Historisk arkiv

Odd Reidar Solem i TV2 får Kulturdepartementet sin nynorskpris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Nynorskprisen for journalistar går i år til nyhendeanker Odd Reidar Solem i TV2. Prisen er på 50.000 kroner og vert delt ut under Dei Nynorske Festspela i Ørsta 26. juni.

Odd Reidar Solem, foto: TV2Nynorskprisen for journalistar går i år til nyhendeanker Odd Reidar Solem i TV2. Prisen er på 50.000 kroner og vert delt ut under Dei Nynorske Festspela i Ørsta 26. juni.

Juryen  grunngjev tildeling med at Solem i fleire tiår har skilt seg ut med å bruke ein levande og god nynorsk som journalist i avis, radio og fjernsyn. Han er svært oppteken av korleis vi brukar språket vårt og er sjølv eit godt føredøme.

Etter å ha vore med i det fyrste kullet ved medielina på Høgskulen i Volda i 1973, arbeidde han nokre år i avis før han byrja i NRK i 1977. Frå 1989 var han redaktør i Romsdals Budstikke i Molde, før han byrja i TV2 i 1993.

Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har vore journalist Gry Molvær (leiar), sjefredaktør Tom Hetland og forfattar Olaug Nilssen.

Foto: TV2