St.prp. nr. 39 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 i samband med etterbetaling av pensjon og renter til ­statsarbeidarar mv.

Til innhaldsliste

2 Omdisponering av løyvingar til Direktoratet for forvaltning og IKT

Direktoratet for forvaltning og IKT vart etablert 01.01.2008 jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2007-2008) Fornyings- og administrasjonsdepartementet. I proposisjonen vart det mellom anna vist til at direktoratet vil ha om lag 100 tilsette. I tillegg kjem det som ein vurderer å overføre av ressursar og tilsette frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

I samråd med direktoratet arbeider departementet med å avklare grenseflatene og samhandlinga i oppgåveportefølja mellom dei to verksemdene. Det er inntil vidare lagt til grunn ei overføring på 18 årsverk. I tillegg kjem løyvingar knytte til oppgåver til mellom anna fornying og IKT.

Det er enno knytt uvisse til omfanget av overføringa. For at departementet skal kunne stille naudsynte løyvingar til disposisjon for direktoratet i perioden fram til det endelege omfanget av overføringa vert avklara, ber Regjeringa om at Stortinget gjev Fornyings- og administrasjonsdepartementet fullmakt til å omdisponere løyvingar i statsbudsjettet for 2008. Omdisponeringa vil vere frå høvesvis kap. 1500 Fornyings- og administrasjonsdepartementet, kap. 1560 Spesielle IKT-tiltak og kap. 1561 Internasjonalt IKT-samarbeid og utviklingsprogram til kap. 1521 Direktoratet for forvaltning og IKT. Vi viser til forslag til vedtak II.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett våren 2008 med forslag til løyvingsendringar. Endringane skal ikkje medføre auke eller nedgang i vedteken løyving for 2008.