Historisk arkiv

Brekk presenterer meldinga og får forskarråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Presseinvitasjon:

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk presenterer meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken for bønder og andre interesserte i Trøndelag måndag 16. januar. Det skjer i Steinkjer. Før lunsj er det presentasjon og debatt. Etter lunsj blir det eit eige forskarseminar om meldinga.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk presenterer meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken for bønder og andre interesserte i Trøndelag måndag 16. januar. Det skjer i Steinkjer. Før lunsj er det presentasjon og debatt. Etter lunsj blir det eit eige forskarseminar om meldinga.

Etter at Regjeringa presenterte si Melding til Stortinget: landbruks- og matpolitikken - Velkommen til bords 2. desember i fjor, har det vore ein omfattande debatt. Blant anna har Brekk presenterte meldinga foreløpig på fire regionale konferansar rundt om i landet i vekene før jul. Den neste konferansen blir i Steinkjer førstkommande måndag.

Tid   Måndag 16.1.2012
kl. 10.00 – 12.30 (presentasjon og debatt)
kl. 13.30 – 17.00 (forskarseminar)
 
Stad Høgskolen i Nord-Trøndelag, Kongens gate 42, 2500 Steinkjer
 

Etter presentasjon arrangerer NILF, Bygdeforskning og Fylkesmannen i Nord-Trøndelag eit tverrfagleg forskarseminar i samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag. Reiser meldinga om landbruks- og matpolitikken dei sentrale utfordringane og spørsmåla for landbruket og for landbruks- og matpolitikken dei komande åra, peiker meldinga ut rett kurs og med dei riktige løysingane? Desse spørsmålet skal norske landbruksforskarar drøfte i dei same lokala etter at den regionale konferansen er avslutta.

Om NILF
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) er eit frittståande og uavhengig statleg intitutt for forsking knytt til Landbruks- og matdepartementet. NILF skal vere eit FOU-miljø på høgt fagleg nivå og leiande innan nærings- og føretaksøkonomi i landbruk og industri basert på landbruk.

Kontaktperson for landbruks- og matministeren:
Seniorrådgiver Gunnar Syverud, mob.: 909 54 713.
 

Meld.St.9 (2011-2012) Melding til Stortinget - Landbruks- og matpolitikken - Velkommen til bords 

Meld.St.9 (2011-2012) Melding til Stortinget - Landbruks- og matpolitikken - Velkommen til bords (Illustrasjon: Itera Gazette)