Meld. St. 3 (2009 – 2010)

Statsrekneskapen 2009

Til innholdsfortegnelse

4 Staten sin balanse og kommentarar til finanspostar

I kapittel 4.1 vert staten sin balanse omtala med notar til vesentlege endringar. I kapittel 4.2 er det gjeve eit oversyn over statens finansinntekter og finansutgifter. I kapittel 4.3 er garantiar omtala. I kapittel 4.4 er hovudprinsippa som ligg til grunn for føring av statsrekneskapen, stilt opp.

4.1 Staten sin balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av staten sin balanse med hovudvekt på staten sine finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Dei viktigaste eigedelane i balansen er i spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir og kapital i staten sine sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5 der balansar er presenterte for forretningsverksemdene.

Staten sine eigedelar auka med 725,3 mrd. kroner i 2009, frå 3 257,4 mrd. kroner til 3 982,7 mrd. kroner. Endringa må for ein stor del tilskrivast auken i verdien på Statens pensjonsfond utland (kontogruppe 61) og Obligasjonar med førerett under Finansdepartementet (kontogruppe 62). Auken i statsgjelda (kontogruppe 80) heng saman med utsteding av statskassesvekslar og kortsiktige kontolån, hovudsakleg som følgje av auka behaldning av obligasjonar med førerett. Vesentlege endringar vert omtala i notane nedafor.

Tabell 4.1 Staten sine eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)

TekstNote31.12.0831.12.09Endring
Eigedelar
60. Kontantbehaldning1147 360138 037-9 323
61. Spesielle fond og forsikringar22 404 0402 886 978482 938
62. Verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder3158 541364 543206 002
63. Utlån og uteståande fordringar4254 536273 67919 143
64. Ordinære fond596 626122 28825 662
65. Forskot61 564183-1 381
66. Kapital i statsbankane77372 9242 187
68. Fast kapital i statsverksemdene8164 793180 45315 660
69. Eigenbehaldning statspapir941 44635 649-5 797
70 – 73. Mellomvere med rekneskapsførarar10-5 399-7 425-2 027
77. Overkurs/underkurs statspapir11-2 125-1 364761
78. Kurs og tryggingselement knytt til obligasjonar med førerett12-4 695-13 234-8 539
Sum eigedelar3 257 4243 982 711725 287
Gjeld og eigenkapital
80. Statsgjelda13349 973627 666277 692
81. Kontolån frå ordinære fond14103 173129 10425 931
82. Verksemder med særskilde fullmakter159 69710 139442
84. Deposita og avsetjingar1640 76031 458-9 302
87. Overførte unytta løyvingar177 28712 1924 905
99. Avslutningskonto (eigenkapital)182 746 5343 172 152425 618
Sum gjeld og eigenkapital3 257 4243 982 711725 287

Notar:

  • Note 1 Kontantbehaldninga til staten var 9,3 mrd. kroner lågare ved utgangen av 2009 enn ved utgangen av 2008. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

  • Note 2. Auken i spesielle fond og forsikringar var på 482,9 mrd. kroner og kjem i hovudsak av auken i bokført verdi for Statens pensjonsfond utland på 362,4 mrd. kroner. Statens pensjonsfond Noreg syner ein auke på 29,3 mrd. kroner. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Pensjonsfondet er omtala nærare i kapittel 3 i denne meldinga. Statens petroleumsforsikringsfond hadde ein nedgang på 9,3 mrd. kroner som i hovudsak gjeld kursendringar på valuta og endring i gjeld i 2009. Petroleumsforsikringsfondet vert oppført til brutto marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Opprettinga av Statens finansfond med ei løyving på 50 mrd. kroner og Statens obligasjonsfond med ei løyving på 50 mrd. kroner auka kontogruppe 61 med 100 mrd. kroner.

  • Note 3. Auken i verdipapir m.m. er netto 206,0 mrd. kroner, som mellom anna kjem av 194,1 mrd. kroner i auke i Obligasjonar med førerett (OMF) under Finansdepartementet. Denne auken må sjåast i samanheng med auken i statsgjelda under kontogruppe 80. Netto auke av verdien i aksjar er på 11,9 mrd. kroner. Statens kjøp av aksjar i Statoil ASA utgjer 2,2 mrd. kroner i 2009. Behaldninga av aksjar i DnBNOR ASA hadde ein auke på 4,8 mrd. kroner og i Argentum Fondsinvesteringer AS ein auke på 2,0 mrd. kroner. Avinor auka med 1,9 mrd. kroner, medan Posten Noreg AS under Samferdselsdepartementet auka med 0,6 mrd. kroner. Kommunalbanken AS hadde ein auke på 244,1 mill. kroner i 2009 som har si årsak i at staten ved Kommunal- og regionaldepartementet har kjøpt seg opp frå 80 % til 100 %. Kunnskapsdepartementet har overført aksjar som tidlegare var plasserte under gruppe 1, til gruppe 2 som vert forvalta av statlege verksemder med unntak frå bruttobudsjetteringsprinsippet, jf. romartalsfullmakt 4.3 for Kunnskapsdepartementet. Samla nedgang i oppført verdi i kontogruppe 62 knytt til overføringa er 25,2 mill. kroner. Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversikt over statens aksjeinteresser.

  • Note 4. Auken i utlån og uteståande fordringar er netto 19,1 mrd. kroner. Av dette er 5,3 mrd. kroner auka utlån for Statens Lånekasse for utdanning og om lag 3,9 mrd. kroner i auka utlån for Husbanken. Innovasjon Noreg sitt ordinære lån og distriktsretta låneordning hadde ein netto auke på 2,7 mrd. kroner. Statens pensjonskasse si bustadlåneordning for tilsette i staten auka med om lag 5,7 mrd. kroner. Utlån til helseføretaka hadde ein netto auke på 538,5 mill. kroner. Den nye ordninga med Teknologisenter for CO2-håndtering på Mongstad (TCM DA) vart oppretta i 2009 med eit utlån på 853,6 mill. kroner. Uteståande fordringar til Gassnova SF vart nedskrive med 146,9 mill. kroner.

  • Note 5. Auken for ordinære fond er på 25,7 mrd. kroner. Av dette utgjer 6,2 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping, som mellom anna vart tilført 6 mrd. kroner over statsbudsjettet i 2009. Regionale forskingsfond vart oppretta i 2009 og aktivert med 6,2 mrd. kroner, der 6 mrd. kroner vart løyvd over statsbudsjettet. Fond for landsdekkjande innovasjonsordning hadde ein auke på 509,9 mill. kroner. Ordinære fond under Olje- og energidepartementet hadde ein netto auke på 12,2 mrd. kroner. Derav hadde Energifondet ein auke på 1,8 mrd. kroner og Grunnfondet ein auke på 10,4 mrd. kroner, medan Såkornkapitalfond hadde ein nedgang på 193,9 mill. kroner. For Kulturminnefondet var det ein auke på 424,8 mill. kroner.

    I 2009 vart det oppretta konto i Noregs Bank for gåveforsterkningsmidlar for høgskular og universitet, medan slik konto for gåveforsterkningsordninga for Noregs forskingsråd vart oppretta i 2008. Samla utgåande balanse for gåveforsterkningsordninga i 2009 er på 144,0 mill. kroner.

    Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond. Midla som fonda har ståande på konto i Noregs Bank er òg førte opp som kontolån til staten. Unntak frå dette er Tøyenfondet (257,5 mill. kroner) og Observatoriefondet (33,3 mill. kroner) som berre er aktivert under 64 gruppa og ikkje under 81 gruppa. Fonda har ingen konto i Noregs Bank. (Stiftinga Unifor forvaltar dei finansielle eigedelane etter avtale med Universitet i Oslo.)

  • Note 6. Nedgangen i forskot er på 1,4 mrd. kroner som i hovudsak gjeld forskot under Samferdselsdepartementet for Statens vegvesen med 1,3 mrd. kroner som no går inn i verksemda sitt mellomvere med statskassa i kontogruppe 70 – 73. Ein nedgang på 37,7 mill. kroner gjeld forskot på rammetilskot til kommunar under Kommunal- og regionaldepartementet.

  • Note 7. Auken i kapitalen i statsbankane på 2 186,7 mill. kroner kjem av at innskotskapitalen i Innovasjon Noreg auka med 2,2 mrd. kroner, medan Husbankens risikofond vart redusert med 13,3 mill. kroner.

  • Note 8. Auken i fast kapital i statsverksemdene på 15,7 mrd. kroner kjem i hovudsak av at kapitalen i SDØE har auka med 8,1 mrd. kroner, og at kapitalen i Statsbygg har auka med 7,3 mrd. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

  • Note 9. Nedgangen i eigenbehaldning statspapir på 5,8 mrd. kroner kjem i hovudsak av at statsobligasjonar syner ein netto nedgang på om lag 8,6 mrd. kroner, og at statskassevekslar syner ein auke på 2,8 mrd. kroner.

  • Note 10. Statlege verksemder sitt mellomvere med statskassa hadde ein netto auke på om lag 2,0 mrd. kroner, slik at verksemdene har netto 7,4 mrd. kroner til gode per 31.12.2009. Etter endra føringsmåte i 2009 i kapitalrekneskapen for forskotsmidlar i Statens vegvesen, vert konto for mellomvere med statskassa motpost til kontogruppe 84, jf. òg note 6.

    Stortinget har gjeve Finansdepartementet fullmakt til, i saker under 1 mill. kroner, å postere differansar og uoppklarte saker mot konto for forskyving i balansen. I større saker kan Stortinget vedta eigne fullmakter. Det er i 2009 postert netto18 130,96 kroner til kredit mot konto for forskyving i balansen. Dette gjeld desse verksemdene (tal i kroner):

    BLD/Bufetat, region sør86 662,62
    MD/Produktregisteret7 500,00
    NHD/Patentstyret8 929,83
    JD/Politihøgskolen520 338,27
    JD/Politidirektoratet-344 793,60
    FAD/Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)-223 009,68
    FIN/Toll- og avgiftsdirektoratet-3 455,00
    MD/Direktoratet for naturforvaltning (DN)20 545,50
    FIN/F0-firma Buskerud-90 848,90
    Samla-18 130,96
  • Note 11. Som følgje av overkurs/underkurs på statspapir, syner bokført verdi ein nedgang med 0,8 mrd. kroner.

  • Note 12. Konto for Kurs og tryggingselement (78 00 01) heng saman med ordninga med obligasjonar med førerett (OMF) som vart oppretta i 2008, og er bokført med kredit 13,2 mrd. kroner i statens kapitalrekneskap, ein auke på 8,5 mrd. kroner frå 4,7 mrd. kroner i 2008. Sjå òg kontogrupper 62 og note 3 ovafor.

  • Note 13. Statsgjelda hadde ein samla auke på 277,7 mrd. kroner i 2009. Statskassevekslar medrekna vekslar i samband med OMF-ordninga hadde ein auke på 196,6 mrd. kroner. Kortsiktige kontolån hadde ein auke på 89,8 mrd. kroner, medan faste lån opptekne innanlands hadde ein nedgang på 8,7 mrd. kroner. Sjå tabell 3.3 i vedlegg 3 for ein nærare spesifikasjon av endringa i statsgjelda.

  • Note 14. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Auken i 2009 er på 25,9 mrd. kroner. Fondet for forsking og nyskaping hadde i 2009 ein auke på 6,2 mrd. kroner. Regionale forskingsfond vart oppretta i 2009 og hadde ved utgangen av året ein kapital på 6,2 mrd. kroner. Energifondet hadde ein auke på 1,8 mrd. kroner, medan Grunnfondet hadde ein auke på 10,4 mrd. kroner. Fond for landsdekkjande innovasjonsordning hadde ein auke på 509,9 mill. kroner. Landbrukets utviklingsfond hadde ein auke på 192,3 mill. kroner. Såkornkapitalfond hadde ein nedgang på 193,9 mill. kroner. For kulturminnefondet var det ein auke på 424,8 mill. kroner.

    Gåveforsterkningsordninga, Noregs forskingsråd vart oppretta i 2008, og ei tilsvarande ordning for høgskolar og universitet vart oppretta i 2009. Ordninga hadde ved utgangen av 2009 ein samla kapital på 144,0 mill. kroner, sjå tabell 3.8.

    Konto 81 18 03 Statens petroleumsforsikringsfond må sjåast i samanheng med konto 84 70 18 og konto 61 30 18. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

  • Note 15. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Verksemdene sine likvide midlar er plasserte i Noregs Bank og syner ein auke på 441,7 mill. kroner frå førre året. Samla nivå på midlane er no om lag 10,1 mrd. kroner. Staten kan nytte denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar og ny tabell 3.10 i vedlegg 3 med ein meir detaljert behaldningsoversikt for desse verksemdene.

  • Note 16. Deposita og avsetjingar syner ein nedgang på 9,3 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvere med Statens pensjonsfond utland hadde ein nedgang på 1,2 mrd. kroner i 2009. Avsetjinga knytt til Statens petroleumsforsikringsfond hadde ein ned­gang på 9,3 mrd. kroner som i hovudsak kjem frå kursendringar på valuta og endring i gjeld i 2009. Statsgjelda (84 00 16) hadde ein auke på 689,6 mill. kroner. Samferdselsdepartementet ved Statens vegvesen og Jernbaneverket hadde ein auke på 631,9 mill. kroner.

  • Note 17. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrert som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane til 2010 er samla 12,2 mrd. kroner, noko som er 4,9 mrd. kroner høgare enn overført løyving til 2009. Det er ikkje overførte løyvingar på 90-postar frå 2008 til 2009 eller frå 2009 til 2010.

  • Note 18. Avslutningskontoen syner at staten sin eigenkapital i 2009 auka med 425,6 mrd. kroner frå 2 746,5 mrd. kroner til 3 172,2 mrd. kroner, jf. note 1–17 ovafor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2009 renteinntekter på om lag 19,4 mrd. kroner og renteutgifter på om lag 20,2 mrd. kroner. Netto renteutgifter vart dermed 0,9 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2008 til 2009 auka rentene av statsgjelda med 2,5 mrd. kroner, medan renteinntektene gjekk ned med 1,8 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

  200720082009
1. Renteinntekter i alt17 84721 19019 364
Renter frå statsbankane og statsføretaka8 84411 0539 803
Renter av kapital i statens forretningsverksemd19- 341
Renter av innskot og andre krav7 6788 3097 938
Renter av lån til helseføretaka272323458
Renter av lån til aksjeselskap351330278
Renter frå folketrygda3912816
Statens pensjonskasse, lån til statstilsette6441 050829
2. Renteutgifter i alt 1)16 05617 69320 237
Av innanlandsk statsgjeld16 05617 69420 237
Av utanlandsk statsgjeld0- 10
Netto renteinntekter/ renteutgifter1 7913 497- 873

1) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81.

Renteutgiftene under kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna renteutgifter staten har på obligasjons- og vekselgjeld, og dessutan renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Per 31.12.2009 var statsgjelda 627 666 mill. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. For ei nærare omtale av årsakene til staten sine lån i kapitalmarknaden og staten som netto fordringshavar, sjå St.prp. nr. 5 (2008 – 2009) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og om utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med førerett.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar utan at Stortinget har gjeve ein garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterar for at låntakar oppfyller pliktene sine overfor långjevar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2008 og 2009. Per 31.12.2009 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 97,5 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 7,6 mrd. kroner frå 2008. Under Nærings- og handelsdepartementet v/GIEK, Den alminnelege garantiordning og Gamal alminneleg ordning, auka ansvaret i 2009 med om lag 11,8 mrd. kroner. Garanti for grunnkapitalen i Den nordiske investeringsbanken under Finansdepartementet gjekk ned med 1,1 mrd. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2009 var på 362,4 mill. kroner. Under Den alminnelege garantiordninga og Gamal alminneleg ordning, og Byggjelånsgarantiar til skipsbyggingsindustrien i GIEK, er samla utbetalt tap på 350,8 mill. kroner.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei einskilde garantiordningane.

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12.2009 (tal i mill. kroner)

  Garantiansvar per 31.12.2008Utbetalt ved tap i 2009Garantiansvar per 31.12.2009
Utanriksdepartementet10 348,00,611 036,1
Kommunal- og regionaldepartementet2 500,00,0
Helse- og omsorgsdepartementet8,77,7
Barne- og likestillingsdepartementet5,04,6
Nærings- og handelsdepartementet57 714,5361,868 921,3
Samferdselsdepartementet7 533,66 808,6
Miljøverndepartementet2,51,3
Fornyings- og administrasjonsdepartementet222,3228,8
Finansdepartementet11 554,310 490,1
Sum89 888,9362,497 498,5

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Følgjande hovudprinsipp ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Staten sin løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i tråd med Stortinget sitt løyvingsvedtak.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Eit oversyn over tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter utover 31. desember vert presentert som informasjon i statsrekneskapen.

  • Løyvingsrekneskapen følgjer den inndelinga som Stortinget har fastsett i vedteke budsjett og vert sett opp fullstendig etter denne.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien vert sett til historisk nyskaffingsverdi på transaksjonstidspunktet, med unntak av Statens pensjonsfond utland, Statens pensjonsfond Noreg og Statens petroleumsforsikringsfond, som nyttar marknadsverdi.

  • Transaksjonar på post 90, lån, tilbakebetalingar m.m. i løyvingsrekneskapen vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i staten sine eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen vert sett opp basert på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå det einskilde departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sitt mellomvere med statskassa er stadfesta av det einskilde departement.

  • Rapporterte betalingar over verksemda sin bankkonto er avstemte mot staten sitt konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Staten sin løyvingsrekneskap vert gjort opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.3. Brutto finansieringsbehov går fram av kap. 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1 som syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga.

Til forsiden