Historisk arkiv

Fleire skal få ein trygg heim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Regjeringa har fått på plass ei kraftig styrking av dei bustadsosiale verkemidla i 2009. Resultata frå kartlegginga av bustadlause syner kor viktig det er å intensivera innsatsen, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Regjeringa har fått på plass ei kraftig styrking av dei bustadsosiale verkemidla i 2009. Resultata frå kartlegginga av bustadlause syner kor viktig det er å intensivera innsatsen, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. 

Måndag 25. mai samla statsråden ordførarar, rådmenn og andre leiarar i offentlege verksemder til eit politisk leiarmøte for å diskutera utfordringar og val av effektive løysingar i kommunane.

- Eg er oppteken av dialog om korleis Husbanken, andre statlege verksemder og kommunane kan arbeida saman slik at fleire vanskelegstilte får hjelp til å skaffa seg ein bustad og bli buande i den. Alle treng ein heim å organisera liva sine ut frå, seier Kleppa.
 
Kartlegginga av bustadlause som vart gjennomført i november 2008, syner at det framleis er utfordringar i kampen mot bustadløyse. 6100 personar er registrerte som bustadlause. Det er 600 fleire enn i 2005. 

- Eg er glad for at viktige verkemiddel alt er i bruk. 2009 er eit bustadsosialt år, seier Kleppa.

Regjeringa har gjeve rom for 3000 nye utleigebustader. Frå 1. juli vert det innført eit nytt regelverk for bustønad, noko som inneber at opptil 50 000 fleire husstandar kan få stønad til buutgifter. Dessutan kan mange fleire få startlån gjennom Husbanken i år.

Kommunal- og regionaldepartementet har laga ein brosjyre som gir ein oversikt over dei statlege rammene og måla som gjeld for arbeidet med å busetja vanskelegstilte på bustadmarknaden i 2009. Brosjyren er tilgjengeleg på regjeringen.no.