St.prp. nr. 2 (2008-2009)

Om bygging og finansiering av ny ferjekai på Årsnes og utbetring av rv 551 mellom Løfallstrand og Årsnes i Kvinnherad kommune i Hordaland

Til innhaldsliste

2 Omtale av dagens situasjon og planlagde tiltak

Riksvegferjesambandet mellom Løfallstrand og Gjermundshamn er viktig både for lokaltrafikk og for langdistansetrafikk til og frå Sør- og Austlandet. Rv 551 frå Odda til Løfallstrand, ferje til Gjermundshamn og rv 48 vidare frå Gjermundshamn mot Bergen, er eitt av fleire nytta reiseval på strekninga mellom Odda og Bergen. For lokalbefolkninga i Kvinnherad, på sørsida av Hardangerfjorden, er ferjesambandet den mest nytta reisevegen over fjorden og vidare mot Bergensregionen. I tillegg til sambandet mellom Løfallstrand og Gjermundshamn er det fylkesvegferjesamband mellom Løfallstrand og Varaldsøy.

Ferjekaia på Løfallstrand er gammal og nedsliten. Kaia er kort og djupneforholda ved kaia gjer at ein ikkje kan setje inn større ferjer enn dei som trafikkerer ferjesambanda i dag. Oppstillingsplassen er for liten i forhold til trafikken i sambandet.

På Årsnes, om lag 4 km nord for Løfallstrand, ligg det eit delvis planert industriområde med molo og gode seglingsforhold. Ved å flytte ferjekaia frå Løfallstrand til Årsnes vil seglingstida over Hardangerfjorden bli redusert frå om lag 25 minutt til om lag 20 minutt. Dette gjeld både for sambandet til Gjermundshamn og sambandet til Varaldsøy. Reisetida mellom Odda og Bergen vil samla bli redusert med om lag 10 minutt, sidan køyretida også blir kortare frå Odda til den nye ferjekaia. For trafikk frå områda sør for Løfallstrand vil køyretida til den nye ferjekaia auke, men summen av køyretid og seglingstid blir om lag som i dag.

Den nye ferjekaia vil få ein oppstillingsplass med god kapasitet. Parkeringsplass, buss- og taxihaldeplass og gangvegar vil bli bygde på molo-området. Etter at ferjekaia er opna for trafikk vil strekninga Løfallstrand – Årsnes inngå i rv 48. Riksvegen 551 frå aust vil bli kopla til rv 48 i eit t-kryss.

Parallelt med at ferjekaia blir flytta til Årsnes vil det bli gjennomført utbetringstiltak på riksvegen mellom Løfallstrand og Årsnes. Dagens veg er smal, med dårleg sikring av mjuke trafikantar og dårleg vertikalprofil. Strekninga har mange avkøyrsler med dårlege sikt- og stigningsforhold og manglande støyskjerming. Det vil bli bygd møteplassar og fortau på delar av strekninga. I tillegg er det aktuelt med skogrydding langs vegtraseen, slik at siktforholda blir betra.

Figur 2.1 Kartskisse

Figur 2.1 Kartskisse

Bygging av ny ferjekai på Årsnes er kostnadsrekna til 60 mill. kr. I tillegg er det sett av 20 mill. kr til vegutbetringane. Dette gir eit samla kostnadsoverslag på 80 mill. kr.

Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til -50 mill. kr. Netto nytte pr. investert krone (NN/K) er rekna til -0,6.