3.5.1 Gjeldande rett...

3.5.1 Gjeldande rett og saksomfang

Dersom det er nødvendig for at jord skal kunne nyttast så godt som mogleg, kan departementet etter jordlova § 16 krevje at bruksrettar, servituttar og andre rettigheitar til, i eller over fast eigedom skal avløysast, leggjast på eller endrast mot erstatning etter vanlege rettsreglar. Vidare kan departementet krevje regulering av grenser mellom bruk og mellom anna oreigne jord. Føresegna utfyller jordskiftelova § 2 b og kap. 11. Jordskifteretten kan berre bytte jord, medan det etter jordlova kan gripast inn med oreigning.

Fylkeslandbruksstyret avgjer søknader om avløysing av bruksrettar og oreigning i medhald av jordlova § 16. Statens landbruksforvaltning er klageinstans.

Tal henta frå Statens landbruksforvaltning viser at fylkeslandbruksstyra og Statens landbruksforvaltning i perioden 1995-04 ikkje har behandla saker i medhald av § 16.

Det finst ei privatrettsleg lov som mellom anna regulerer avløysing av bruksrettar; lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom. Lova gjeld avgrensa rettar og ikkje allmenn bruksrett som til dømes forpakting og tomtefeste.

Er det ikkje avtalt noko anna, kan kvar part etter § 5 krevje å få bruken flytt eller nærare fastlagt, eller rettstilhøvet endra på annan måte dersom ingen avgjerande grunnar taler mot det, og han bærer kostnadene sjølv. Den nye ordninga må vere minst like god for motparten som den tidlegare. Utan at partane er einige, kan endring ikkje gå så langt at retten blir av eit anna slag enn tidlegare.

Er det mykje om å gjere for ein part, og vinsten på hans side blir vesentleg større enn tapet på den andre sida, kan han etter § 6 få ei endring sjølv om den nye ordninga ikkje blir så god for motparten som den tidlegare. I slike høve skal den som krev endring svare mellomlag i jord, rettar eller pengar etter skjønn. Mellomlaget må ikkje setjast så lågt at endringa blir til skade for motparten.