Historisk arkiv

Framleis auka innsats mot bustadløyse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Resultata frå den siste kartlegginga av bustadlause styrkar engasjementet mitt for at alle skal kunna bu trygt og godt, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Resultata frå den siste kartlegginga av bustadlause styrkar engasjementet mitt for at alle skal kunna bu trygt og godt, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Etter initiativ frå statsråd Kleppa, gjennomførte Norsk institutt for by- og regionalforsking (NIBR) den fjerde kartlegginga av bustadlause i Noreg i november 2008. Tilsvarande kartlegging vart sist gjennomført i 2005.

Undersøkinga syner at om lag 6100 personar er registrerte som bustadlause. Det er 600 fleire enn i 2005.

- Eg tek det svært alvorleg at så mange ikkje har ein fast stad å bu og har medkjensle med dei det gjeld. Men utan Regjeringa si satsing mot bustadløyse, hadde tala truleg vore enda høgare. Eg er nøgd med at vi no får god dokumentasjon på kva vi faktisk har å jobba vidare med, seier Kleppa.

Ho peikar på at Regjeringa allereie har tatt viktige grep for å få fleire i hus.

- Vi har i år gjeve rom for tilskot til 3000 nye uteleigebustader og ei raus ordning med startlån. Frå 1. juli kan 50 000 nye husstandar få bustønad i tillegg til dei vel 100 000 som får i dag, seier Kleppa.

Registreringa syner at bustadløyse i hovudsak framleis er eit storbyfenomen. Fleire menn enn kvinner er bustadlause, og kjønnsfordelinga har vore stabil gjennom alle dei fire kartleggingane. Dei som vert kartlagde er bustadlause personar som er i kontakt med eller kjente av hjelpeapparatet i til dømes kommunane, private organisasjonar eller hos andre aktørar.

Sjølv om ein vert rekna som bustadlaus, så treng ikkje det innebera at ein søv ute og ikkje har tak over hovudet. Medan to prosent er i ein slik situasjon, oppheld fleirtalet av dei registrerte seg i ulike mellombelse bustader. Dei bur til dømes på døgnovernattingsstader eller mellombels hos vener og slekt, er i fengsel eller på institusjon utan at dei har ein ordna opphaldsstad ved lauslating/utskriving innan to månader.

- Bustadløyse er eit komplisert tema. Det er ikkje lett å peika på ein grunn eller to til at nokre fell utanfor bustadmarknaden, seier Kleppa. 

- Husbanken har ei sentral rolle i arbeidet mot bustadløyse, og skal no arbeida strategisk for å skapa langsiktig og fruktbart samarbeid med dei kommunane som har dei største utfordringane, seier Kleppa.

Nokre funn frå kartlegginga (heile rapporten er ferdig i juni og vert då publisert på regjeringen.no)

 

2008

2005

2003

1996

Antall

 

 

 

 

Antall registrerte totalt

6100

5500

5200

6200

Antall registrerte i hovedstaden

1526

1244

1283

2513

Antall pr. 1000

 

 

 

 

Antall pr. 1000 totalt

1,27

1,19

1,14

1,5

Antall pr 1000 i hovedstaden

2,65

2,35

2,48

5,14

Rusmisbruk

 

 

 

 

Alkohol og narkotika inkl. piller

59 %

61 %

71 %

60 %

Helse

 

 

 

 

Psykisk sykdom

33 %

38 %

32 %

24 %

Dobbeldiagnose

23 %

25 %

24 %

 

Fysisk sykdom/funksjonshemning

10 %

15 %

15 %

11 %

Fødeland

 

 

 

 

Antall utenom Norden

19 %

18 %

12 %

15 %

Alderssammensetning

 

 

 

 

Yngre enn 24 år

24 %

21 %

16 %

18 %

 25-34 år

30 %

33 %

32 %

36 %

 35-44 år

25 %

26 %

31 %

25 %

45-54 år

15 %

14 %

14 %

11 %

 55-64 år

4 %

4 %

5 %

5 %

 65 år+

2 %

2 %

3 %

4 %

Kjønn

 

 

 

 

Antall menn

76 %

76 %

76 %

76 %

Antall kvinner

24 %

24 %

24 %

24 %

Livssituasjon

 

 

 

 

Enslig

88 %

88 %

88 %

84 %

Oppholdssteder

 

 

 

 

Institusjon/Kriminalomsorg

25 %

25 %

28 %

37 %

Døgnovernatting, pensjonat, herberge

29 %

23 %

27 %

19 %

Midlertidig hos slekt/venner

37 %

42 %

32 %

34 %

Uten ordnet overnatting/uteliggere

2 %

1 %

2 %

4 %

Annet

3 %

4 %

5 %

1 %

Vet ikke/ubesvart

4 %

5 %

4 %

5 %