St.meld. nr. 46 (2000-2001)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2000

Til innhaldsliste

6 Nedrusting og rustingskontroll

6.1 Kjernefysisk rustingskontroll

Den russiske ratifiseringa av START II-avtalen i mai 2000 og utsiktene for forhandlingar om ein START III-avtale var sentrale i dei allierte drøftingane om kjernefysisk nedrusting og rustingskontroll i 2000. Den manglande amerikanske fullføringa av ratifikasjonsprosessen for START II-avtalen innebar likevel at avtalen ikkje tredde i kraft.

USA gav fleire orienteringar om planane for eit avgrensa nasjonalt rakettforsvar og forholdet til ABM-avtalen. USA konsulterte òg dei andre allierte i dette spørsmålet.

6.2 Tiltak mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen

På grunnlag av den breie semja i alliansen om å styrkje innsatsen for å avgrense spreiinga av masseøyeleggingsvåpen ( Weapons of Mass Destruction - WMD) og leveringsmiddel for slike våpen, fortsette arbeidet med gjennomføringa av det såkalla WMD-initiativet frå toppmøtet i Washington i 1999. Initiativet tek sikte på å sikre at alliansen har den naudsynte politiske og militære evna til å handtere dei utfordringane spreiing av slike våpen og leveringsmiddel utgjer.

Eitt av dei konkrete resultata av initiativet var opprettinga av eit eige senter for desse spørsmåla i NATO-hovudkvarteret, det såkalla WMD-senteret. Senteret bidreg til å samordne aktivitetane på dette feltet innan alliansen.

Dei ulike aktuelle komiteane fortsette arbeidet med gjennomgangen av NATO-bidraget til ikkjespreiing og nedrusting som også vart sett i gang under Washington-toppmøtet. I lys av dei overordna strategiske endringane og kjernevåpna si reduserte rolle var oppdraget å leggje fram alternativ for ytterlegare tiltak frå alliansen si side på områda tillitsskapande og tryggingsstyrkjande verksemd, verifikasjon, ikkjespreiing, rustingskontroll og nedrusting.

Resultata av prosessen vart lagde fram for ministrane under møta i desember. Her vert det foreslått tiltak mellom anna knytt til kjernevåpenstrategi, tillitsskapande tiltak i samarbeid med Russland, openheit, støtte til traktaten om ikkjespreiing (NPT), spørsmål om rustingskontroll i verdsrommet, konsultasjonar med Russland, Ukraina, NATO-partnarlanda og deltakarane i middelhavsdialogen, informasjon om andre internasjonale aktørar sine aktivitetar på dette området, CFE-prosessen og andre spørsmål i samband med konvensjonell rustingskontroll og handvåpen og antipersonellminer.

Frå norsk side vart det under drøftingane lagt vekt på ønsket om ein omfattande og grundig gjennomgang av NATO-innsatsen på dette området i tråd med retningslinjene frå det reviderte NATO-strategikonseptet frå 1999.

Frå alliansen si side var det eit klart ønske om å gjenopne dialogen med Russland om dei felles utfordringane NATO og Russland står overfor når det gjeld masseøydeleggingsvåpen. Etter Kosovo-konflikten trekte Russland seg frå denne dialogen, men i november vart det på ny halde slike drøftingar. Det vellukka møtet vil verte følgt opp med fleire slike drøftingar mellom NATO og Russland.

Den politisk-militære seniorgruppa for spreiingsspørsmål (SGP) heldt fram med sin styrkte aktivitet og drøfta mellom anna utviklingsprogram for masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel i aktuelle land, bilaterale program for destruksjon og forsvarleg handtering av masseøydeleggingsvåpen i enkelte partnarland og SGP sitt bidrag til alliansearbeidet med ikkjespreiingstiltak.

Høgnivågruppa for forsvarsrelatert samarbeid om spreiingsspørsmål (DGP) fortsette drøftingane om ein database for spreiingsrelatert informasjon og seminar som kan auke kunnskapen om spreiingsrelaterte problemstillingar blant avgjerdstakarar i dei ulike miljøa som arbeider med slike spørsmål.

NATO har også ei rolle som forum for konsultasjonar om spørsmål som er til behandling i nedrustingskonferansen i Genève, i 1. komité under generalforsamlinga i FN og i andre fora. I 2000 vart det gjennomført særskilde konsultasjonar før og etter tilsynskonferansen for ikkjespreiingsavtalen (NPT), som fann stad på våren.

6.3 Konvensjonell nedrusting - CFE-avtalen

Avtalen om konvensjonell nedrusting i Europa (CFE-avtalen) er sentral i det allierte samarbeidet på området for rustingskontroll. CFE-avtalen tok til å gjelde 17. juli 1992. I tilknyting til eit OSSE-toppmøte i Istanbul underteikna stats- og regjeringssjefane i dei tretti CFE-medlemsstatane 19. november 1999 ein tilpassa CFE-avtale. Avtalen tek omsyn til dei politiske endringane i Europa etter slutten på den kalde krigen. Den tilpassa avtalen inneber mellom anna eit mindre styrketal hos avtalepartane, meir utveksling av informasjon, eit betre verifikasjonsregime og ei opning for at andre statar kan slutte seg til avtalen. Flankeregimet er av særleg interesse for Noreg. Ein har klart å føre vidare eit juridisk bindande regime i den tilpassa avtalen. I ei bilateral brevveksling mellom Noreg og Russland pliktar ein seg dessutan frå russisk side til å vere tilbakehalden med utplassering av styrkar i Leningrad militærdistrikt.

Så langt har ikkje meir enn to statar (Kviterussland og Ukraina) ratifisert den tilpassa avtalen. Prosessen med å ratifisere har enno ikkje teke til på NATO-sida på grunn av at Russland framleis ikkje oppfyller Istanbul-krava, mellom anna med omsyn til avtaleavgrensa materiell i flankesona. Det er såleis enno den gamle avtalen som i hovudsak er grunnlaget for rustingskontroll i Europa og for koordineringa i NATO.

Dei allierte førebur seg no på ein tilsynskonferanse som skal haldast i Wien i mai 2001, og drøftar felles posisjonar i høgnivågruppa for konvensjonell nedrusting og rustingskontroll. Målet med tilsynskonferansen skal vere å løyse uteståande problem av teknisk karakter og å drøfte implementering av CFE-avtalen.

Koordinering blant dei allierte er også viktig på verifikasjonsområdet. I tillegg til dei jamlege møta i Verifikasjonskomiteen (VCC) vert det årleg avvikla eit seminar der problem og utfordringar i gjennomføringa av avtalen vert inngåande drøfta.

6.4 Opne luftrom

Då Ukraina ratifiserte avtalen om det opne luftrom ( Open Skies) i april 2000, var dette eit viktig steg mot iverksetjing av avtalen. Manglande ratifikasjon frå Open Skies-alliansen Russland/Kviterussland representerer no det einaste hinderet før retningslinjene i avtalen kan iverksetjast fullt ut. Signala frå Russland i 2000 må likevel oppfattast som langt meir positive enn tidlegare.

I påvente av at avtalen skal tre i kraft, pågår det eit omfattande bilateralt samarbeid mellom signatarstatane. Såleis gjennomførte Noreg og Ukraina avtalefesta overflygingar av territorium hos kvarandre i 2000.

Til forsida