3.8.1 Gjeldande rett

3.8.1 Gjeldande rett

I den mon odelsrett vil kunne skiple ei eigedomstileigning som staten har gjort ved kjøp etter reglane i jordlova eller forkjøp etter konsesjonslova, kan Kongen i medhald av odelslova § 31 første ledd første punktum fri slik jord for eldre odelsrett. Odelsfrigjering kan likevel ikkje skje andsynes dei slektningane som kunne kjøpe eigedomen konsesjonsfritt etter konsesjonslova § 5 første ledd nr. 1, med mindre det gjeld eigedom der arealet er under 30 dekar, eller vilkåra for oreigning etter jordlova § 13 ligg føre. Dette går fram av odelslova § 31 første ledd andre punktum.

Det same gjeld jord som er gått over til ny eigar ved friviljug handel når fylkeslandbruksstyret har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord.

Kravet i § 31 første ledd andre punktum om at «vilkåra for oreigning etter jordlova ligg føre» er meint å innebere ei skjerping når det gjeld moglegheita til å odelsfrigjere i høve til nære slektningar. I kravet ligg for det første at det må liggje føre oreigningsføremål etter jordlova § 1. For det andre må vedtaket om oreigning utan tvil vere til meir gagn enn skade, jf oreigningslova § 2 siste ledd. Det er i følgje Høgsterett tilstrekkeleg for odelsfrigjering at det er heimel for oreigning, jf Rt. 1985/743. Det kan ikkje stillast som vilkår at ein faktisk ville ha oreigna. Vidare har Høgsterett i same dom lagt til grunn at odelslova § 31 første ledd første punktum ikkje gir noko serleg sterkt vern av odelsretten.