Historisk arkiv

Regionalnytt nr. 10 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Nyheitsbrev om distrikts- og regionalpolitikken

  • KRD viste fram kunsten å bygge landet 
  • Best med og uten ball
  • Distriktsbutikken som bygdeutvikler
  • Hjertelig samarbeid i Midt-Skandinavia
  • Utlysning av ny inkubasjonssatsing fra 2012
  • Nytt om forskning
  • Hva skjer?
     

Regionalnytt

Gunnar Berge, Liv Signe Navarsete, Heiki Holmås og Ottar Brox. Lang historie: Tidlegare statsråd Gunnar Berge (t.v) og, noverande, Liv Signe Navarsete, representant for SV i kommunalkommittèen på Stortinget Heikki Holmås og professor (eremitus) Ottar Brox, under jubileumskonferansen. Sistnemnde er forfattar av boka Hva skjer i Nord-Norge fra 1966 og var hovudtalar under festmiddagen.

KRD viste fram kunsten å bygge landet

Distrikts- og regionalpolitikken er ei suksesshistorie i nasjonal og sosial utjamning. For å føre suksesshistoria vidare, trengst blant anna målretta innsats for å få arbeidsinnvandrarar til å bli.

Dette var blant dei etterlatne inntrykka frå festen og konferansen Kunsten å bygge landet, ei markering av 50-årsjubileum for Noreg sin særskilde politikk for å skape gode samband mellom by og land, distrikts- og regionalpolitikken. 50 år etter at Distriktenes Utbyggingsfond vart oppretta, var distriktskommunen Voss, med om lag 14.000 innbyggarar, eit naturleg val for jubileet. Det levande sentrum på Vossevangen, omgitt av snøkledde toppar, blekkstilt vèr, irrgrøne marker i november og tåkedottar som kledde Vangsvatnet, var kulissar for feiringa. Det nybygde biblioteket og kulturhuset ved breidda av innsjøen husa konferansen. Festmiddagen gjekk føre seg på det historiske Fleischer hotell.

- Å finne land som har ein betre politikk enn oss på dette området skal bli vanskeleg, slo tidlegare statsråd Gunnar Berge fast under jubileumsmiddagen.

Voss kulturbygg 
Moderne lokale: Det nybygde kulturbygget ved Vangsvatnet på Voss var arena for jubileumskonferansen 1. november.

Kva skjedde eigentleg?

Mykje av markeringa handla om kva som eigentleg har skjedd i distriktsutviklinga sidan Noreg vart til. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete la i opningsinnlegget sitt vekt på at distriktspolitikken har røter i nasjonsbygginga på 1800-talet.

- Det gjaldt å utvikle sjølvkjensle og folkestyre. Motrørslene, som arbeidarrørsla og bonderørsla, voks fram. Nasjonen skulle knytast saman til ei effektiv eining. Så kom utviklinga med store pressområde og store byar i takt med auka folkesetnad. Nord- Norgeplanen i 1951 var ein start, Distriktenes Utbyggingsfond kom i 1961, framheva Navarsete.  Ho følgde opp med milepælar som boka Hva skjer i Nord-Norge av Ottar Brox, etableringa av SIVA, transportstøtte, kulturinstitusjonar, den differensierte arbeidsgjevaravgifta og turnuslegeordninga.

Landet som er oppkalla etter ein sjøveg

Professor Frank Aarebrot trekte linene enda lenger tilbake, til handelsmannen Ottar, som på 800-talet kom til kong Alfred i England og ikkje ville kalle seg viking, men presenterte seg med bakgrunn frå nord-vegen.

- Vi er det einaste landet i verda med namn etter ein sjøveg, ikkje eit territorium. Vi skulle eigentleg heitt Viken, framheva Aarebrot.

Resultat av konfliktar og politikk

Aarebrot la vekt på at Noreg har sterke periferiar for å forklare ein sterk distrikts- og regionalpolitikk.  At distriktsområde har fått ein sterk eigen politikk for å skape gode vilkår for å bu og leve der har med maktbalanse å gjere, meiner Frank Aarebrot.

- Sentrum veit at periferien har kraft til å reise seg, men periferien snakkar meir om å reise seg enn kva den verkeleg gjer, sa professoren i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. 

- Også Liv Signe Navarsete var oppteken av at konfliktar er svært levande den dag i dag.

- Konfliktar mellom sentrum og periferi går gjennom alle parti og gjennom alle samfunnsområde, meinte statsråden. John Olav Egeland frå Dagbladet var uroa over at konfliktane kan bli for sterke og skape vanskar.

- Det politiske prosjektet i Noreg har vore integrering av interessemotsetnader, mellom sentrum og periferi, mellom arbeid og kapital og mellom sosiale klassar. Dette prosjektet kan no sjå ut til å slå sprekker, åtvara Egeland. Han viste også til  at media i Oslo ikkje er opptekne av distriktspolitikk.

Representantar for Ole Bull- akademiet på Voss stod for eitt av kulturinnslaga. 
Kulturliv: Representantar for Ole Bull- akademiet på Voss stod for eitt av kulturinnslaga.

Annleislandet?

Ekspedisjonssjef i Regionalpolitisk avdeling (KRD), Hallgeir Aalbu, gav sitt faglege bidrag til forteljinga om suksesshistoria den norske distrikts- og regionalpolitikken. Hans utgangspunkt var nettopp spørsmålet om kvifor distrikts- og regionalpolitikken står så sterkt. Ei forklaring kunne vere at norske regionar skil seg negativt ut i høve til verdiskaping, innovasjon, sysselsetting og folkesetnad. Etter å ha gått gjennom stoda for produktiviteten, sysselsettinga, fordelinga av folk og innovasjonen i norske regionar samanlikna med europeiske, var konklusjonen klar. Norske regionar skil seg heller svært positivt ut. Aalbu meiner distrikta i Noreg står sterkt politisk fordi dei er økonomisk sterke.

- Vi har så mykje distriktspolitikk fordi verdiskapinga skjer over det ganske land, og det er viktig for heile Noreg. Teoriane om kva som gir vekst stemmer ikkje for Noreg. Vi treng andre forklaringsmodellar, konkluderte Aalbu.

Eit samfunn med mobilitet

Hallgeir Aalbu gjekk også i møte med førestellinga om ein straum av flyttelass som går einsidig frå nord til sør i Noreg. Flyttestraumane i Noreg går i mange retningar samtidig. 

- Det er både negativ og positiv folketalsutvikling spreidd utover heile landet. Det er enorm forskjell for ein kommune om du tapar 50 innbyggarar og ingen flyttar inn, enn om det flyttar 450 ut og 400 inn. Det gir rom for policy, sa Hallgeir Aalbu.

Politikk med resultat

Liv Signe Navarsete la vekt på å vise kva politikken har hatt å seie.

- I løpet av livet mitt i Sogndal har eg opplevd å få flyplass, høgskule og Vestlandsforsking. Eg hadde hatt eit heilt anna liv dersom desse tinga ikkje fanst, sa statsråden, som også la vekt på at folketalsutviklinga no er positiv.

- Vi har altså no dei beste flyttetala på 50 år, poengterte statsråden.

Litt malurt

Sosiologen Andreas Hompland tok på seg oppgåva å nyansere forteljinga om ei suksesshistorie og åtvara mot falske profetar og tomme ord.

- Dei siste 10-20 åra har det vore ein innovativ flaum av kampanjar og pilotprosjekt med stadig raskare takt; eg nemner i fleng: Porterklynger og krumme bananar, program for privat tenesteyting og kvinnelige etablerarar i distrikta, hårløftingsprosjekt, næringshagar, stedsutvikling, omdømmebygging, innovasjon, kulturelt særpreg, bulyst og mykje meir, meinte Hompland

Førsteamanuensis Peter Arbo frå Universitetet i Tromsø utfordra også distriktspolitikken, men rosa viljen til endring.

- KRD har vist seg som eksperimenterande og lærevillig og var først til å plukke ut innovasjon som satsingsområde. Han peikte også på vanskane med å driva eit departement med eit politikkområde der innsatsen gjennom dei andre departementa tel mest. Arbo råda likevel regjeringa til å slakte hellige kyr.

-  Folk kan ikkje bu over alt. Vi treng nettverk av små og mellomstore byar, meinte Arbo.

Voss torg
Levande distriktskommune: Voss har eit levande sentrum. Om lag 14000 menneske bur i kommunen.

Kva no?

Avslutninga på konferansen var prega av at næringslivet i store delar av Distrikts-Noreg har  mangel på arbeidskraft.

- Aldri før har vi stått overfor ein situasjon der vi har permanent mangel på arbeidskraft, påpeikte Dyveke Hamza frå Manpower. Ho slo eit slag for rett til gratis norskopplæring for arbeidsinnvandrarar og ei rekke tiltak for å inkludere innvandrarar i lokalsamfunn på måtar som gjer at dei blir buande.

- Utan arbeidsinnvandring hadde eg ikkje sitte her og smilt. Vi ser at innvandringa er framtida, sa Eva Husby. Ho er ordførar i Hasvik kommune i Finnmark, som har klart å gå i bresjen for å snu krise til framtidstru, etablere nye arbeidsplassar og å drive stadutvikling. Også ordførar i Austevoll, Helge Andrè Njåstad (Frp), var klokkeklar på at innvandring var ein føresetnad for utviklinga som har skjedd i kommunen hans.

På filmen laga spesielt for jubileet, Kunsten å bygge landet, er også professor ved Norges Handelshøyskole i Bergen, Victor Normann intervjua. Også her var er blant anna arbeidsinnvandring tema.

-  Vi er veldig naive dersom vi trur at barna til innvandrarane får andre preferansar for flytting enn det våre eigne barn har, påpeiker Normann blant anna i intervjuet.

Revitalisering eller reproletarisering?

Direktør i Møreforskning, Roar Tobro, peika på at mange høgt utdanna innvandrarar har arbeid dei er svært overkvalifiserte for og ropa eit varsku både om innvandrarar og om Distrikts-Noreg. 

- Vi må syte for at innvandringa som no forårsakar folkevekst i heile landet blir ei revitalisering, ikkje ei reproletarisering. Det siste kan det godt bli, understreka Roar Tobro.

Fleire av innlegga frå konferansen blir elles å finne i neste utgåve av tidsskriftet Plan

___________________________________________________________________________________________________________

Best med og uten ball

- De fylkene som har best samhandling, har også de mest fornøyde kommunene. I tillegg er de flinkest til å spille kommunene gode, sier forskeren Lars Kobro. Stedet er Gardermoen og temaet er samhandling på årskonferansen i LUK- Lokal samfunnsutvikling i kommunene.

_____________________________________________________________________________________

Butikken i Tufsingdalen. Heidi Lundstedt driver butikken. 
Nærhet: - Butikken er viktig for å kunne opprettholde bosettingen i Tufsingdalen. Folk flytter ikke til en bygd med fem mil til nærmeste dagligvare, sier Heidi Lundstedt etter å ha bodd 6 år i Tufsingdalen.

Distriktsbutikken som bygdeutvikler

Låne bøker, bestille hytter, overnatting og fiskekort, sende byggesøknad til påbygg av hytta samt sjekke været og oppdatere Facebook-sidene. Alt dette kan du nå gjøre i flere små dagligvarehandler i Hedmark, samtidig med at du gjør dine innkjøp.

Merkur-programmet, som eies av Kommunal- og regionaldepartementet, har i samarbeid med Interreg-prosjektet Scandinavian Heartland utviklet en pilotmodell for bærekraftig service i utkantstrøk ved å utvikle den lokale dagligvarebutikken som servicesenter. Scandinavian Heartland er et interregprosjekt mellom Dalarna i Sverige og Fjellregionen i Hedmark. I Hedmark deltar de tre kommunene Os, Tynset og Stor-Elvdal og på svensk side ni kommuner.

Vårt daglige brød og mere til

Målet med prosjektet er å åpne muligheter for at nærbutikken skal få flere bein å stå på.

– Dagligvarebutikken i utkantstrøkene er viktig å opprettholde både som sosialt treffpunkt og som servicesenter i bygdemiljøet, sier Jon Hidle, ansvarlig for Merkur-programmet i Hedmark. Det styrker både livskvalitet, overlevelsesevne og servicenivået i lokalsamfunnet, mener Hilde.

Merkur-programmet har i samarbeid med Høgskolen i Hedmark utviklet en elektronisk infokiosk med tilkobling til internett utplassert i utkantbutikker i Sollia, Kvikne og Tufsingdalen. Her ligger offentlig informasjon lett tilgjengelig, lokale og regionale foretak markedsfører og selger sine varer og tjenester og besøkende kan bestillehytter og overnatting, fiske- og jaktkort og bøker fra kommunebiblioteket.

Viktig stoppeffekt

– Infokiosken har vist seg å være en tjeneste som spesielt hytteeiere, turister og gjennomreisende benytter seg mye av. Men det er også viktig for den eldre befolkningen, som ikke er datakyndig, å få hjelp av betjeningen til ulike gjøremål på internett, forteller daglig leder ved Joker Atnbrua i Sollia, Jørn Sverre Lien.

Butikken ligger ved foten av Rondane og er den eneste butikken langs Nasjonal Turistveg Rondane, en strekning på drøyt fire mil mellom Enden og Folldal.

– Dette er en super tjeneste vi ser det er behov for, siden det er for lite informasjon tilgjengelig langs selve turistvegen, konstaterer Lien.

Kafèkroken i Kopparledens Landhandel. 
Møteplass: Kafèkroken i Kopparledens Landhandel er sjelden tom. Dette er et viktig sosialt møtested i bygda.

Bygd uten butikk er en fattig bygd

Heidi Lundstedt ved Kopparledens Landhandel i Os kommune har samme erfaringer som Lien i Sollia. Infokiosken har fungert som et lite minituristkontor og får folk til å bli lenger i butikken. De kjøper kaffe og surfer. Bensinpumpa ved butikken, som gårdbrukere i bygda har fått satt opp, får også folk til å stoppe. Kommunen sørget for å redusere fartsgrensen fra 80 til 60 kilometer i timen forbi butikken. Bygda har 70 husstander, og i nærområdet er det over 200 hytter. Til kommunesenteret Os er det fem mil.

Butikkbestyrer og samfunnsentreprenør

Ansvarlig for Merkur-programmet, Hidle, har lenge samarbeidet tett med Kopparledens Landhandel. Han mener Lundstedt er et konkret eksempel på den nye handelsmannen eller kvinnen som tilpasser seg en ny tid og også tar rollen som samfunnsentreprenør. Lundstedt flyttet fra Oslo i 2005 og kjøpte en dagligvarebutikk som hadde vært konkursrammet flere ganger. Bygdefolket og hytteturister støttet opp på alle mulige måter. Folket i bygda pusset opp leilighet for Lundstedt i andre etasje på butikken.

Nå har hun har kjøpt eget hus og vil bruke hele andre etasje som kafè og bibliotek for innbyggere og tilreisende. Biblioteket fyller hun med private bøker til utlån, men vil også samarbeide med kommunens bibliotek. Bøker derfra kan bestilles via infokiosken.

Sammen med andre organisasjoner og ildsjeler i bygda skal hun drive en bringetjeneste for varm mat og varer til eldre i bygda. Etter hardt arbeid fikk landhandelen også tilbake kommisjonærstatusen for Norsk Tipping, noe som betyr mye for omsetningen.

Linker

___________________________________________________________________________________________________________

Hjertelig samarbeid i Midt-Skandinavia

Interreg IVA Sverige-Norge gir grønt lys til elleve nye samarbeidsprosjekter langs grensen til Sverige. En av disse er den nye regionen Vaajma, som ligger mellom Jämtland og Nord-Trøndelag. Vellykkede næringsetableringer har skapt et skrikende behov for arbeidskraft og kompetanse i regionen.  

___________________________________________________________________________________________________ 

Utlysning av ny inkubasjonssatsing fra 2012

SIVA viderefører støtten til inkubatorer i en ny programperiode fra 2012, i en fortsatt satsing for å bygge rugekasser for næringsutvikling i alle deler av landet. Dette er en videreutvikling av de nasjonale inkubatorprogrammene; FoU-inkubatorprogrammet med distribuert løsning, Industri-inkubatorprogrammet og mat- og naturinkubatorprogrammet, som SIVA har vært operatør av siden 2000. Disse programmene slås nå sammen til ett program.

___________________________________________________________________________________ 

Nytt om forskning

  • Oxford Research har evaluert entreprenørskapsprogrammet hoppid.no i Møre og Romsdal. I rapporten frå Oxford Research om hoppid.no-satsinga heiter det at "Alt i alt betrakter vi hoppid.no som et meget ambisiøst og dynamisk program med en unik innretning, i alle fall i norsk sammenheng."

 

  • Høgskulen for landbruk og bygdenæringar (HLB) følgjeevaluerer Fylkesmannen i Nordland sitt pilotprogram ”Liv i fjøsan. Fra tomme fjøs til nærings- og kulturinstitusjoner”. Programmet skal generera kunnskap om bruk av tomme driftsbygningar innanfor nye næringar. Programmet følgjer 10 tomme driftsbygningar i Nordland på vegen mot nærings- og kulturbygg. HLB legg no fram rapporten frå midtvegsevalueringa. Denne viser tydeleg at i botnen for ei kvar vellukka omdanning frå tom driftsbygning til ny næringsarena ligg ein god porsjon menneskeleg kreativitet og skaparglede.

___________________________________________________________________________________________________

Hva skjer? 

1) Et sted å jobbe, et sted å bo!, 30. november og 1. desember, Moss.
Planforum i Østfold arrangerer en todagers konferanse i samarbeid med Forum for stedsutvikling der tema er om god næringsutvikling er avhengig av at det skapes attraktive byer og steder – samtidig som god stedsutvikling er avhengig av et levende næringsliv.

2) Hvordan løse boligpolitiske utfordringer i distriktene? 5. - 6. desember, Bodø.  
Boligsituasjonen kan være til hinder for folketallsutviklingen i distriktsområder, og boligetablering og -finansiering er krevende oppgaver. Hvordan løser vi utfordringene? Hvor ligger mulighetsrommet? Husbanken og Distriktssentret inviterer til nasjonal erfaringskonferanse om muligheter for positiv utvikling og eksempler på løsninger.

3) Interprise Innovation 8. - 9. februar 2012, Luleå.
Som en viktig del av Interreg prosjektet ”Northern Innovation Network” skal det arrangeres en internasjonal møteplass for innovatører, industri, investorer, FoU og virkemiddelapparat fra Nordkalottenregionen. Arrangementet planlegges gjennomført i samarbeid mellom ALMI Nord, Forskningsparken i Narvik og Bedriftskompetanse Narvik.

4) Nordisk bygdeforskningskonferanse, 21. - 23. mai 2012, Joensuu, Finland.
Tittelen på konferansen er 'Rural at the Edge'. Konferansen er organisert som et felles nordisk samarbeid der vertsskapet er Finnish Society for Rural Research and Development i samarbeid med Finnish National Rural Network.