St.prp. nr. 71 (1998-99)

Om samtykke til ratifikasjon av ein mellombels frihandelsavtale av 30. november 1998 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og PLO på vegne av Den palestinske sjølvstyresmakta (PA) og erklæring i samsvar med protokoll E

Til innhaldsliste

3 Dei viktigaste forhandlingsresultata

3.1 Generelt

Frihandelsavtalen mellom EFTA og PLO/PA er forhandla fram i samsvar med artikkel XXIV i GATT, som slår fast at vareomfanget i regionale frihandelsavtalar skal dekkje hovuddelen av samhandelen, og at avvikling av eventuelle handelshindringar som toll og kvantitative restriksjonar må iverksetjast etter ein tidsplan som er fastsett på førehand. Avtalen inneheld såleis føresegner som byggjer på utviklinga i det internasjonale handelsregimet i den seinare tida.

Avtalen tek òg omsyn til at PLO/PA på enkelte område har avgrensa kompetanse i medhald av Paris-protokollen. Vilkåra i avtalen mellom EFTA og PLO/PA er på linje med krava i EFTA-Israel-avtalen.

3.2 Industrivarer

Artikkel 4 inneber at EFTA-statane og PLO/PA har forplikta seg til å avvikle all importtoll på industrivarer og avgifter med tilsvarande verknad frå det tidspunkt avtalen trer i kraft. Artikkel 6 i avtalen inneber at EFTA-statane og PLO/PA har forplikta seg til å avvikle all eksporttoll på industrivarer og avgifter med tilsvarande verknad frå det tidspunkt avtalen trer i kraft.

3.3 Fisk og andre marine produkter

Handel med fisk og andre marine produkter er eit av områda PLO/PA har avgrensa kompetanse på etter Paris-protokollen. På bakgrunn av dette har PLO/PA for enkelte varer fått overgangsordningar som tilsvarar krava i EFTA-Israel-avtalen. I vedlegg II til avtalen har EFTA-statane og PLO/PA forplikta seg til å avskaffe all toll på fisk og andre marine produkter, så snart forholda ligg til rette for det. Avtalen vil på sikt gje frihandel med fisk og andre marine produkter. Sveits og Liechtenstein kan halde ved lag importtoll for somme vareslag med opphav på Vestbreidda og i Gaza. Vedlegg II inneheld òg føresegner om regelverket for statsstøtte i fiskerisektoren, som er i samsvar med føresegnene i EFTA-konvensjonen.

3.4 Foredla landbruksvarer

Handelen med foredla landbruksvarer er eit anna område PLO/PA har avgrensa kompetanse på etter Paris-protokollen. I tilleggsprotokollen («Record of Understanding») er det på bakgrunn av dette uttrykt ei felles forståing mellom avtalepartane av at PLO/PA har forplikta seg til å ikkje gje EFTA-statane dårlegare handsaming når det gjeld handel med foredla landbruksvarer lista i tabell V til protokoll A, enn den handsaminga som til kvar tid vert praktisert av Israel i høve til import av foredla landbruksvarer med opphav i EFTA.

Frihandelsavtalen omfattar foredla landbruksvarer slik det går fram av protokoll A til avtalen. Protokoll A inneber at EFTA-statane og PLO/PA gjev tollkonsesjonar for foredla landbruksvarer i samsvar med dei nasjonale varelistene i protokollen. Protokollen opnar framleis for å praktisere ordninga med råvarepriskompensasjon, dvs. kompensasjon for ulike prisar hjå avtalepartane for dei råvarene som vert nytta i framstillinga av dei aktuelle foredla landbruksvarene.

3.5 Uforedla landbruksvarer

Handelen med uforedla landbruksvarer er ikkje regulert gjennom EFTA-samarbeidet, og det er difor forhandla fram ein bilateral landbruksprotokoll mellom Noreg og PLO/PA. Artikkel 11 til frihandelsavtalen inneheld ei erklæring om at avtalen skal medverke til å fremje harmonisk utvikling i handelen med landbruksvarer innanfor rammene av partane sin landbrukspolitikk. Artikkel 11 viser deretter direkte til dei bilaterale landbruksprotokollane. Landbruksprotokollane er nært knytte til frihandelsavtalen og er difor handsama og vedlagde i denne proposisjonen. Frihandelsavtalen og den bilaterale landbruksprotokollen vil bli notifiserte samtidig til WTO for å tilfredsstille kravet i artikkel XXIV i GATT/WTO om at eit frihandelsområde skal omfatte hovuddelen av handelen.

Landbruksprotokollen mellom Noreg og PLO/PA (vedlegg 3) inneheld ei liste over einsidige tollkonsesjonar frå norsk side og opphavsreglar for handelen med landbruksvarer. Han inneheld elles ein klausul som forpliktar partane til å søkje å oppnå ei utvikling i handelen med landbruksvarer.

3.6 Opphavsreglar og tolladministrativt samarbeid

Føresegnene i frihandelsavtalen om opphavsreglar og tolladministrativt samarbeid er nedfelte i artikkel 3 og protokoll B til avtalen. Når det gjeld artikkel 3 i avtalen, er føresegna utforma i tråd med EFTA-statane sine avtalar med statane i Sentral- og Aust-Europa og med Israel.

3.7 Kvantitative restriksjonar på import og eksport

Frå frihandelsavtalen trer i kraft skal kvantitative restriksjonar og tiltak med tilsvarande verknad på import og eksport avviklast både i EFTA-statane og på Vestbreidda og i Gaza.

3.8 Strukturtilpassingar

For å støtte opp om den palestinske økonomien kan PLO/PA på visse vilkår innføre importtoll på varer frå EFTA for å verne om tilsvarande produksjon i eigne industriar som er under oppbygging, eller i sektorar som er under omlegging eller står overfor alvorlege strukturproblem.

3.9 Tryggingstiltak

I frihandelsavtalen er det teke inn føresegner som opnar for at partane kan innføre tryggingstiltak av ulike slag dersom marknaden vert alvorleg forstyrra, eller i andre unntakstilfelle. Avtalepartane pliktar å melde frå til kvarandre i Den blanda komitéen om ikraftsetjing av slike tiltak.

3.10 Tenester og investeringar

På området tenester og investeringar slår partane fast at dei på sikt ønskjer å utvikle og utvide samarbeidet i lys av den stadig viktigare rolla desse områda spelar i internasjonal handel. Partane vil samarbeide for å fremje investeringar og for å oppnå gradvis liberalisering og gjensidig marknadstilgang for handel med tenester. Desse spørsmåla vil bli tekne opp i Den blanda komitéen.

3.11 Tvisteløysing

Avtalen inneheld ein detaljert prosedyre for løysing av tvistar om tolkinga av dei rettane og pliktene partane har etter avtalen. Dette vert først aktuelt i tilfelle der spørsmålet ikkje er løyst gjennom samråd i Den blanda komitéen.

3.12 Evalueringsklausul

Avtalen inneheld ein evalueringsklausul som opnar for at samarbeidet kan utdjupast på eksisterande område eller utvidast til å gjelde område som ikkje er omfatta av avtalen. Med sikte på å etablere ein endeleg frihandelsavtale mellom EFTA og PLO/PA skal den mellombelse avtalen evaluerast i lys av vidare utvikling i dei internasjonale økonomiske relasjonane og i fredsprosessen i Midtausten.

3.13 Tilleggsprotokollen («Record of Understanding»)

Tilleggsprotokollen er ikkje formelt ein del av avtalen, men avspeglar ei politisk forståing mellom partane når det gjeld gjennomføringa av delar av avtalen og vilje hos partane til å vidareutvikle avtalen på visse område. Tilleggsprotokollen utgjer såleis ei viktig ramme for forståinga og gjennomføringa av avtalen.

Til forsida