsk4.1144.1143.2222.890
Hyse15.39114.6792.2342.075
Sei93.80072.40062.37867.145
Kviting1.6002.8002211
Raudspette2.1111.6301.7601.634
Makrell148.728114.437157.357119.541
Nordsjøsild131.624166.152138.188159.549

Noregs kvotar av torsk, raudspette, makrell og sild blei godt utnytta dei to åra. Dei store makrellfangstane i Nordsjø-området må sjåast i samanheng med at Noreg hadde høve til å overføre inntil 100.000 tonn av makrellkvoten nord om 62°N i 2004 og i 2005 til fiske i Nordsjøen (ICES-område IVa). Likeins kunne makrellkvoten vest av 4°V på 11.100 tonn i 2004 og 8.500 tonn i 2005, fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen. Dette forklarer også den låge utnyttinga av Noregs makrellkvote vest av 4°V (sjå tabell 6.4).

Noreg fiska ikkje norsk vårgytande sild (NVG-sild) i Nordsjøen verken i 2004 eller 2005.

Makrell- og sildekvotane fordelast mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i størrelse og art.

6.1.2.2 Norske kvotar i EUs farvatn (EUF) og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk i 2004 og 2005 tildelt kvotar av blåkveite, kveite og uer for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. For desse artane er det ein føresetnad at EU-kvoten skal utnyttast først. Noreg nyttar desse kvotane i så stor grad at med denne føresetnaden kan talet for fangst i enkelte tilfelle vere lik kvotetala slik dei er viste i tabell 6.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane blir avrekna mot Noregs kvotar tildelt av Grønland (sjå tabell 6.6).

Tabell 6.4 Oversikt over Noregs kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar i EUs farvatn, og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
EUF, Nordsjøen:
Torsk14.1144.114566883
Hyse114.43514.679589951
Sei193.80072.40022.27341.593
Kviting11.4102.80014
Raudspette12.1111.6301.2871.575
Makrell137.03228.3611111.176
Sild150.00060.00028.44061.543
Augepål5.0001.00082
Tobis45.0005.00025.5713.612
Brisling15.0001.000--
Reker100---
Hestmakrell1.6001.600220953
Andre artar5.0004.7201.5412.270
EUF, vest om 4°V:
Makrell11.1008.5001110
Kolmule120.000120.000120.652117.407
Blålange3002004535
Lange9.5006.8004.6994.861
Brosme5.0004.0002.1862.393
Pigghå20010001
Håbrann100-20
Kombinert kvote600600--
Blåkveite950145600
Andre artar3.0003.0003.023754
EUGRL, Vestgrønland:
Blåkveite800800800800
Kveite200200926
Skolest/Isgalt o.a.315315198
EUGRL, Austgrønland:
Reker2.8302.7502.8482.750
Blåkveite800800800800
Kveite200200200187
Uer5.2303.5001.151603
Lodde7.0357.035
Skolest/isgalt o.a.28528516452

1 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg størrelsen på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

2 Omfattar ikkje overføringar til Nordsjøen frå andre område. Overføringar til 3. land er heller ikkje trekte frå.

6.1.2.3 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar i EUs farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 6.4. I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy til saman fiske 50.000 tonn av industriartane augepål og tobis i 2004 og 6.000 tonn i 2005. Det er den norske industritrålarflåten (omlag 30-40 fartøy) som fiskar på denne kvoten. Inntil 5.000 tonn augepål kunne fiskast i EU-farvatn vest av 4°V i 2004. Dette skulle avreknast den samla industrikvoten for augepål og tobis. Det blei ikkje fiska augepål vest av 4°V i 2004.

Norske fartøy kunne i tillegg fiske på desse artane utan avgrensingar i norsk økonomisk sone. Samla fiska dei norske industritrålarane i følgje sluttsetelstatistikken 111.840 tonn augepål/kolmule og 48.528 tonn tobis i Nordsjøen i 2004. Tilsvarande sluttseteltal for 2005 var 97.940 tonn augepål/kolmule og 17.341 tonn tobis. Fisket av tobis i EU-sona utgjorde i 2005 ein mindre del av totalfangsten av tobis enn året før, medan det ikkje blei fiska augepål/kolmule i EU-sona av norske industritrålarar verken i 2004 eller i 2005.

Av Noregs kolmulekvote vest av 4°V kunne opptil 40.000 tonn fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa) både i 2004 og 2005. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 500 tonn vassild i 2004 og 2005. I tillegg fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane, i færøysk sone og i eit direkte fiske av mindre omfang i NØS nord om 62°N. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya 957.689 tonn i 2004 og 738.599 tonn i 2005 i desse områda. Fangsttala inkluderer også kolmule som er fiska av industritrålarane i Nordsjøen.

Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange i 2004 og 2005. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4°V (ICES område Vb, VI og VII). I dette fisket kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25 % til kvar tid. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var i 2004 og 2005 avgrensa til 3.000 tonn, og den blei rekna mot den totale kvoten av lange, blålange og brosme, som var på 14.800 tonn i 2004 og 11.000 tonn i 2005.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten gjaldt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest.

50 % av uerkvoten blei overført til og fiska i internasjonalt farvatn. Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar det ikkje er fastsett kvotar for til Noreg i EU-sona. Eit unntak er sjøtunge, som norske fartøy berre kunne ha som bifangst.

Blåkveitekvoten kunne fiskast i EUs farvatn nord om 62°N og vest av 4°V. Fisket vest av 4°V kunne berre utøvast med line. Norske fartøy fiska 60 tonn i 2004 og 0 tonn i 2005.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/Grønland omtalast nærmare i punkt 6.1.6.

6.1.3 Noreg – Færøyane

Tabell 6.5 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i færøysk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
Lange2.234,52.3072.2972.158
Blålange3328
Brosme2.114,51.9072.0841.781
Sei1101509387
Blåkveite75751128
Håbrann/Pigghå300300--
Breiflabb252514
Makrell5.6124.321--
Hestmakrell230230--
Kolmule36.20036.20035.26534.025
Andre artar921910881551

6.1.3.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 6.5. I tabellen er kvoten av lange/blålange ført på lange.

Fisket kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål. Kvoten av andre artar kunne berre fiskast som bifangst. Samla blei det fiska 5.388 tonn botnfisk i færøysk sone i 2004, tilsvarande tal for 2005 var 4.605 tonn botnfisk. Direkte fiske etter blåkveite og breiflabb skal ikkje avreknast kvotane for botnfisk.

I 2004 og 2005 hadde norske fartøy høve til å fiske 75 tonn blåkveite og 25 tonn breiflabb med garn i eit prøvefiske i færøysk sone. Ingen fartøy var lisensierte for dette fisket verken i 2004 eller i 2005. I 2004 blei det til saman fiska 11 tonn blåkveite, og i 2005 blei det fiska 28 tonn. Norske fartøy fiska eitt tonn breiflabb som bifangst i 2004 og 4 tonn i 2005. Det blei heller ikkje starta prøvefiske etter håbrann/pigghå i desse åra, slik det er løyve til.

Norske ringnotfartøy plar fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 35.265 tonn i 2004 og 34.025 tonn i 2005.

6.1.4 Noreg – Grønland

Tabell 6.6 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
Vestgrønland:
Blåkveite650650548589
Austgrønland:
Blåkveite525425242478
Kveite350350158-
Uer825825--
Vest- og Austgrønland:
Torsk600600358595

6.1.4.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2004 og 2005 går fram av tabell 6.6. Fisket etter blåkveite med trål ved Vestgrønland måtte skje sør om 64°30"" N eller nord om 68°N, og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Det deltok 5 trålarar i fisket i 2004 og 2005. I fisket etter blåkveite ved Austgrønland deltok 8 linefartøy og 5 trålarar i 2004, medan 6 linefartøy og 5 trålarar deltok i 2005.

I 2004 og i 2005 var det 17 reketrålarar som tilfredsstilte krava til deltaking i dette fisket ved Austgrønland (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 6.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. Totalt 9 fartøy deltok i rekefisket i 2004, medan 12 fartøy deltok i 2005.

I 2004 blei det fiska 1.151 tonn uer av ei kvote på til saman 6.055 tonn. I 2005 blei det fiska 1.074 tonn uer av ei kvote på til saman 4.225 tonn. Heile kvota på 725 tonn uer kunne fiskast i internasjonalt farvatn (sjå punkt 6.1.9).

I fisket etter kveite ved Austgrønland er det berre høve til å fiske med line. I 2004 og i 2005 fiska 6 linefartøy og dei fiska fritt innanfor totalkvoten.

Før 2003 har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland (Aust- og Vestgrønland). I 2004 blei over halve kvoten utnytta. I 2005 vart så å si heile kvoten utnytta.

6.1.5 Noreg – Island, om fisket etter botnfisk og lodde i islandsk sone

Tabell 6.7 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i islandsk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
Brosme, lange, blålange500500504503
Kveite--56
Uer--1413
Anna--10785
Lodde (Smottholet)17.21319.48117.2132.064

6.1.5.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 6.7. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25 % bifangst av andre artar. Loddekvotane er inkluderte i dei norske loddekvotane for sesongane 2004/2005 og 2005/2006.

6.1.6 Noreg-Grønland-Island; lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

I følgje den gjeldande trepartsavtalen (fiskeriavtalen) for lodde varar sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillate for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone. I sesongen 2004/2005 fiska 73 norske fartøy om vinteren, i motsetnad til sesongen 2005/2006, då berre 6 fartøy fekk fangst.

Tabell 6.8 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2004/05 og 2005/06

  Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Art2004/20052005/20062004/20052005/2006
Lodde103.04733.481100.3282.064

6.1.6.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2004/2005 og 2005/2006 går fram av tabell 6.8.

I sesongen 2004/2005 blei det ikkje opna opp for fiske 20. juni slik avtalen føreset, fordi ein hadde problem med å berekne størrelsen på bestanden. I eit brev frå Fiskeriministeriet på Island av 5. juli blei det føreslått at det skulle opnast for fiske med ein førebels kvote på 335.000 tonn, dvs. 26.800 tonn til Noreg. I kvoteavtalen med EU fekk Noreg overført 15.000 tonn lodde i Grønlands farvatn, men på grunn av den biologiske situasjonen for bestanden og lav TAC, blei kvoten redusert til 7.035 tonn. Frå starten av sesongen 2004/2005 hadde Noreg dermed ein førebels kvote på 51.047 tonn lodde ((335.000 x 8 %) + 7.035 tonn (EU) + 17.213 tonn («Smottholsavtalen»). TAC blei i løpet av sesongen auka til 985.000 tonn, slik at norsk totalkvote for sesongen 2004/2005 til sist utgjorde 103.047 tonn.

For sesongen 2005/2006 har det vore ein uvanleg situasjon med omsyn til loddebestandane ved Jan Mayen, Grønland og Island. Det blei ikkje opna for fiske sommaren 2005 på grunn av problem med å estimere størrelsen på bestanden. I brev av 31. januar 2006 frå Fiskeriministeriet på Island blei det foreslått å sette TAC på 100.000 tonn. I samhøve til avtalen om fiske i Barentshavet av 15. mai 1999 blei det overført 16.681 tonn av Island si kvote til Noreg. Noreg si kvote blei då 24.681 tonn, av dette kunne norske fartøy fiske 19.481 tonn i Islandsk sone (35% av 8.000 tonn + 16.681 tonn). 3. februar 2006 blei TAC økt til 210.000 tonn, norsk kvote blei då 33.481 tonn. Av dette kunne 22.561 tonn fiskast i Island si sone (35% av 8.800 tonn + 19.481 tonn). Norske fiskarar fekk då lov til å fiske sør til 64°N.

Trepartsavtalen gjaldt for sesongen 2004/2005, og dei 17.213 tonna frå «Smottholsavtalen» kunne også fiskast i sesongen 2004/2005. EU-kvoten på 7.035 tonn skulle derimot fiskast i kalenderåret 2004. Dei same vilkåra gjeld for sesongen 2005/2006. Noreg fekk imidlertid ikkje kvote av EU i 2005. Ein føreset at det først blir fiska på ein eventuell EU-kvote, deretter «smottholskvoten» og kvoten etter trepartsavtalen.

Til saman blei det fiska 100.328 tonn i sesongen 2004/2005 av totalt 76 ringnotfartøy. Dei tilsvarande tala for sesongen 2005/2006 var 2.064 tonn fiska av 6 ringnotfartøy.

6.1.7 Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 6.9 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
Torsk127127133121
Hyse20016915193
Kviting27271613
Raudspette1901527680
Sild9.33612.8041.4014.388
Makrell--789657
Brisling3.7503.7501.098712
Reker4.9914.9914.6364.419

6.1.7.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 6.9. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fiske utanfor grunnlinja. I 2004 blei det fiska 673 tonn torsk innanfor grunnlinja, medan det tilsvarande talet for 2005 var 638 tonn.

For sei og makrell blei kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU. I 2004 og 2005 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak. Det var norske kystfartøy som fiska makrell i Skagerrak.

I 2004 blei sildekvoten delt med 3.000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga gjaldt i 2005. Brisling blei fiska av kystbrislingflåten, mens rekekvoten blei fiska av kystreketrålarane.

6.1.8 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Tabell 6.10 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar1 i det nordvestlege Atlanterhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
Torsk----
Lodde----
Uer----
Reker 3M--10.743184
Reker 3L145145148144

1 Fangsttala er innmeldte tal til Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet.

6.1.8.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 6.10. Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske. I 2000 fiska norske fartøy for første gong uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har også høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har utvikla seg til å bli eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland. Rekefisket blei innsatsregulert i 1996. Både i 2004 og 2005 hadde norske fartøy høve til å fiske reker i 1.985 døgn i NAFO-underområde 3M. Dette fisket kunne utøvast med opptil 32 fartøy. I begge åra hadde eitt norsk fartøy i tillegg høve til å fiske 145 tonn i område 3L. I 2004 fiska i alt 5 reketrålarar i 3M med til saman 813 fangstdøgn. Totalfangsten blei då 10.743 tonn. Tilsvarande tal for 2005 var 2 fartøy som fiska til saman 184 tonn i løpet av 17 døgn. Årsaka til nedgangen er lågare interesse på grunn av auka pris på drivstoff, lågare rekeprisar og styrka kronekurs. I 2004 fiska eitt norsk fartøy heile kvoten på 145 tonn i 3L. Denne kvoten vart nytta fullt ut også i 2005.

6.1.9 Norsk fiske i Irmingerhavet

Tabell 6.11 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i Irmingerhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
Uer7.6757.1577.6503.782

6.1.9.1 Kommentarar til oversikta

Noregs kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 6.11. Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før i 1996. I 2004 og 2005 tok høvesvis 6 fartøy og 4 fartøy del i uerfisket. I kvoten for 2004 inngår ei overføring på 725 tonn av kvoten frå Grønland til eit fiske i grønlandske farvatn, og ei overføring av halve kvoten frå EU til eit fiske i grønlandske farvatn. Nedgangen i fangst skuldast i hovudsak ein kombinasjon av høge prisar på drivstoff og dårlegare fiske.

6.1.10 Norsk vårgytande sild

Frå og med 1997 blei firepartsavtalen frå 1996 (Færøyane, Island, Russland og Noreg) ein fempartsavtale ved at EU også blei inkludert i prosessen med å fastsetje totalkvote og fordele denne, i tillegg til at EU fekk delta i fisket saman med dei fire andre partane.

Tabell 6.12 Oversikt over kvotar og fangstar etter overføringar.

NasjonKvote (tonn)Fangst (tonn)
  20042005200420051
EU71.54289.53767.20478.959
Færøyane45.05568.00043.74165.243
Grønland4.4603.790
Island128.207157.700100.731151.604
Noreg470.250578.500477.077583.020
Russland112.336121.218115.876122.607
Totalt827.3901.014.955809.0891.005.223

1 Fangsttala er førebelse og er dels innrapporterte frå deltakande land i oktober 2005, og dels henta frå førebelse sluttseteltal.

Tabell 6.13 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2004

Nasjon/SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenSvalbardNØSTotalt
EU49.08913.9634.15267.204
Færøyane17.5756295025.14634143.741
Grønland4.4604.460
Island46.8645.29648.571100.731
Noreg953476.124477.077
Russland29.2976523.12082.807115.876
Totalt148.23814.5927025.29680.989559.272809.089

Tabell 6.14 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2005

Nasjon/SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenSvalbardNØSTotalt
EU66.1443.7731.4067.63678.959
Færøyane28.13825013.3345.27018.2331865.243
Grønland1.5008901.4003.790
Island84.3274.94538.60923.723151.604
Noreg1.0491.660580.311583.020
Russland7.2009947035.23279.606122.607
Totalt188.3584.02320.67443.87947086.484661.3351.005.223

1 Fangsttala er førebelse og er dels innrapporterte frå deltakande land i oktober 2005, og dels henta frå førebelse sluttseteltal.

6.1.10.1 Kommentarar til oversikta (tabellane 6.12, 6.13 og 6.14):

Partane blei ikkje samde om ein fempartsavtale verken i 2004 eller i 2005. Noreg inngjekk avtale med Russland i 2004 og 2005.

Noreg opna for eit fiske på inntil 80.000 tonn i Svalbardsona i 2004 og 90.000 tonn i 2005.

Noreg har i dei siste åra nytta kvoten sin fullt ut. Både i 2004 og 2005 blei kvoten stort sett fiska i NØS, medan eit lite kvantum blei fiska i internasjonalt farvatn og i Svalbardsona.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone i 2004 og 2005. I tillegg fiska Russland ein del sild i internasjonalt farvatn og i Svalbardsona.

Island fiska meir i internasjonalt havområde i 2003 enn i 2004. I 2004 fiska islendingane ca. 5.300 tonn i si eiga sone, medan dei fiska ca. 38.600 tonn i 2005.

Det færøyske fisket har føregått i dei fleste sonene både i 2004 og 2005.

EU utnytta ca. 94 % av kvoten i 2004 og ca. 88 % av kvoten i 2005.

6.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2004 og 2005

6.2.1 Russland – Noreg

6.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har som nemnt felles forvaltning av artane torsk, hyse og lodde. Oversikta for 2004 og 2005 viser Russlands kvotar og fangstar av desse artane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til 3. land. (Sjå tabell 6.15). Russisk forskingsfangst går ikkje fram av tala.

Tabell 6.15 Russiske kvotar og fangstar1 på ­fellesbestandane i Barentshavet etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
Torsk192.600185.700189.720193.3972
Hyse57.50051.30052.49346.715
Lodde----

1 Tala er førebelse tal rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter.

2 Inkludert fangst av Murmansktorsk.

Tabell 6.16 Oversikt over Russlands kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
NØS N 62°N:
Torsk140.000140.00054.41544.464
Hyse20.00020.00011.96410.827
Sei10.00010.0007.6247.034
Blåkveite--348269
Steinbit2.0002.0001.9742.190
Uer1.0001.000524502
Snabeluer1.0001.000691744
Kolmule50.00050.0008.94612.547
Lodde----
Andre artar3.0003.000278356
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Reker----
Sild---476
Kolmule--3.56616

6.2.1.2 Kommentarar til oversikta

Russlands kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.16. Av torskekvoten i NØS i 2004 blei 39 % fiska. Tilsvarande tal for 2005 var 32 %. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 60 % i 2004 og 54 % i 2005.

Sei-, snabeluer- og uerkvotane kunne berre nyttast til bifangst i 2004 og 2005, medan steinbitkvotane skulle dekkje både direkte fiske og bifangst. Kolmulekvoten kan også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. Russland fiska 3.566 tonn kolmule i fiskerisona ved Jan Mayen i 2004, medan dei berre fiska 16 tonn i 2005.

Kvoten av andre artar for 2004 og 2005 er ikkje spesifisert.

6.2.2 EU – Noreg

6.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU som nemnt felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EUs kvotar på konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 6.18. EUs kvotar og fangstar 2 av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til 3. land i 2004 og 2005, går fram av tabell 6.17.

Tabell 6.17 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU, og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
Torsk22.65922.65920.37120.480
Hyse61.60951.32144.89244.885
Sei91.20069.60039.08142.601
Kviting14.40025.2009.31710.243
Raudspette58.88957.37059.01553.456
Makrell20.48516.20322.14519.392
Nordsjøsild326.600379.850321.999370.564

Kvotane for sei og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak. I 2004 og 2005 blei makrellkvoten fullt utnytta. Også sildekvoten blei godt utnytta i 2004. EUs fangstar av makrell blir kommenterte i punkt 6.2.2.2.

Tabell 6.18 Oversikt over EUs kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
NØS, N 62°N:
Torsk20.12019.49920.02219.499
Hyse2.0002.2601.9602.207
Sei3.6003.6002.9413.072
Blåkveite1001003641
Uer250750105165
Snabeluer250750118177
Makrell11.1008.500--
Andre artar4504503278
NØS, Nordsjøen1 :
Torsk220.21020.1054.7365.042
Hyse246.78438.93610.78811.151
Sei292.39070.54714.27314.880
Kviting29.94617.263339387
Raudspette230.00030.0002.5672.716
Makrell218.83414.65324.95721.154
Nordsjøsild251.07651.10218.44010.229
Augepål350.8005.8003.621248
Kolmule419.00019.0009.4217.820
Tobis131.00010.0006.7813.850
Reker1.0511.0511.035645
Andre artar11.00011.0006.8157.740
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule1.0001.000--

1 EUs kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2004 og 2005 sett saman av to kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg og avtalen mellom Sverige og Noreg. Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert under 6.2.7.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg størrelsen på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 EU kan i 2004 fiske 40.000 tonn av denne kvoten som tobis

4 Bifangst i augepålfisket

Som nemnt i punkt 6.1.2.2 om norske kvotar på fellesbestandane merka (*) i EU-sona, syner tabell 6.18 på tilsvarande måte kor mykje EU og Noreg er samde om at EU-fartøy kan fiske i NØS.

6.2.2.2 Kommentarar til oversikta

EUs kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 6.18. Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62°N som tilsvarer 4,14 % av TAC for norsk-arktisk torsk. I åra 2004 og 2005 har EU nytta torsk-, sei-, hyse- og blåkveitekvotane nord om 62° N svært godt.

EUs makrellkvote nord om 62°N kunne også fiskast sør om 62°N i ICES-område IVa i 2004 og 2005. Dette forklarer avvika mellom kvote og fangsttal for Nordsjøen. EUs kvote av blåkveite og samlekvoten for andre artar nord om 62°N er bifangstkvotar.

EUs fangstar i NØS sør om 62°N som del av EUs samla fangstar utgjer i 2004 og 2005 desse prosentane: for torsk 23 % og 25 %, for hyse 24 % og 25 %, for sei 36% og 35 %, for kviting 4 % og 4 % og for raudspette 4 % og 5 %.

EUs samla makrellkvote i NØS var på 29.934 tonn i 2004 og 23.153 tonn i 2005. EU utnytta 83 % av denne kvoten i 2004 og 93 % i 2005. EUs fangstar av sild i NØS i Nordsjøen utgjorde 6 % av dei samla fangstane i 2004 og 3 % i 2005.

I 2004 og 2005 fekk EU ein eigen kvote på kolmule i NØS sør om 62N. EU fekk i 2004 samstundes rett til å fiske 40.000 tonn av kvoten på augepål som tobis. Utnyttingsprosenten på kolmule var 50 % i 2004 og 41 % i 2005. Kvoten på augepål og kvoten på tobis blei utnytta med høvesvis 7 % og 5 % i 2004 og 4 % for begge artane i 2005.

EU utnytta 62 % av kvoten på andre artar i Nordsjøen i 2004 og 70 % i 2005.

6.2.3 Færøyane – Noreg

Tabell 6.19 Oversikt over Grønlands kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
NØS, N 62°N:
Torsk5.0405.3405.0484.910
Hyse1.0101.1201.0031.100
Sei925925891817
Andre artar15015060110
NØS, Nordsjøen:
Torsk--4250
Sei1.0001.000799897
Andre artar1001003649

6.2.3.1 Kommentarar til oversikta

Færøyanes kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.19. Færøyanes kvotar på torsk, hyse og uer nord om 62°N var samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av Færøyanes kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2004 utgjorde kvotane frå Noreg 2.175 tonn torsk, 770 tonn hyse, 632 tonn sei og 50 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg i 2005 var på 2.108 tonn torsk, 693 tonn hyse, 892 tonn sei og 50 tonn andre artar. Differansen mellom kvotane i oversikta i tabell 6.19 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane fekk fiske i NØS av kvotane dei hadde i russisk økonomisk sone

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra blitt fiska i Nordsjøen.

Færøyanes seikvote sør om 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten.

Kvotane på hestmakrell og håbrann/pigghå kan også fiskast nord om 62°N.

Både i 2004 og 2005 har Færøyane fiska kvotane av torsk og hyse i NØS nord om 62°N. Makrellkvoten blei nytta fullt ut både i 2004 og 2005. Det stod att ein del av seikvoten sør for 62°N både i 2004 og 2005.

6.2.4 Grønland – Noreg

Tabell 6.20 Oversikt over Færøyanes kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
NØS, N 62°N:
Torsk5.1754.5375.1884.537
Hyse870675870675
Sei6328927081.192
Blåkveite319
Uer2937
Kolmule500500--
Lodde----
Makrell11.0578.514--
Andre artar200200-18
NØS, Nordsjøen:
Sei1.1001.415596472
Nordsjøsild700700531756
Augepål8.000-1.05724
Kolmule8.00016.8006.4833.875
Tobis3.000-50-
Brisling500500--
Makrell--11.0728.612
Hestmakrell1.0001.00010235
Håbrann/pigghå3003000-
Andre artar2802808781
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule100100--
Reker5050--

6.2.4.1 Kommentarar til oversikta

Grønlands kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.20. Grønland har nytta torske, hyse- og seikvotane godt i 2004 og 2005. I 2004 overførte Grønland torske- og hysekvotar tildelte frå Russland til NØS på høvesvis 3.140 tonn og 690 tonn. I 2005 var netto overføringar høvesvis 3.500 tonn torsk og 820 tonn hyse frå RØS til NØS.

I 2004 og 2005 fiska eitt fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen. Sjå tabell 6.20.

6.2.5 Island – Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord om 62°N på 4.506 tonn i 2004 og 4.367 tonn i 2005 som eit resultat av «Smottholsavtalen». Sjå tabell 6.21.

Tabell 6.21 Oversikt over Islands kvotar og fangstar i 2004 og 2005.

ArtKvotar (tonn)Fangst (tonn)
  2004200520042005
Torsk4.5064.3674.3914.144
Hyse1--548392
Sei1--302365
Anna1--5230

1 Bifangst inntil 30 %

6.2.6 EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

Tabell 6.22 Oversikt over EUs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
Torsk3.7733.7733.6833.647
Hyse4.5553.8491.342883
Kviting1.4731.473162117
Raudspette9.3107.4487.3585.488
Nordsjøsild60.66483.19655.31080.980
Brisling46.25046.25029.82542.545
Reker5.7195.7195.1384.338

6.2.6.1 Kommentarar til oversikta

EUs kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 6.22. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.

Tabell 6.22 syner at EU nyttar dei fleste kvotane i Skagerrak/Kattegat godt. På autonomt grunnlag kvoteregulerar EU også andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse bestandane er tunge, lysing og sjøkreps.

6.2.7 Sverige – Noreg

Tabell 6.23 Oversikt over Sveriges kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2004200520042005
NØS, Nordsjøen:
Torsk516411185261
Hyse956761160136
Sei1.1909471.3131.377
Kviting1901901639
Industrifisk800800508798
Makrell2143152.7471.499
Nordsjøsild1.0761.1021.6823.611
Reker151151148143
Andre artar--10899

6.2.7.1 Kommentarar til oversikta

Sveriges kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.23. I oversikta er fangstane av kviting og lyr samla under kviting. Fangstane av lyr utgjorde 15 tonn i 2004 og 39 tonn i 2005. Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell, av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2004 fiska svenske fartøy 508 tonn industrifisk, medan dei i 2005 fiska 798 tonn. I 2004 og 2005 blei det ikkje fiska hestmakrell i NØS.

I samband med at Sverige blei medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EUs kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige. Sveriges kvotar tildelte av EU forklarer kvifor Sverige tilsynelatande har overfiska nokre av kvotane som er presenterte i tabell 6.23.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

6.2.8 Rekefisket ved Svalbard

I 1996 blei rekefisket ved Svalbard regulert gjennom fastsetting av grenser for innsats i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg, Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, blei rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa også regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tall tilletne fiskedøgn redusert med 30 % frå 1. januar 2006.

Tabell 6.24 Oversikt over fangst av reker ved ­Svalbard

  Fangstar(tonn)Maksimalt tilletne fiskedøgn
Land2004200520042005
EU2831179115431543
Færøyane2170252813171317
Grønland--643643
Noreg286382959482798279
Island--100100
Russland224342946524652
Canada--154154

Fotnotar

1.

Alle fangsttala er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

2.

Fangsttala er innmeldte til Fiskeridirektoratet.

Til forsida