Historisk arkiv

- Forsking som stadfestar kor viktig lokaldemokratiet er

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg er glad for at eit så klart fleirtal av innbyggjarane er nøgde med det lokale sjølvstyret dei opplever i det daglige. Det seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med lansering av boka ”Det nære demokratiet – lokalvalg og lokal deltakelse.”

Boka byggjer på den omfattande Lokaldemokratiundersøkinga som vart gjennomført etter kommune- og fylkestingsvalet i 2007. Ho inneheld ny kunnskap og forsking om lokalpolitikk, rikspolitikk og valkamp.

Mellom anna kjem det klart fram at innbyggjarane er nøgde med korleis lokaldemokratiet fungerar og at dei har stor tillit til dei lokalpolitiske institusjonane.
 
Boka tek for seg ein rekkje tema. Mellom anna:

  • Kva sto det strid om i valkampen
  • Lokalvalkampen i lokalmedia og mediebruken til veljarane
  • Veljarvandringar og valframmøte
  • Innvandrarane si stemmegiving
  • Kven engasjerer seg i lokalpolitikken og kvifor.

Institutt for samfunnsforskning (ISF) har hatt ansvar for undersøkinga i samarbeid med forskarar frå ulike institusjonar. Undersøkinga er finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet.