St.prp. nr. 37 (1996-97)

Om ein del løyvingsendringar m.v. for 1997 på Samferdselsdepartementets område

Til innholdsfortegnelse

2 Omtale av forslag til endringar av ein del løyvingar m.v. for 1997 på postnivå

Kap. 1300 Samferdselsdepartementet

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 1997 vedtok Stortinget at Samferdselsdepartementet kan opprette to nye stillingar (2-årsheimlar som avdelingsdirektør og rådgjevar) i ein eigen IT-seksjon, mellom anna fordi Samferdselsdepartementet skulle ha ei koordinerande rolle i IT-arbeidet. Etter at dette ansvaret gjekk over til det nye Planleggings- og samordningsdepartementet, er det ikkje lenger aktuelt å opprette ein eigen IT-seksjon i Samferdselsdepartementet. Departementet vil likevel framleis ha eit vesentleg arbeid med handsaming og koordinering av IT-spørsmål knytt til departementet sitt ansvarsområde for å sikre best mogleg grunnlag for ein samla IT- og telepolitikk. Departementet vil òg framover ha eit ressurskrevjande arbeid med FoU på informasjons- og kommunikasjonsteknologiområdet for å fremje utviklinga av det norske informasjonssamfunnet og for å sikre ein velfungerande IT- og telekommunikasjonsmarknad i Noreg. Det vil ikkje vere mogeleg å dekkje desse oppgåvene innanfor dei stillingsressursane departementet no har til rådvelde. Det blir derfor gjort framlegg om at ein av dei vedtekne 2-årsheimlane blir omgjort til ei rådgjevarstilling, tidsavgrensa til to år.

Ved handsaminga av St.prp. nr. 2/Innst. S. nr. 31 (1996-97) Om endra tilknytingsform for Postverket og NSBs trafikkdel m.m., gjekk statens eigarrolle i Postbanken over frå Postverket til Samferdselsdepartementet. Med dei utfordringane som Postbanken får i dei nærmaste åra, er behovet for eit aktivt eigarskap stort. Det er nødvendig med auka ressursar i Samferdselsdepartementet for å dekkje dei nye oppgåvene som bankeigarskapet fører med seg. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at den andre av dei vedtekne 2-årsheimlane blir nytta til å opprette ei rådgjevarstilling tidsavgrensa til to år, særleg knytt til bankoppgåver i departementet.

Overføring av to eigedomar frå Samferdselsdepartementet til Ellen og Axel Lunds stiftelse

Samferdselsdepartementet v/Hotell- og turistdirektoratet (seinare Reiselivseksjonen) tok i 1952 over eigedomane Skjalgheim og Solvang i Sola kommune til bruk for Norsk Hotellfagskole og Sola Strand Hotell. Da Reiselivseksjonen pr. 1.1.1988 blei overført til det dåverande Næringsdepartementet, blei heimelen til desse eigedomane ikkje overført. Staten v/Samferdselsdepartementet står derfor framleis som eigar av dei.

Ellen og Axel Lunds stiftelse har disponert eigedomane og halde dei vedlike. Eigedomane blei brukte til lærar- og studentbustader. Seinare har dei vore brukte til bustader for dei tilsette og til anna utleige i samband med hotellverksemda. No må ein gjere store utbetringar på bygningane. Stiftelsen meiner det er vanskeleg å setje i gang slike arbeid utan å eige bygningane. Stiftelsen bad derfor om å få ta over bygningane mot å betale kostnadene ved sjølve overføringa. Eigedomane skal fortsatt nyttast til bustader for dei tilsette og til anna utleige i samband med hotellverksemda.

Samferdselsdepartementet treng ikkje eigedomane. Det ser ut til at det i si tid var ei teknisk/formell grunngjeving som førte til at staten i 1952 vart eigar. Undersøkingar i arkiva hos fleire departement, i Riksarkivet og hos Statsbygg har ikkje fått fram opplysningar om tilhøva omkring overtakinga. Mykje tyder likevel på at ein stor del av finansieringa, kanskje heile, kom frå eit hjelpefond for næringslivet, oppretta av midlar samla inn frå næringslivet. Det er Ellen og Axel Lunds stiftelse som stort sett har halde eigedomane vedlike og har vore ansvarleg for driften av dei. For nokre ti-år sidan skal det ved eit par høve ha blitt nytta statlege midlar av lite omfang til vedlikehald. Dersom staten sel eigedomane til marknadspris, vil det sjå ut som om staten skaffer seg verdiar på ein urimeleg måte. I vedtektene til stiftelsen går det fram at formålet for stiftelsen er å drive Sola Strand Hotell. Dette sikrar at eigedomane blir nytta etter føresetnadene. Ved eit eventuelt opphør av stiftelsen skal ledige midlar gå til opplæring for hotell-, restaurant- og reiselivsnæringa.

På denne bakgrunn har departementet kome til at det kan overføre eigedomane til Ellen og Axel Lunds stiftelse for det same nominelle kronebeløpet som eigedomane i si tid blei overførte til staten for, dvs. kr 88 600,- for Skjalgheim og kr 54 000 for Solvang. I tillegg dekkjer stiftelsen kostnadene i samband med overføringa. Dersom stiftelsen seinare vil selje eigedomane, har staten forkjøpsrett til same pris som ved overføringa til stiftelsen, likevel slik at påkostningar vil bli tatt omsyn til.

Ellen og Axel Lunds stiftelse har akseptert overføring på dei nemnde vilkår.

Kap. 1311 Tilskot til regionale flyplassar

Post 60 Tilskot til ikkje-statlege flyplassar

Forslag om at Samferdselsdepartementet skal kunne avtale rentekompensasjon for utsett oppgjer ved statleg overtaking av regionale lufthamner

På grunnlag av St.meld. nr. 15/Innst. S. nr. 128 (1994-95) Om statens engasjement i regional luftfart forhandlar Samferdselsdepartementet om statleg overtaking av 26 regionale lufthamner.

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 7 (1996-97), som Stortinget slutta seg til i Budsjett-innst. S. II (1996-97), la ein opp til å nytte 58 mill. kroner mindre til innløysing av regionale lufthamner i 1997 enn i opphavleg budsjettframlegg. Dette vart grunngjeve med trongen for å redusere dei statlege utgiftene.

Samferdselsdepartementet har på dette grunnlaget og med sikte på å leggje til rette den vidare oppfølginga av St.meld. nr. 15/Innst. S. nr. 128 (1994-95) vurdert nærare kva framdrift som er mest tenleg i prosessen med å overta dei regionale lufthamnene.

Ut frå ei samla vurdering av både dei økonomiske og dei flyplassfaglege sidene, og ikkje minst av omsyn til å kunne gjennomføre nødvendige oppgraderingar av dei regionale lufthamnene, bør forhandlingane fullførast i tide slik at alle dei 26 lufthamnene formelt skal kunne takast over av staten v/Luftfartsverket innan starten av den nye planperioden 1. januar 1998.

Samferdselsdepartementet foreslår derfor å invitere Kortbanesamanslutninga, som representerte eigarane av 24 regionale lufthamner i forhandlingane om rammeavtala for flyplassovertakinga, til å avtale retningsliner som gir staten høve til å overta lufthamner som planlagt, mot seinare oppgjer og med rentekompensasjon rekna frå avtaledato til oppgjerstidspunkt.

Departementet legg opp til å dekkje renteutgiftene for 1997 innanfor vedteke løyving på kap. 1311, post 60, inklusive overførte midlar frå 1996.

Forhandlingar med kommunane

Samferdselsdepartementet syner til omtale i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (1996-97) om resultata av forhandlingane om statleg overtaking av fem regionale lufthamner i Finnmark og Nord-Troms.

I samsvar med rammeavtala mellom Kortbanesamanslutninga og Samferdselsdepartementet er det vinteren 1996/97 forhandla med eigarane av ytterlegare seks lufthamner. Det er semje om følgjande kompensasjonar for kommunale eigeninvesteringar:

Hammerfest kommunekr 19 495 212
Sogndal kommunekr 4 044 069
Gaular og Førde kommunar
(Førde lufthamn)kr 3 872 253
Flora kommune
(Florø lufthamn)kr 32 984 657
Gloppen kommune
(Sandane lufthamn)kr 3 953 437
Ørsta og Volda kommunarkr 3 786 688

I tillegg er det etter nye forhandlingar med Berlevåg kommune semje om å justere kompensasjonen frå kr 2 193 002 til kr 2 569 488.

Staten tok over Hammerfest lufthamn 1. januar 1997 og Berlevåg lufthamn 16. januar 1997. Dei fem lufthamnene på Vestlandet skal etter planen takast over 1. april 1997. Det er ein føresetnad at alle sidene kring avtalene er avklarte.

Vedteke løyving på kap. 1311, post 60, for 1997 er berre tilstrekkeleg til å finansiere overtakinga av seks lufthamner i Finnmark og Nord-Troms, og dessutan Sogndal og Førde lufthamner. Samferdselsdepartementet legg derfor opp til å handtere overtakinga av lufthamnene Florø, Sandane og Ørsta-Volda i samsvar med framlegget om å kunne avtale rentekompensasjon når betaling ikkje kan skje på avtaletidspunktet.

Departementet vil òg nytte dette opplegget ved seinare forhandlingar, i første rekkje for lufthamner i Lofoten og Vesterålen, slik at overtaking her skal kunne skje som planlagt 1. juli 1997. Departementet vil kome attende med orientering om resultata av forhandlingane i denne regionen og om den vidare framdrifta i forhandlingane.

Kap. 1312 Oslo Lufthavn AS

Oslo Lufthavn AS - finansiering av kommersielle tilleggsinvesteringar

Arbeidet med hovudplanen for flyplassen på Gardermoen vart sluttført hausten 1991, det vil seie for meir enn 5 år sidan. Kostnadsramma i planen på totalt 11,4 mrd. 1992-kr er fordelt med 9,7 mrd. 1992-kr til utbygging og 1,7 mrd. 1992-kr til kjøp av grunn og erstatning. Kjøp av grunn og erstatning til Forsvaret er ved handsaminga av St.prp. nr. 94/Inns. S. nr. 216 (1992-93) vedteke overført til Luftfartsverket. Utbyggingskostnadene på 9,7 mrd. 1992-kr tok utgangspunkt i kva som er naudsynt for å realisere ein funksjonell flyplass, basert på faste dimensjoneringskriterium. Omrekninga av kostnadsramma frå 1992-kr er det gjort nærmare greie for i St.prp. nr. 1 (1996-97) frå Samferdselsdepartementet, pkt 1.7.2.

Av hovudplanen, jf. St.prp. nr. 90 (1991-92), går det fram at flyplassinvesteringane hadde ei internrente på 6,8 prosent. Dei økonomianalysane som er gjort seinare viser betre lønsemd for prosjektet enn dei som vart gjort i hovudplanen.

Budsjettet for Oslo Lufthavn AS (OSL) er stramt, og det er ei prioritert oppgåve å halde budsjettet for utbyggingsarbeida innanfor investeringsramma på 9,7 mrd. 1992-kr, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (1996-97).

I dei siste par åra har det vist seg at det i tilknytning til utbygginga, er ønskjeleg å gjennomføre fleire kommersielt lønsame prosjekt som ikkje låg inne i hovudplanen sitt utbyggingsbudsjett på 9,7 mrd. kr. Desse prosjekta er kjenneteikna ved at dei har god lønsemd for OSL, m.a. fordi selskapet alt har ressursar på staden, og ved at det er knytt særskilte inntektsstraumar til det einskilde prosjekt.

Det er i første rekkje brukarane av flyplassen som har tatt initiativ til og ønskjer å få prosjekta realisert i samband med utbygginga. Prosjekta må derfor gjennomførast no. Samstundes vil det vanlegvis ut frå bygningsmessige og praktiske tilhøve vere naudsynt at Oslo Lufthavn AS står som faktisk investor og eigar.

Med den risiko som framleis ligg i sluttføringa av utbygginga, er det ikkje tilrådeleg å førehandsdisponere avsette reservar i OSL sitt utbyggingsbudsjett på 9,7 mrd. 1992-kr til slike kommersielt lønsame prosjekt.

Styret i Luftfartsverket som er generalforsamling i OSL, har oppmoda Samferdselsdepartementet om å medverke til ei ordning med tilleggsfinansiering av slike prosjekt.

Prosjekta blir i hovudsak gjort på oppdrag frå flyselskapa, og dei omfattar m.a. ekstra investeringar i teknisk flyteneste, innreiing av arealer, infrastruktur i form av vegar, kabelkanalar m.m. til fraktbygg, garasjar og verkstader, diverse investeringar i samband med ombygging og opprusting av eksisterande ekspedisjonsbygg og overtatte bygningar, bygging av parkeringsplassar m.m. Det er ein føresetnad at alle prosjekta som eit minimum skal oppfylle eit realrentekrav på 7 prosent. Etter avtale med Justisdepartementet byggjer OSL også eit politibygg i tilslutning til sitt eige administrasjonsbygg. Politibygget blir oppført av OSL for utleige til Justisdepartementet etter inngått avtale. Total investeringsramme for desse prosjekta er til saman 320 mill. kr.

Det er etter Samferdselsdepartementet si vurdering viktig at den vedtekne kostnadsramma for hovudflyplassen ikkje set grense for gjennomføring av tiltak som sikrar lønsemda i hovudflyplassprosjektet.

Samferdselsdepartementet tilrår derfor at Oslo Lufthavn AS får auka si samla låneramme for 1997 med 320 mill. kr for å gjennomføre slike kommersielt lønsame prosjekt som er nemnde ovanfor. Det vil bli etablert eit eige forretningsområde innanfor Oslo Lufthavn AS, der styret i selskapet ivaretek denne type kommersielle investeringar.

Samferdselsdepartementet vil understreke at dei tiltaka det er gjort greie for ovanfor, varierer noko med omsyn til konkretisering og framdrift. Som vanleg for løyvinga på kap. 1312 vil ein i 2. halvår revidere lånebehovet og om naudsynt kome attende til Stortinget med forslag om endringar. I første rekkje er det fordelinga mellom 1997 og 1998 som er usikker.

1-Gang-/sykkelveg Lier El-verk - Lyngåskrysset (rv 285)
2-Gang-/sykkelveg Lierkroa - Amtmannsvingen (rv 289)
3-Undergang og gang-/sykkelveg ved Bjørkesvingen, Tranby (rv 289)
4-Utbetring/opparbeiding av gang-/sykkelveg forbi Damtjern (rv 285)

Kap. 1350 Jernbaneverket (jf. kap. 4350)

Endring i utgift til meirverdiavgift

Samferdselsdepartementet foreslår følgjande endringar i vedteke budsjett for 1997:

i 1000 kr
PostSIII 1997Forslag til endringRevidert budsjett 1997
23Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttastunder post 301 759 00056 0001 815 000
30Investeringar i lina, kan overførast1 181 00064 0001 245 000
Sum kap. 13502 940 000120 0003 060 000

I St.prp. nr. 1 (1996-97), s. 141, blei det teke atterhald om evt. auke i utgiftene til meirverdiavgift på kap. 1350 som følgje av det organisatoriske skiljet mellom NSBs kjøreveg og trafikkdel, jf. St.prp. nr. 2/Innst. S. nr. 31 (1996-97).

Det organisatoriske skiljet mellom jernbanens kjøreveg og trafikkdel og det at trafikkdelen no er etablert som eit sjølvstendig rettssubjekt, inneber at Jernbaneverket vil måtte endre sin praksis for utrekning av meirverdiavgift. Innafor forvaltningsverksemda NSB blei det nytta ein felles avgiftsnøkkel der det blei gitt frådrag for inngåande avgift knytt til omsetnaden av godstransport. Jernbaneverket som forvaltningsorgan skilt frå NSB vil no måtte tilpasse seg ein avgiftsmodell der det ikkje blir gitt frådrag for inngåande avgift. I forhold til vedteke budsjett for 1997 vil dette føre til ein auke i utgiftene til meirverdiavgift på kap. 1350 Jernbaneverket, på til saman 120 mill. kr. Av meirutgifta er 56 mill. kr knytt til post 23 Drift og vedlikehald, der 26 mill. kr gjeld drift og 30 mill. kr gjeld vedlikehald, og 64 mill. kr til post 30 Investeringar i lina. Departementet gjer merksam på at beløpa kan vere noko unøyaktige og at det derfor kan hende at løyvingane må justerast.

Samferdselsdepartementet foreslår at meirutgifta blir dekt ved ei tilleggsløyving på til saman 120 mill. kr i 1997 på kap. 1350 Jernbaneverket, til dekning av auken i utgiftene til meirverdiavgift. Auken inneber ein tilsvarande auke i staten sine inntekter og påverkar derfor ikkje budsjettbalansen.

Som følgje av omorganiseringa av NSB vurderer ein for tida også ein del andre avgiftsspørmål som kan få konsekvensar for både Jernbaneverket og NSB BA. Det er førebels for tidleg å seie noko om dei konsekvensar dette kan gi. Samferdselsdepartementet kjem om nødvendig tilbake til dette.

Kap. 4302 Garantiavgift Postbanken

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 1997 vedtok Stortinget at Samferdselsdepartementet i 1997 kan gi garanti, avgrensa til 63 milliardar kr, for innskot i Postbanken. Det blei også vedtatt å løyve 98 mill. kr på kap. 4302 Garantiavgift Postbanken.

I lov 6. desember 1996 nr. 75 om sikringsordningar for bankar og offentleg administrasjon m.v. av finansinstitusjonar, jf. Ot.prp. nr. 63 (1995-96)/Innst. O. nr. 3 (1996-97), er det føresett at Postbanken skal vere medlem av Forretningsbankenes sikringsfond. Postbanken er i tråd med dette blitt medlem av nemnde sikringsfond frå 1. januar 1997. Etter dette gjer Samferdselsdepartementet framlegg om at den statlege garantien fell bort, og at inntektsløyvinga for 1997 som gjeld garantiavgift til staten, fell bort.

Til forsiden