St.prp. nr. 61 (2002-2003)

Om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 25. mai 2000 om barn i væpna konflikt til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane til barnet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram ein proposisjon om samtykke til ratifikasjon av ein valfri protokoll om barn i væpna konflikt til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane til barnet (barnekonvensjonen). Protokollen vart vedteken av FNs generalforsamling 25. mai 2000 etter å ha vorte framtinga av ei arbeidsgruppe oppnemnd av FNs menneskerettskommisjon i 1994. Ei anna arbeidsgruppe tinga i same tidsrom om ein valfri protokoll om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi. Noreg ratifiserte denne protokollen 2. oktober 2001, på grunnlag av St.prp. nr. 58 (2000-2001).

Noreg deltok i arbeidsgruppene med representantar frå Utanriksdepartementet. Noreg skreiv under protokollen om barn i væpna konflikt den 13. juni 2000. Per april 2003 har 111 statar skrive under protokollen, og 51 statar har ratifisert. Protokollen tok til å gjelde 12. februar 2002.

Barnekonvensjonen artikkel 38 set ei nedre aldersgrense på 15 år for rekruttering og deltaking i væpna konflikt. Denne aldersgrensa følgjer òg av andre internasjonale instrument, til dømes tilleggsprotokoll I av 8. juni 1977 til Genèvekonvensjonane av 12. august 1949 (gjeld for internasjonale væpna konfliktar) artikkel 77 nr. 2 og tilleggsprotokoll II av 8. juni 1977 til Genèvekonvensjonane av 12. august 1949 (gjeld for ikkje-internasjonale væpna konfliktar) artikkel 4 nr. 3 bokstav c). Vedtektene til Den internasjonale straffedomstol («Roma-vedtektene») av 17. juli 1998 fastset at rekruttering og bruk av personar under 15 år i stridshandlingar er eit krigsbrotsverk som denne domstolen har kompetanse til å straffeforfølgje, sjå Roma-vedtektene artikkel 8 nr. 2 bokstav b) xxvi) for internasjonale konfliktar og artikkel 8 nr. 2 bokstav e) vii) for ikkje-internasjonale konfliktar.

ILO-konvensjon nr. 182 av 17. juni 1999 om forbod mot og omgåande tiltak for å avskaffe dei verste formene for barnearbeid artikkel 3 bokstav a), reknar tvungen eller obligatorisk rekruttering av personar under 18 år med sikte på bruk av desse i væpna konflikt som ei av dei verste formene for barnearbeid og såleis som noko som skal vere forbode. Noreg ratifiserte ILO-konvensjonen 21. desember 2000 og er folkerettsleg bunde til å ikkje tvangsmessig rekruttere personar under 18 år til dei væpna styrkane til bruk i væpna konflikt.

Då barnekonvensjonen vart vedteken, meinte mange statar, mellom andre Noreg, at aldersgrensa på 15 år var for låg. Den valfrie protokollen hevar aldersgrensene for rekruttering og deltaking i væpna konflikt og andre kamphandlingar, slik at aldersgrensene no skal vere 18 år både for deltaking og for tvungen rekruttering til dei væpna styrkane til ein stat. Når det gjeld frivillig rekruttering til dei væpna styrkane til ein stat, opnar protokollen for at statane kan binde seg til ei aldersgrense på 16, 17 eller 18 år. Denne kompromissløysinga var naudsynt for å få protokollen vedteken og opnar for at statane i det minste må heve den nasjonale aldersgrensa for rekruttering til dei væpna styrkane til 16 år. Regjeringa gjer i proposisjonen her framlegg om at Noreg bind seg til ei aldersgrense på 18 år for slik rekruttering.

Fordi frigjerings- og opprørsrørsler eller andre såkalla ikkje-statlege aktørar i stor grad rekrutterer og brukar personar under 18 år som soldatar, fastset protokollen ein skyldnad for statane til å forby og kriminalisere slik verksemd. Partane skal samarbeide om gjennomføringa av protokollen. Han opprettar òg eit frivillig fond for eventuell stønad til gjennomføringa. Partane skal rapportere til FNs barnekomité om den nasjonale gjennomføringa av skyldnadene i protokollen.

Regjeringa har ved Ot.prp. nr. 45 (2002-2003) gjort framlegg om at FNs barnekonvensjon med protokollar skal inkorporerast i norsk lov ved ei endring i menneskerettslova av 21. mai 1999. Dersom lovforslaget vert vedteke av Stortinget, vil ratifikasjon av den valfrie protokollen om barn i væpna konflikt innebere at protokollen gjeld som norsk lov og skal ved motstrid gå føre anna lovgjeving, jf. menneskerettslova § 3.

Som trykt vedlegg følgjer protokollen i engelsk autentisk versjon med omsetjing til norsk.