NIF får 870 millionar kroner frå Norsk Tippings speleoverskot

– Årets tilskot blir gitt med ei tydeleg forventning om at idretten skal jobbe for å redusere barrierar for deltaking, slik at enda fleire barn og unge kan ta del i idrettsfellesskapet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Norges idrettsforbund og paralympiske komité (NIF) vart i dag tildelt 870 millionar kroner frå spelemidlane til idrettsformål for 2024. Dette er 60 millionar kroner meir enn i 2023. Auka i tilskot reflekterer at NIF, som andre samfunnsaktørar, står i ein krevjande økonomisk situasjon med auka kostnader som påverkar både administrasjon og aktivitet.

Målgruppene for tilskotet frå staten er barn og ungdom (6-19 år) og personar med funksjonsnedsetting.

– Idretten skal vere for alle, likevel veit vi at barn og unge frå familiar med låg inntekt deltek sjeldnare enn sine jamaldrande, og at mange barn og unge forsvinn frå idretten på grunn av føresette sin sosioøkonomiske status eller andre bakgrunnsforhold, seier Jaffery.

Det er NIF som formulerer dei konkrete måla og prioriteringane for bruken av spelemidlane.

– Vi veit at NIF ønsker større fleksibilitet. Difor gir vi NIF anledning til sjølv å fordele midlane, utan å detaljfordele auka i årets tilskot. Slik får NIF samstundes eit tydeleg ansvar for prioriteringane innafor tildelte midlar, seier Jaffery.