St.prp. nr. 61 (2002-2003)

Om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 25. mai 2000 om barn i væpna konflikt til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane til barnet

Til innhaldsliste

3 Vurdering og tilråding

Den valfrie protokollen om barn i væpna konflikt må sjåast som eit viktig tiltak for å styrkje barn sine menneskerettar. Barn sine rettar blir prioriterte høgt i Noreg og i det norske arbeidet for internasjonalt vern av menneskerettane. Det er viktig at Noreg gjev støtte til arbeidet for å hindre bruk av barn i væpna konflikt, og ratifikasjon av protokollen vil vere eit ledd i den norske innsatsen på dette området.

På tidspunktet for underteikning av protokollen meinte ein at det var naudsynt med endringar i heimevernslova, vernepliktslova og straffelova før protokollen kunne ratifiserast. Endringar i heimevernslova og vernepliktslova vart vedtekne av Stortinget i november 2000 og sett i kraft i juli 2002, sjå lov 19. januar 2001 nr. 3. Endringa i straffelova vart vedteken i juni 2002 og sett i kraft same månad, sjå lov 28. juni 2002 nr. 54. Desse endringane medfører at Noreg oppfyller dei aldersgrensekrava som gjeld for deltaking i stridshandlingar (artikkel 1), tvungen rekruttering til dei væpna styrkane (artikkel 2) og rekruttering og bruk av soldatar av ikkje-statlege aktørar (artikkel 4).

Under framtinginga av protokollen gjekk Noreg inn for at det skulle innførast ei nedre aldersgrense på 18 år for frivillig rekruttering til dei væpna styrkane til staten (artikkel 3). Det vart vedteke eit fleksibelt system der statane ved erklæring kan velje om dei vil binde seg til ei aldersgrense på 16, 17 eller 18 år. Eit særskilt spørsmål i denne samanheng er om ordninga med heimevernsungdom (HV-ungdom) er til hinder for at Noreg kan binde seg til ei aldersgrense på 18 år for frivillig rekruttering til Forsvaret. Spørsmålet er aktuelt då heimevernslova opnar for, òg etter endringane av november 2000, at personar frå fylde 16 år, kan takast inn som frivillige i heimevernet, sjå heimevernslova § 5 fyrste ledd. Regjeringa har desse merknadene til spørsmålet:

HV-ungdom har eit formalisert tilhøve til Forsvaret. Det er likevel tilhøve i denne ordninga som gjer at ein ikkje kan sjå på HV-ungdomen som rekruttert til Forsvaret i protokollen si meining, fordi det må leggjast til grunn at ein person ikkje er rekruttert før vedkomande formelt eller de facto har vorte medlem av dei væpna styrkane med dei rettane og pliktene som dette medfører. HV-ungdomen skal ikkje få noka praktisk opplæring eller på annan måte delta i stridsrelatert verksemd og dei skal fritakast frå teneste der det kan tenkjast at Forsvaret må delta i kamphandlingar, sjå heimevernslova § 6 fyrste ledd. Etter heimevernslova § 4 fyrste ledd skal dei heller ikkje innrullerast som vernepliktige. Vidare er HV-ungdom ikkje underlagde militær disiplinærmakt, og dei vert heller ikkje omfatta av militær straffelov. Dette er klart føresett i Ot.prp. nr. 61 (1999-2000). Deltakinga i HV-ungdomen skjer berre på frivillig grunnlag i fritida til ungdomane, og det kan ikkje setjast i verk noka form for tvangsreaksjon dersom nokon ynskjer å slutte eller ikkje vil møte opp til samlingane. Ein gjer her merksam på at HV-ungdom etter fast praksis ikkje kan straffast etter heimevernslova § 32 nr. 2, blant anna av di dei ikkje er mobiliseringsdisponerte. I korte trekk dreier HV-ungdomen seg om frilufts- og fritidsaktivitetar av idrettsleg art med militære innslag. Ein viser elles til Ot.prp. nr. 61 (1999-2000) om endringer i heimevernslova og vernepliktslova.

Den nemnde proposisjonen føreset at ingen personar under 18 år skal reknast som medlemmer av dei væpna styrkane i landet etter lovendringane. Stortinget stilte seg bak denne føresetnaden, jf. Innst.O. nr. 6 (2000-2001).

Det vert lagt til grunn at gjennomføring av protokollen, med erklæring om at den nedre aldersgrensa for rekruttering til frivillig teneste i dei væpna styrkane er 18 år, ikkje krev lovendringar og heller ikkje medfører større økonomiske eller administrative konsekvensar.

Ratifikasjon av protokollen vert vurdert som ei så viktig sak at det krevst samtykke til ratifikasjon frå Stortinget etter Grunnlova § 26 andre ledd.