Fleire skal få ein trygg stad å bu

Høge prisar i pressområda og ulønsam bygging i distrikta har gitt oss ein bustadmarknad i ubalanse. I bustadmeldinga legg regjeringa fram tiltak som vil bidra til at fleire får ein eigna bustad og ein fornya og styrka leigemarknadspolitikk.

I hovudsak fungerer bustadmarknaden i Noreg godt. Dei fleste eig bustaden dei bur i, og dei fleste har ein bustad i god stand. Men i dei seinare åra har tre hovudutfordringar vakse fram:

  • I pressområda er det mange som ikkje kjem seg inn på bustadmarknaden fordi prisane er høge.
  • I distrikta er det ofte ikkje lønnsamt å byggje hus. Mange får derfor avslag på søknad om lån.
  • Leigemarknaden er pressa og har fått for lite merksemd.

– Bustaden er ein av dei viktigaste rammene for liva våre og vi må sikre at alle har ein god og trygg stad å bu – både i by og bygd. Fleire må få moglegheita til å eige eigen bustad. Like viktig er det at leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg for dei nærmare ein million leigetakarane i landet vårt, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

– For mange unge opplever det å eige sin eigen bustad som ein fjern draum. Ved å gjenreise Husbanken opnar regjeringa for ei ny verktøykasse slik at fleire skal få moglegheit til å eige eigen bustad. Skal vi få kontroll på bustadprisveksten må vi bygge fleire bustadar i pressområda, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Startlån for unge og førstegongsetablerarar

Ei viktig ordning er startlån frå Husbanken. Der kan dei som ikkje får lån eller ikkje tilstrekkeleg lånebeløp for å skaffe seg ein eigna bustad får hjelp. Husbanken låner ut midlar til kommunane, så gjer kommunane jobben med å tildele pengar til dei som har dei største behova.

– Vi treng at Husbanken får ei sterkare rolle. Sidan regjeringa tiltredde i 2021, har låneramma til Husbanken auka med 10 milliardar kroner, og er i år oppe i 29 milliardar kroner. Det gjer at fleire kjem seg inn på bustadmarknaden. Startlån er det viktigaste bustadpolitiske verkemiddelet vi har for å hjelpe fleire inn på  bustadmarknaden. Regjeringa vil båe gjere ordninga meir presis opp mot dei utfordringane vi ser i bustadmarknaden i dag, og at det opnast for meir forsøk med startlån. Forsøka skal særleg være retta mot folk som skal byggja i bygdene våre, unge og førstegongsetablerarar, seier Sande. 

Leigemarknaden har fått for lite merksemd

Mange leigetakarar er nøgde med leigeforholdet sitt. Samstundes har presset på leigemarknaden vore høgt, og dei siste to år særskilt høgt mellom anna som følgje av at vi har teke imot mange flyktningar frå Ukraina. Leigeprisane har auka kraftig, og mange opplever det utfordrande å finne ein trygg og god stad å leige for ein akseptabel pris.

– Leigemarknaden har fått for lite merksemd gjennom mange år. For å bidra til ein trygg og føreseieleg leigemarknad fornyar regjeringa leigemarknadspolitikken, seier Sande.

Regjeringa har fire mål for leigemarknaden: trygge leigeforhold, eit tilstrekkeleg tilbod av utleigebustadar, solid kunnskap om leigemarknaden og ein berekraftig kommunal utleigesektor.

– Vi vil føreslå endringar som gjer ordninga for husbanklån til utleigebustadar betre. Vi vil auke bruken av tilvisingsavtalar, slik at kommunen får fleire utleigebustadar, vi vil redusere talet på konfliktar gjennom eit effektivt og kompetent husleigetvistutval og Husbanken skal få ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden, som vil kome både myndigheitene og kommunane til gode.