Historisk arkiv

Det nære demokratiet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Tale ved lansering av boka ”Det nære demokratiet – lokalvalg og lokal deltakelse” på Institutt for samfunnsforskning, 18.08.2009.

Gode forsamling!
 
Det er med stor glede eg er her for ta del i lanseringa av boka ”Det nære demokratiet – lokalvalg og lokal deltakelse” saman med dykk.

Kommunal- og regionaldepartementet har finansiert Lokaldemokratiundersøkinga, prosjektet som ligg til grunn for boka. Institutt for samfunnsforskning har hatt prosjektansvaret. Mange forskarar frå ulike institusjonar har bidrege til innhaldet.

Abstrakt forlag har teke seg av oppgåva med å gje ut boka. Det er nedlagt eit stort og viktig arbeid.

Takk for innsatsen med ei bok som gir mykje ny kunnskap om eit viktig felt, nemleg det lokale sjølvstyret.

Vi er no midt inne i ein stortingsvalkamp. Det er bra det denne boka kjem nett no. Stortingsvalet handlar i stor grad om korleis vi som nasjonalt folkevalde kan leggja til rette for at kommunane skal gjennomføra dei viktige velferdsoppgåvene dei har ansvar for. Som det går fram av boka: Innbyggjarane kan vanskeleg sjå for seg eit norsk demokrati utan eit lokalt folkestyre. Dei lokale institusjonane nyt stor respekt. Eg ser det som ei stadfesting av at lokaldemokratiet langt på veg er grunnstammen i heile vårt demokratisystem.

Samstundes er det ei spenning mellom rikspolitikk og lokalpolitikk. Storting og regjering gjer sine vedtak og prioriteringar, ikkje minst når det gjeld velferd. Kommunane skal følgja opp og setja mange av desse måla i verk. Da må vi hugsa at ikkje alt sunt vett vert forvalta i Oslo. Vi ønskjer eit reelt lokalt sjølvstyre, der politikarar og innbyggjarar har rom for handling og lokal utvikling. Det skal vera mangfald i Kommune-Noreg. Livet vert levd lokalt. Då må vi tora å ha tillit til lokale politikarar og innbyggjarane, uavhengig av storleik på kommunen. Mi klåre røynsle er at lokalsamfunna er verdig ein slik tillit.

Så vidt eg har rukke å lesa i boka, syner ho klårt at lokale stridsspørsmål avgjer kven som får makta i den einskilde kommunen. Det er eigne lokale agendaer og lokale media medverkar til at valkampen får eit lokalt preg.

Eg har også lagt merke til, og det er viktig nettopp i desse valkamptider: Innbyggjarane er nøgde med det lokale sjølvstyret dei opplever i det daglige. Ikkje minst gjeld det i mindre kommunar. Her er innbyggjarane meir involvert i politikk, dei engasjerer seg i større grad fordi dei brenn for saker, ikkje fordi dei er misnøgde. Det er ein viktigare grunn for politisk engasjement hos innbyggjarane i dei større kommunane. Og sjølvsagt, det er kortare veg til politikarar og administrasjon i mindre enn større kommunar.

Etter mitt skjønn peiker det i retning av at mange sider av demokratiet vert betre tatt i vare i små enn store kommunar.

Boka gir ikkje svar på alle spørsmål, men ho gir eit grunnlag for eit opplyst ordskifte. Det er viktig  når vi som folkevalde skal gjera vegval for lokaldemokratiet.

Nok ein gang takk for innsatsen til alle som har delteke i arbeidet for å få ut denne boka for innsatsen. De har gjeve oss ei kjelde å ausa av- ei bok som bør lesa.

God lesing!