St.prp. nr. 18 (2002-2003)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2002 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 3900)

Post 01 Driftsutgifter

Nærings- og handelsdepartementet har hatt ein spesialutsending for skipsfartspolitikk og WTO- saker knytt til den norske delegasjonen i Geneve under Utanriksdepartementet. Nærings- og handelsdepartementet overførte budsjettmidlar til Utanriksdepartementet til drift av ordninga. Denne spesialrådgjevarstillinga vart avvikla frå 1. september 2002.

I samband med avviklinga av stillinga og funksjonen har Nærings- og handelsdepartementet fått tilbakeført 2 mill. kroner frå Utanriksdepartementet i statsbudsjettframlegget for 2003, jf. St.prp. nr. 1 for 2002-2003 frå Nærings- og handelsdepartementet. Nærings- og handelsdepartementet får også auka driftsutgifter etter tilbakeføringa i 2002 og gjer framlegg om auke av løyvinga under kap. 900, post 01 med kr 667 000, frå kr 134 197 000 til kr 134 864 000. Det visest til framlegg frå Utanriksdepartemetet om tilsvarande reduksjon av deira løyvingar under kap. 101.

Kap. 909 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Løyvinga på 249,3 mill. kroner skal dekkje 12 pst. refusjon av lønsutgiftene for sjøfolk på skip i fartygruppene lasteskip, passasjerskip og slepebåtar og 9,3 pst. av lønsutgiftene på farty i petroleumsverksemd og brønnbåtar, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 og Budsjett-innst. S. nr. 8 for 2001-2002. Løyvinga på 249,3 mill. kroner vart ikkje auka i samband med at støttesatsen for petroleumsfarty og brønnbåtar vart heva frå 7,5 til 9,3 pst under budsjetthandsaminga i Stortinget. På den andre sida blir refusjonsutbetalingane noko mindre enn budsjettert på grunn av færre sjøfolk i dei aktuelle fartygruppene. Vidare er det lagt inn for lite midlar i refusjon etter gammal ordning for tilsette i ferjereiarlag i utanriksfart i NOR (Norsk Ordinært Skipsregister) for første halvår, jf. nedanfor under post 71.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at løyvinga til refusjon under kap. 909, post 70 aukast med 20 mill. kroner, frå 249,3 til 269,3 mill. kroner.

Post 71 Tilskot til ferjereiarlag i utanriksfart i NOR, kan overførast, overslagsløyving

Det er innført ei særskilt ordning med lønsrefusjon for norske ferjereiarlag i utanriksfart i NOR frå 1. juli 2002. Ordninga inneber at dei aktuelle reiarlaga - Color Line og Fjord Line - får refusjon for inntektsskatt, trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift både for maritimt mannskap og passasjerbetening som er skattepliktige til Noreg.

Refusjonen utbetalast etterskotvis i terminar på to månader. I 2002 skal det såleis utbetalast refusjon for to terminar (juli-august og september-oktober). Den siste terminen for 2002 (november-desember) kjem til utbetaling i 2003. I saldert budsjett vart det lagt til grunn at ca. 2 200 sjøfolk skulle komme inn under denne lønsrefusjonsordninga. Dette ville kreve ei løyving på ca. 300 mill. kroner på heilårsbasis. Det vart løyvd 120 mill. kroner til utbetaling av lønsrefusjon i 2. halvår 2002.

Fordi det er færre sjøfolk enn ein rekna med som fell inn under ordninga, og det berre er aktuelt å utbetale refusjon for to terminar (juli-oktober), vil samla refusjonsutbetaling til dei to ferjereiarlaga i 2002 maksimalt bli om lag 80 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 909, post 71 med 40 mill. kroner, frå 120 til 80 mill. kroner.

Kap. 922 Norsk Romsenter

Post 70 Tilskot, kan overførast

Med verknad frå statsbudsjettet for 2000 er det lagt til grunn at den delen av løyvinga til Norsk Romsenter som gjeld tilskot til ESA (European Space Agency) skal justerast dersom kursen Euro/norske kroner (NOK) har endra seg i budsjettåret i høve til kursen i saldert budsjett (1 Euro = 8,18 NOK). Den faktiske kursen i 2002 har vore klart lågare (har variert mellom 7,30 og 8,00 NOK for dei aktuelle utbetalingane av ESA-tilskot).

Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga under kap. 922, post 70 med 14,2 mill. kroner, frå 259,1 til 244,9 mill. kroner.

Kap. 930 Statens veiledningskontor for oppfinnere(jf. nytt kap. 3930)

Post 01 Driftsutgifter

Statens veiledningskontor for oppfinnere (SVO) vil underteikne ein samarbeidsavtale med Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) om å utføre konkrete regionale prosjekt basert på 50 pst. samfinansiering mellom dei to partane. SVO skal administrere og føre rekneskap for ordninga. For å kunne nytte innbetalingane frå SND til å dekkje utgifter ved prosjekta må løyvinga under kap. 930, post 01 aukast tilsvarande innbetalingane som skal førast under nytt inntektskapittel 3930, post 02, jf. nærare omtale under nemnde kapittel.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 930, post 01 med kr 100 000, frå 7,55 til 7,65 mill. kroner på statsbudsjettet 2002.

Kap. 935 Internasjonale investeringstiltak

Post 92 Innskot i Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling (EBRD)

Dei årlege løyvingane til EBRD skal justerast dersom Eurokursen har endra seg i høve til den kursen som vart lagt til grunn i saldert budsjett (8,18 norske kroner (NOK)/Euro).

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 935 Internasjonale investeringstiltak, post 70 Innskot i EBRD med 1,9 mill. kroner, frå 28,8 til 26,9 mill. kroner. Nedjusteringa heng saman med at utbetalinga vart gjort til kurs 7,6375 NOK/Euro.

Kap. 956 (nytt) Norsk Jern Eiendom A/S

Post 70 Refusjon for miljøtiltak

På statsbudsjettet for 1991 fekk Næringsdepartementet fullmakt til å garantere for at Norsk Jern Eiendom A/S (NJE) skulle haldast skadeslaus for eventuelle framtidige kostnader som følgje av pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT) knytt til avfallsprodukt som var grave ned på tomta til NJE.

Garantien på 10 mill. kroner vart forlenga med uendra ramme fram til 31. desember 2002 i statsbudsjettet for 2000, jf. St.prp. nr. 21 og Innst. S. nr. 65 for 2000-2001.

Det er etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskilt utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av midlar til dekking av utbetalingane (refusjon for utførte miljøtiltak) i etterhand mot slutten av same budsjettår. Utbetalingsfullmakta for 2002 vart gitt av Stortinget 6. desember 2001, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 for 2001-2002, romertalsvedtak III, 3.

Ved utgangen av 2001 var det samla utbetalt om lag 5 mill. kroner under refusjonsordninga. Nærings- og handelsdepartementet reknar med at det i 2002 vil bli utbetalt ytterlegare ca. 5 mill. kroner under miljøgarantien, slik at den statlege garantiramma på 10 mill. kroner vil vere fullt utnytta pr. 31. desember 2002.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 5 mill. kroner som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet 2002.

Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 5320 og 5620)

Post 91 Lån til risikolåneordninga, overslagsløyving

Post 92 Lån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga, overslagsløyving

Da Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) vart oppretta, vart det lagt til grunn at låneordningane til fondet skulle finansierast ved innlån frå statskassa. SND kan ta opp lån til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. SND betaler og ein låneprovisjon på 0,4 pst. p.a. SND refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp korte- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstida på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast. Avdrag på innlån blir inntektsført under kap. 5320, jf. nedanfor. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2002 er basert på realiserte innlån og avdrag hittil i 2002 og prognosen frå SND på innlån og avdrag resten av året under dei ulike låneordningane.

I 2002 har SND gjort vesentleg meir bruk av langsiktige innlån enn det som vart lagt til grunn i St.prp. nr. 1 for 2001-2002. Dette har resultert i mindre sirkulasjon i låneporteføljen og med opptak av færre innlån.

Samanlikna med saldert budsjett for 2002 gjer Nærings- og handelsdepartementet derfor framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND si risikolåneordning under kap. 2420, post 91 med 480 mill. kroner, frå 5,4 til 4,92 mrd. kroner. Løyvinga til innlån til SND si grunnfinansierings- og lågrisikolåneordning under kap. 2420, post 92 kan reduserast med 12,688 mrd. kroner, frå 36 til 23,312 mrd. kroner.

Kap. 2426 SIVA (jf. kap. 5326 og 5613)

Post 90 Lån til SIVA, overslagsløyving

Så langt i 2002 har SIVA tatt opp lån på 105 mill. kroner. Selskapet har opplyst at dei vil ta opp ytterlegare lån på 145 mill. kroner i inneverande år. Samla låneopptak vert dermed 250 mill. kroner, som er 35 mill. kroner høgare enn saldert budsjett for 2002.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 2426, post 90 med 35 mill. kroner, frå 215 til 250 mill. kroner på statsbudsjettet for 2002. SIVA si vedtektsfesta låneramme på 870 mill. kroner vil dermed vere utnytta fullt ut.

Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 900)

Post 02 Ymse inntekter

Løyvinga på 1,5 mill. kroner gjeld i hovudsak inntekter frå sal av tungtvatn til Institutt for energiteknikk (IFE) på grunnlag av avtale mellom departementet og IFE.

Salet av tungtvatn varierer frå år til år. Det utgjorde såleis ca. 1,7 mill. kroner i 2001 og ca. 0,3 mill. kroner i 2000. I 2002 har det så langt ikkje vore sal av tungtvatn. Det reknast heller ikkje med sal i resten av året.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at inntektsløyvinga under kap. 3900, post 02 reduserast med kr 1 450 000, frå kr 1 500 000 til kr 50 000.

Kap. 3930 (nytt) Statens veiledningskontor for oppfinnere (jf. kap 930)

Post 02 Tilskot til samfinansieringsprosjekt

Statens veiledningskontor for oppfinnere (SVO) vil underteikne ein samarbeidsavtale med Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) om å utføre konkrete regionale prosjekt basert på 50 pst. samfinansiering mellom dei to. SVO skal føre prosjektrekneskap for ordninga og må i det høvet opprette eit inntektskapittel for den delen av prosjektkostnadene som vert refundert frå SND. SVO reknar med samla prosjektkostnader på om lag kr 200 000 i 2002.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve kr 100 000 under nytt kap. 3930 Statens veiledningskontor for oppfinnere, post 02 Tilskot til samfinansieringsprosjekt, på statsbudsjettet 2002, jf. også omtale under kap. 930.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap 950)

Post 90 Sal av aksjar

Våren 2002 kjøpte Spilka Invest A/S 51 pst. av staten sine aksjar i Moxy Trucks AS. Salssummen var 25,5 mill. kroner. Fullmakta til salet vart gitt 5. april 2001 ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 46 og Innst. S. nr. 192 for 2000-2001 Moxy Trucks AS - egenkapitaltilførsel. Av salssummen på 25,5 mill. kroner er 10 mill. kroner dekt av løyving i saldert budsjett.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 3950, post 90 med 15,5 mill. kroner, frå 10 til 25,5 mill. kroner på statsbudsjettet for 2002.

Kap. 5320 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420 )

Post 91 Avdrag på uteståande fordringar, risikolåneordninga

Post 93 Avdrag på uteståande fordringar, grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga

Det visast til omtale ovanfor og framlegg om reduserte løyvingar under kap. 2420 for SND sine innlånsordningar.

Av same grunn gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga til avdrag frå SND si risikolåneordning under kap. 5320, post 91 med 280 mill. kroner, frå 5,4 til 5,12 mrd. kroner. Løyvinga til avdrag frå SND si grunnfinansierings- og lågrisikolåneordning under kap. 5320, post 93 kan reduserast med 12,805 mrd. kroner, frå 36,25 til 23,445 mrd. kroner. Årsaka til reduksjonane både under kap. 2420 og 5320 er at SND sitt gjennomsnittlege innlånsvolum for begge ordningane er lågare enn det som vart lagt til grunn i saldert budsjett for 2002, jf. omtale under kap. 2420.

Kap. 5460 Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (jf. kap. 2460)

Post 50 Tilbakeføring frå risikoavsetningsfond for SUS/Baltikum-ordninga

Det er budsjettert med tilbakeføring av 5 mill. kroner i tilskot til risikoavsettingsfondet i 2002. Tilsegnsoversikten pr. 31. desember 2001 viser at det kan trekkast inn til saman kr 8 793 210. Beløpet er knytt til den delen av løyvinga til risikoavsetningsfond under SUS/Baltikum-ordninga for 2001 som ikkje vart bunde opp i garantitilsegn ved utgangen av året, og midlar knytt til annulerte garantitilsegn frå tidlegare årgangar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 5460, post 50 med 3,8 mill. kroner, frå 5 til 8,8 mill. kroner.

Kap. 5620 Renter og utbyte frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420)

Post 81 Renter, risikolåneordninga

Post 86 Renter, grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga

Som nemnt under kap. 2420 kan SND ta opp innlån til sine låneordningar til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Som følje av faktiske renteinnbetalingar og prognoser for resten av året er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvingane.

Nærings- og handelsdepartementet føreslår at renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga under kap. 5620, post 81 reduserast med 30 mill. kroner, frå 180 til 150 mill. kroner. Vidare gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om reduksjon av renteinntektene frå innlån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga under kap. 5620, post 86 med 52 mill. kroner, frå 717,5 til 665,5 mill. kroner. Sistnemnde endring har samanheng med at SND har tatt opp lån med lengre løpetid og lågare rente enn budsjettert.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting (jf. kap. 950 )

Post 80 Utbyte

Nærings- og handelsdepartementet tok over ansvaret for forvalting av eigarinteressene i Grødegaard AS frå Forsvarsdepartementet 1. januar 2002. På ekstraordinær generalforsamling i selskapet i juni 2001 vart det vedteke eit utbyte på 1,609 mill. kroner. Utbytet vart utbetalt til Nærings- og handelsdepartementet i august 2002. I tilegg er det innbetalt 13,7 mill. kroner meir utbyte for 2002 frå andre selskap enn det som vart lagt til grunn ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 63 for 2001-2002 Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2002.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 5656, post 80 med 15,3 mill. kroner, frå 6 531 til 6 546,3 mill. kroner.

Kap. 5670 Renter og utbyte frå Entra Eiendom AS

Post 80 Renter

For 2002 var det budsjettert med 110 mill. kroner i renteinntekter frå Entra Eiendom AS. Rekneskapstal viser at innbetalingane vart om lag 113 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga under kap. 5670, post 80 med 3 mill. kroner, frå 110 til 113 mill. kroner.

Til forsida