Historisk arkiv

KRD lyser ut 32 millionar kroner til Bulyst og kultur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Det er no klart for utlysing av midlar til ei ny satsing på bulyst, stadutvikling, attraktivitet og kultur.

Det er no klart for utlysing av midlar til ei ny satsing på bulyst, stadutvikling, attraktivitet og kultur.

Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer å utvikle ny kunnskap om korleis norske distriktskommunar kan verte meir attraktive for busetting. Departementet lyser derfor ut inntil 32 millionar kroner til den nye bulystsatsinga i 2010.

- Vi ønskjer kreative forslag til korleis norske distriktskommunar kan verte meir attraktive å bu i og flytte til. Eit mål i distriktspolitikken er å gje folk reell valfridom til å busette seg der dei vil. Gjennom Bulyst vil vi utvikle ny kunnskap om korleis vi betre kan jobbe mot dette målet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I 2010 vert det ei felles utlysing av midlar både til den nye bulystsatsinga og til satsinga på kulturbasert stad- og næringsutvikling som har eksistert i fleire år.

- Vi ser at dette er tema som heng nøye saman. Kultur er viktig for å skape bulyst, seier statsråden.

Departementet ønskjer seg ulike forslag på tema og innretning.

- Vi vil vurdere den lokale forankringa nøye. For at denne type utviklingsarbeid skal verte vellukka, er det avgjerande at lokale bidragsytarar har tru på pilotprosjekta og støttar opp kring dei, seier Navarsete.

Søknadsfristen er 3. mai 2010. Sjå heile utlysningsteksten.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.