St.prp. nr. 16 (2005-2006)

Endringar på statsbudsjettet 2005 under Moderniseringsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Nærmare om forslaga

Kap. 1500 Moderniseringsdepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Tilføying av stikkordet «kan overførast”

Løyvinga under denne posten vert bl.a. nytta til utgreiingar og oppdrag som Moderniserings­departementet sjølv ikkje har kompetanse og/eller kapasitet til å utføre. Vidare vert posten nytta til ei rekkje prosjekt, tilretteleggingar av nye ordningar og tiltak innan fornying av offentleg sektor, dokumentasjon og kritiske analysar, brukarundersøkingar, forsking og utvikling mv. For 2005 er det òg sett av midlar under denne posten til eit prosjekt for sikring av regjeringsbygningar og områda rundt regjeringskvartalet. Prosjektet vil medføre ei rekkje innkjøp og er venta å vare 2-3 år.

Det vert gjort framlegg om at posten får stikkordet «kan overførast».

Kap. 1522 Statens forvaltningsteneste

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Produksjonen av Norsk lysingsblad er lagd om og frå 01.07.2005 vert Norsk lysingsblad og Innkjøpsbilaget berre produsert elektronisk. Denne løysinga fører til at kostnadene på post 21 vert reduserte med 9,424 mill. kroner i 2005.

Det vert gjort framlegg om å redusere løyvinga med 9,424 mill. kroner til 32,162 mill. kroner i 2005.

Kap. 4522 Statens forvaltningsteneste

Post 04 Inntekter – Norsk lysingsblad

Omlegginga av produksjonen av Norsk lysingsblad til elektronisk form, fører til at abonnementsinntektene vert reduserte med 8,369 mill. kroner.

Det vert gjort framlegg om å redusere løyvinga med 8,369 mill. kroner til 7,7 mill. kroner i 2005.

Kap. 1544 Bustadlån til statstilsette

Post 90 Lån

I samband med behandlinga av St.prp. nr. 65 (2004-2005) vart det lagt til grunn utbetaling av 100 nye lån pr. veke, medan tal til no i år viser gjennomsnittleg 70 nye lån pr. veke. Ein ventar likevel ein viss auke i låneetterspørselen i 4. kvartal 2005. Basert på erfaringstal er det venta at færre lån vert innfridde i år enn ein tidlegare har gjort rekning med. Samla fører dette til ein reduksjon av løyvingsoverslaget på kapitlet.

Det vert gjort framlegg om at løyvinga vert redusert med 400,0 mill. kroner til 100,0 mill. kroner.

Kap. 4546 Yrkesskadeforsikring

Post 01 Premieinntekter

Oppdaterte overslag over premieinntektene inneber ein reduksjon med 4,0 mill. kroner i forhold til revidert nasjonalbudsjett 2005, jf. St.prp. nr. 65(2004-2005) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet medrekna folketrygda. Nedjusteringa av overslaget er gjord på grunnlag av netto kreditering av kundar i samband med avrekningar for 2004, og eit oppdatert fakturagrunnlag for 2005 knytt til tal årsverk og risikoklassar.

Ein gjer framlegg om at løyvinga vert redusert med 4,0 mill. kroner til 172,0 mill. kroner.

Kap. 4547 Gruppelivsforsikring

Post 01 Premieinntekter

Oppdaterte overslag over premieinntektene inneber ein auke med 3,0 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving. Overslaget er auka på grunnlag av fakturering av kundar i samband med avrekningar for 2004 og eit høgare fakturagrunnlag for 2005 knytt til ein auke i talet på årsverk.

Det vert gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 4547 post 01 med 3,0 mill. kroner til 43,0 mill. kroner.

Kap. 2470 Statens Pensjonskasse

Post 24 Driftsresultat

Det vert gjort framlegg om å redusere driftsresultatet under kap. 2470 post 24, med 0,534 mill. kroner som følgje av auka avskrivingar. Auken i avskrivingar for SPKs forretningsverksemd medfører ein tilsvarande auke på inntektssida i statsbudsjettet, kap. 5491 Avskriving på statens kapital i statens forretningsdrift, post 30 Avskrivingar.

Det vert gjort framlegg om at kap. 2470 post 24, vert auka med 0,534 mill. kroner i 2005.

Kap. 1582 Utvikling av Fornebuområdet

Post 30 Investeringar på Fornebu, kan overførast

Løyvinga på posten knytt til infrastrukturarbeidet, vart redusert med 47 mill. kroner til 33,9 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2005, jf. St.prp. nr. 65 (2004-2005). Det har i ettertid oppstått eit behov for opprydding av landområda på marinaene. Dette er ein kostnad det ikkje er teke omsyn til i budsjettet for 2005.

Oppryddinga av landområda på marinaene må tilpassast drifta. Drifta av marinaene omfattar blant anna båtopptak/utlegging og er venta avslutta før oktober 2006. I tillegg må det gjerast restutgraving av forureina masse inntil eit fyrhus i Dumpa-området (tidlegare verkstadområde for flyselskapa på Fornebu).

På denne bakgrunnen vert det gjort framlegg om at løyvinga under kap. 1582 post 30 vert auka med 10 mill. kroner, frå 33,9 mill. kroner til 43,9 mill. kroner.

Kap. 5446 Sal av eigedom, Fornebu

Post 01 Leigeinntekter, Fornebu

Medan ein ventar på sluttføring av sal, er ein del leigeforhold forlengde. Dette gjeld utleige til Fornebu Marina og Mar-Tek fram til eigedomane vart overdregne til ny eigar 1. september. I tillegg gjeld det utleige av nokre tomteareal utanfor salsområdet fram til mai/juni 2006. Det vert difor gjort framlegg om ei løyving på kap. 5446 post 01 på 1,0 mill. kroner.

Post 40 – Salsinntekter, Fornebu

Dei budsjetterte inntektene ved sal av Hunsund, posthuset i Martin Linges veg og marinaområdet er baserte på takstar frå 2004. Dei avtalte salssummane er 104,6 mill. kroner høgare enn budsjettert.

På denne bakgrunnen vert det gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 5446 post 40 med 104,6 mill. kroner, frå 233,9 mill. kroner til 338,5 mill. kroner.

Til forsida