Styrker arbeidet mot doping i idretten

– For at idretten vår skal vere så ærleg og inkluderande som mogleg, treng vi også eit solid og velfungerande antidopingarbeid. Difor aukar vi no tilskotet til stiftinga Antidoping Norge, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Tilskotet til Antidoping Norge aukar med 3,5 millionar kroner. Totalt 46 millionar kroner går verksemda deira i 2024. Midlane kjem frå spelemiddeloverskotet til Norsk Tipping.

– Med denne auka legg regjeringa til rette for at Antidoping Norge kan oppretthalde stillinga som ein av dei fremste antidopingorganisasjonane i verda. Dei bidreg til å løfte standarden på antidopingarbeidet og gjer ein skilnad både nasjonalt og internasjonalt, seier Jaffery.