Ot.prp. nr. 69 (2007-2008)

Om lov om endringer i barnelova mv. (barnebidrag og reisekostnader ved samvær)

Til innholdsfortegnelse

1 Lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre

Parallelloppstilling

§ 44. Reisekostnader ved samvær

Reisekostnadene ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan sak om reisekostnadene i staden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Reglane i § 64 gjeld tilsvarande.

§ 70. Korleis fostringstilskotet vert fastsett

Foreldra kan gjere avtale om fostringstilskot til barnet.

Dersom dei ikkje vert samde, kan kvar av dei krevje at tilskotsfuten tek avgjerd om tilskotet. Dette kan dei gjere jamvel om dei opphavleg har gjort avtale om tilskotet, men slik at løpande tilskot berre skal endrast dersom reglane i lova vil medføre ei endring på meir enn 10 prosent. Departementet kan gje forskrift om gebyr der tilskotsfuten tek avgjerd om fastsetjing og endring av fostringstilskot.

Spørsmålet skal likevel avgjerast av domstolane

  1. Når nokon av foreldra bed om at det vert gjort i samband med ekteskapssak eller rettssak om foreldreansvar, om kven barnet skal bu saman med eller om samværsrett

  2. Når tilskotsfuten viser partane til domstolane, fordi det er meir teneleg etter den karakter saka har.

Når det gjeld tilskot etter § 68 andre og tredje stykket til barn som har fylt 18 år, er det barnet sjølv som gjer avtale eller er part i saka.

Dersom foreldra ikkje lever saman når barnet vert født, og dei ikkje har gjort avtale om tilskotet, skal tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet.

Får den tilskotspliktige forsytartillegg frå Forsvaret i samband med avtening av førstegangsteneste eller sivilteneste, eller har rett til anna yting frå det offentlege der barnetillegg er ein del av stønaden, kan tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet for den tida slikt tillegg vert utbetalt.

Eit organ som handsamar sak om fastsetjing av tilskot, har same rett til å krevje opplysningar som tilskotsfuten etter § 10 andre stykket.

§ 71. Offentleg utmåling av fostringstilskot

Tilskotsfuten skal fastsetje tilskotet slik at fastsette utlegg til forsyting av barnet (underhaldskostnadene) vert delte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira. Tilskotet skal likevel ikkje fastsetjast til eit høgare tilskot enn at tilskotspliktige har att fastsette midlar til eige underhald mv. (bidragsevnevurderinga). Tilskotet skal som hovudregel reduserast for skriftleg avtalt eller offentleg fastsett samvær. Har foreldra avtala delt bustad etter lova § 36, gjeld særskilte reglar.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om utmåling av fostringstilskot etter lova her.

§ 75. Tilhøvet mellom avgjerdsorgan og påstandar frå partane

I klagesaker og i saker om endring av tilskot etter § 74 kan avgjerdsorganet gå utanfor det partane gjer påstand om. Avgjerdsorganet kan også endre andre tilskot etter barnelova og forsytingstilskot til ektemake endå om ingen av partane krev det.

Der tilskotspliktige med fleire barn ikkje har full tilskotsevne eller samla tilskotsplikt er høgare enn ein viss prosent av inntekta, kan avgjerdsorganet av eige tiltak foreta samla forholdsmessig fastsetjing av tilskota til barna. Dette gjeld i alle typar saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring eller der tilskotsfuten av eige tiltak kan ta opp eit krav. Regelen gjeld uavhengig av om tilskotspliktige har barn med same tilskotsmottakar eller fleire tilskotsmottakarar. Lova §§ 70 andre stykket og 74 første stykket gjeld tilsvarande. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om samla forholdsmessig fastsetjing av tilskot.

§ 77.

Avgjerd om fostringstilskot til barn fastsett av tilskotsfuten kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.

§ 44. Reisekostnader ved samvær

Reisekostnadene ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Kostnadene som skal delast, er kostnader til barnet si reise, foreldra sine nødvendige kostnader til reise i samband med å hente eller bringe barnet til samværet og samværsforelderen sine kostnader til eiga reise når samværet skjer der barnet bur.

Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan sak om reisekostnadene i staden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnadene gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Reglane i § 64 gjeld tilsvarande. Fylkesmannen sitt vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg.

Når begge foreldra ber om det, kan fylkesmannen fastsetje at ei skriftleg avtale om deling av reisekostnader skal kunne tvangsfullførast ved utlegg etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 7.

§ 70. Korleis fostringstilskot vert fastsett

Foreldra kan gjere avtale om fostringstilskot til barnet.

Dersom dei ikkje vert samde, kan kvar av dei krevje at tilskotsfuten tek avgjerd om tilskotet. Dette kan dei gjere jamvel om dei opphavleg har gjort avtale om tilskotet, men slik at løpande tilskot berre skal endrast dersom reglane i lova vil medføre ei endring på meir enn 12 prosent. Departementet kan gje forskrift om gebyr der tilskotsfuten tek avgjerd om fastsetjing og endring av fostringstilskot.

Spørsmålet skal likevel avgjerast av domstolane

  1. Når nokon av foreldra bed om at det vert gjort i samband med ekteskapssak eller rettssak om foreldreansvar, om kven barnet skal bu saman med eller om samværsrett

  2. Når tilskotsfuten viser partane til domstolane, fordi det er meir teneleg etter den karakter saka har.

Når det gjeld tilskot etter § 68 andre og tredje stykket til barn som har fylt 18 år, er det barnet sjølv som gjer avtale eller er part i saka.

Dersom foreldra ikkje lever saman når barnet vert født, og dei ikkje har gjort avtale om tilskotet, skal tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet.

Får den tilskotspliktige forsytartillegg frå Forsvaret i samband med avtening av førstegangsteneste eller sivilteneste, eller har rett til anna yting frå det offentlege der barnetillegg er ein del av stønaden, kan tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet for den tida slikt tillegg vert utbetalt.

Eit organ som handsamar sak om fastsetjing av tilskot, har same rett til å krevje opplysningar som tilskotsfuten etter § 10 andre stykket.

§ 71. Offentleg utmåling av fostringstilskot

Tilskotsfuten skal fastsetje tilskotet slik at fastsette utlegg til forsyting av barnet etter barnet sin alder (underhaldskostnadene) vert delte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira. Tilskotet skal likevel ikkje fastsetjast til eit høgare tilskot enn at tilskotspliktige har att fastsette midlar til eige underhald mv. (bidragsevnevurderinga). Tilskotet skal som hovudregel reduserast for munnleg eller skriftleg avtalt eller offentleg fastsett samvær. Har foreldra avtala delt bustad etter lova § 36, gjeld særskilte reglar.

Tilskotsfuten skal av eige tiltak regulere fostringstilskotet når barnet går over til ei ny aldersgruppe om ikkje anna er fastsett i forskrift etter tredje ledd.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om utmåling av fostringstilskot etter lova her.

§ 75. Tilhøvet mellom avgjerdsorgan og påstandar frå partane

I klagesaker og i saker om endring av tilskot etter § 74 kan avgjerdsorganet gå utanfor det partane gjer påstand om. Avgjerdsorganet kan også endre andre tilskot etter barnelova og forsytingstilskot til ektemake endå om ingen av partane krev det.

Der tilskotspliktige med fleire barn ikkje har full tilskotsevne eller samla tilskotsplikt er høgare enn ein viss prosent av inntekta eller oppfostringstilskot er fastsett etter lov 17. juli 1992 nr. 100 § 9-2, kan avgjerdsorganet av eige tiltak foreta samla forholdsmessig fastsetjing av tilskota til barna. Dette gjeld i alle typar saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring eller der tilskotsfuten av eige tiltak kan ta opp eit krav. Regelen gjeld uavhengig av om tilskotspliktige har barn med same tilskotsmottakar eller fleire tilskotsmottakarar. Lova §§ 70 andre stykket og 74 første stykket gjeld tilsvarande. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om samla forholdsmessig fastsetjing av tilskot.

§ 77. Klage

Avgjerd om fostringstilskot til barn fastsett av tilskotsfuten kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer. Klageretten gjeld ikkje avgjerd som berre gjeld regulering ved overgang til ny aldersgruppe etter § 71 andre stykket.

Til forsiden