Prop. 60 L (2023–2024)

Endringar i lov om tannhelsetjenesten mv. (rett til tannhelsetenester for unge vaksne, personar med rusmiddelavhengigheit mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Helse- og omsorgsdepartementet legg her fram forslag til endringar i tannhelsetjenesteloven. Lovforslaga vil gi fleire pasientgrupper rett til nødvendig tannhelsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta, delvis eller heilt utan vederlag.

For unge vaksne i alderen frå og med 21 til og med 24 år blir det foreslått å lovfeste ein rett til nødvendig tannhelsehjelp. Vederlaget blir foreslått regulert i forskrift om vederlag for tannhelsetjenester i den offentlige tannhelsetjenesten, vederlagsforskrifta, og i høyringa blei det foreslått vederlag i form av 25 prosent eigenbetaling, berekna ut frå takstane til departementet. Departementet tar sikte på å fastsetje endringar i forskrifta i etterkant av at Stortinget har behandla denne lovproposisjonen.

For personar med rusmiddelavhengigheit foreslår departementet å lovfeste rett til nødvendig tannhelsehjelp for dei pasientane som får tenester i den kommunale helse- og omsorgstenesta etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b og § 3-6 nr. 2. Tilsvarande foreslår departementet å lovfeste rett til nødvendig tannhelsehjelp for dei pasientane som får legemiddelassistert rehabilitering i spesialisthelsetenesta, og for innsette i fengsel i kriminalomsorga. For desse gruppene blei det i høyringa foreslått nærare angitte vilkår i vederlagsforskrifta for at tenestene skal ytast vederlagsfritt. Vilkåra inneber at tannhelsetenestene blir gitt vederlagsfritt dersom opphaldet eller tenestene dei får varer lenger enn tre månadar. Departementet tar sikte på å fastsetje endringar i forskrifta i etterkant av at Stortinget har behandla denne lovproposisjonen.

Gruppene som ein no foreslår å ta inn i loven får eit rettsleg krav på tannbehandling frå den offentlege tannhelsetenesta. For dei unge vaksne pasientane er målet å sikre god tann- og munnhelse i eit livsløpsperspektiv, og forslaget vil bidra til det førebyggjande arbeidet på tannhelsefeltet ved å skape gode vanar for pasientane, med regelmessig tannhelsekontroll.

Dei andre pasientgruppene som ein foreslår å ta inn i loven har tidlegare hatt eit behandlingstilbod i den offentlege tannhelsetenesta som følgje av økonomiske tilskot i budsjetta til fylkeskommunane, men dei har ikkje hatt ein lovfesta rett til tenestene. Dette er pasientgrupper med til dels store og samansette helseutfordringar, som tradisjonelt har stått svakt, og departementet foreslår med dette å styrkje rettsstillinga deira i tannhelsetenesta. Når retten til behandling blir nedfelt i loven, kan pasientane også klage dersom dei meiner retten ikkje blir oppfylt.

Departementet foreslår også å oppheve tannhelsetjenesteloven § 1-3 andre ledd om prioritering mellom pasientgrupper. Denne føresegna blei innført medan den fylkeskommunale tannhelsetenesta blei bygd opp, men kan ikkje lenger seiast å vere i tråd med prinsippa om den lovfesta retten pasientane har til behandling i den offentlege tannhelsetenesta. Når føresegna blir oppheva inneber dette også å oppheve mogelegheita for fylkeskommunen til å avvise pasientar som har rett til tannhelsehjelp ut frå ressursomsyn i tenesta.

Forslaga til endringar i tannhelsetjenesteloven, samt omtale av gjeldande rett og høyringa, går fram av kapittel 2, 3 og 4.

Som ei direkte følgje av lovforslaga vil departementet, etter at Stortinget har behandla denne lovproposisjonen, gjera endringar i vederlagsforskrifta som nemnt ovanfor og endringar i forskrift om stønad til helsetjenester mottatt i et annet EØS-land

I tillegg til endringane i tannhelsetjenesteloven, foreslår departementet i denne proposisjonen endringar i alkoholloven § 10-5 og legemiddelloven § 28 a når det gjeld skuldkravet for føretak ved ilegging av lovbrotsgebyr. Desse lovendringane, i tillegg til omtale av gjeldande rett og høyringa, er omtalte i kapittel 5.

Økonomiske og administrative konsekvensar av lovforslaga er omtalte samla i kapittel 6.

Til forsida