St.meld. nr. 34 (2003-2004)

Om samarbeidet i NATO i 2003

Til innhaldsliste

3 Sluttkommuniké frå møte i Det nordatlantiske rådet ved forsvarsministrane i Brussel 12. juni 2003

  1. Det nordatlantiske rådet møttest i Brussel ved forsvarsministrane i dag for å føre vidare visjonen frå toppmøtet i Praha om ein omdanna Allianse med tilstrekkelege kapasitetar til å utføre alle sine oppdragstypar. Vi går framleis inn for ei rask gjennomføring av alle vedtaka frå Praha. NATO er grunnlaget for det kollektive forsvaret og det sentrale transatlantiske tryggings- og drøftingsforumet for allianselanda. Vi var svært nøgde med at kollegane våre frå dei sju landa som er inviterte til å bli med i Alliansen, tok del i alle diskusjonane.

  2. Evna til å utføre operasjonar er avgjerande for at Alliansen skal kunne tryggje medlemslanda sett under eitt. NATO har framleis store styrkar utplasserte på Balkan for å støtte freden og stabiliteten der. Sjøstridskrefter frå NATO utfører antiterrortiltak i Middelhavet. Alliansen har nettopp stansa utplasseringa av styrkar og kapasitetar for å forsvare Tyrkia mot eventuelle åtak frå Irak. Frå august 2003 vil NATO, i samsvar med det eksisterande FN-mandatet, ta over leiinga av den internasjonale tryggingsstyrken i Kabul ved å ta på seg strategisk koordinering, kommando og kontroll, og såleis medverke sterkt til det internasjonale engasjementet for å byggje opp eit fredeleg og demokratisk Afghanistan. NATO har òg sagt ja til oppmodinga frå Polen om å støtte landet i den rolla det tek på seg i stabiliseringa av Irak i sommar.

  3. NATO vil framleis spele ei avgjerande rolle i det regionale tryggingsarbeidet ved å vidareføre pågåande operasjonar og PFP-program og ved å samarbeide med EU. NATO-oppdraga i den strategisk viktige Balkan-regionen held fram, og blir tilpassa etter kvart som stabiliteten og tryggingssituasjonen betrar seg. Dei NATO-leidde styrkane på Balkan er og vil vere under omstrukturering, og vil bli reduserte i tal etter kvart som framgangen tillet det. NATO og EU arbeider med å skape ei ramme for auka dialog og samordning av arbeidet for tryggleik og stabilitet på Vest-Balkan. Vi gler oss over at Berlin Pluss-ordningane for første gong er sette ut i livet i form av støtte til EU-operasjonen Concordia i den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, eit oppdrag som avløyser den vellukka NATO-operasjonen Allied Harmony. Gjennom det auka samarbeidet med EU får vi vist vår vilje til å følgje opp den strategiske partnarskapen som dei to organisasjonane har avtala. Utviklinga av denne partnarskapen mellom NATO og EU er viktig for den framtidige stabiliseringa av Balkan, og planlegginga framover bør ta omsyn til dette. Vi ser fram til den felles krisehandteringsøvinga mellom NATO og EU som skal haldast i november 2003.

  4. Vi uttrykkjer vår djupe takk til dei som har gjort eller gjer teneste i NATO-leidde operasjonar, særleg dei som er blitt skadde. Vi uttrykkjer på ny vår djupe medkjensle med familiane til dei som har mist livet. Vi er takksame overfor NATO-partnarane og andre nasjonar for dei viktige bidraga dei har ytt og framleis yter til den felles innsatsen.

  5. Styrkane våre må kunne utføre eller støtte operasjonar overalt der Alliansen vedtek det for å sikre fellestryggleiken og fellesforsvaret. Å lukkast med dette er grunnleggjande avhengig av at Alliansen har effektive kapasitetar. Vi har gjeve ei eiga fråsegn om diskusjonane vi har ført og vedtaka vi har gjort i samband med dette. Saman med dei inviterte landa har vi òg gått gjennom og merkt oss framgangen desse gjer i dei forsvarsmessige og militære reformene som er nødvendige og i arbeidet med å førebu seg meir generelt på dei forsvarsmessige aspekta ved medlemskap i Alliansen.

  6. Å finne motsvar mot terrorismen er ei kritisk utfordring som dei militære styrkane våre må vere førebudde på. Hendingar i det siste har vist at terrorismen framleis er ein alvorleg trussel mot våre innbyggjarar, styrkar og territorium og mot tryggleiken på internasjonalt plan, og vi er som før fast bestemte på å kjempe mot terrorismen så lenge det trengst. Vi gler oss over framgangen i arbeidet med å styrkje NATO-kapasitetane på dette området. Som forsvarsministrar rosar vi særleg arbeidet som er gjort for å gjennomføre NATO sitt militære konsept for forsvar mot terrorisme. Det er utvikla eit operasjonskonsept som legg grunnlaget for meir detaljerte planar, prosedyrar og tiltak på dette området. Vi innser likevel at det må gjerast mykje meir, også i form av intensivert samarbeid med partnarane våre.

  7. NATO-partnarskapane er eit direkte og uunnverleg bidrag til fred og stabilitet i det euroatlantiske området. Vi legg framleis stor vekt på Det euroatlantiske partnarskapsrådet og Partnarskap for fred og på dei særskilde partnarskapane med Den russiske føderasjonen, Ukraina og landa som er med i Middelhavs-dialogen, og går heilt og fullt inn for ei snarleg gjennomføring av dei aktuelle Praha-vedtaka med sikte på å styrkje og vidareutvikle desse. Dei ulike arbeidsprogramma og gjennomføringsplanane vil vere robuste og framtidsretta og ta omsyn til behova til partnarar som søkjer tettare samarbeid med Alliansen. Vi forpliktar oss òg til å gjennomføre dei militære og forsvarsrelaterte sidene ved arbeidsprogrammet for NATO-Russland-rådet og til å hjelpe Ukraina med å gjennomføre NATO-Ukraina-handlingsplanen og den årlege målplanen til Ukraina.

  8. Vi sluttar heilt og fullt opp om fråsegnene frå utanriksministerkollegane våre i desse og andre saker tidlegare denne månaden.

Til forsida