St.prp. nr. 76 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/58/EF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Direktivet er på linje med målet til Regjeringa om auka bruk av elektronisk kommunikasjon. Ei gjennomføring av føresegnene i direktivet vil forenkle pliktene til næringslivet og vil kunne verke stimulerande for transaksjonar og kontakt mellom næringsdrivande over landegrensene. Framlegga om tilgang til elektronisk registrering og om elektronisk kunngjering er i hovudsak gjennomført eller er i gjennomføringsfasen.

Nærings- og handelsdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/58/EF om endring av rådsdirektiv 68/151/EØF med omsyn til krav om offentleg innsyn for visse selskapsformer. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.