Kongen i statsråd har i dag oppnemnt Petroleumsfondets etiske råd.Samstundes har Finansdepartementet fastsett ny forskrift for forvaltinga av fondet som tek til å gjelde 1. desember 2004. I samsvar med omtalen i Revidert nasjonalbudsjett 2004 vil ein frå 1. desember leggje Miljøfondet inn i den ordinære porteføljen til Petroleumsfondet.
Opprettinga av rådet er eit ledd i innføringa av etiske retningsliner for Petroleumsfondet. Retningslinene byggjer på forslaget frå Graverutvalet og vart omtalt i Revidert nasjonalbudsjett 2004. Rådet er sett saman av fem medlemmer som skal gje Finansdepartementet tilråding om kva verdipapir som skal utelukkast frå Statens petroleumsfond i samsvar med dei etiske retningslinene.
Les meir om rådet sitt mandat her.
Rådet sine medlemmer er:
Avdelingsdirektør Gro Nystuen, Bærum (leiar)
Professor Andreas Føllesdal, Oslo
Miljøsjef Anne Lill Gade, Sandefjord
Professor Ola Mestad, Oslo
Administrerande direktør Bjørn Østbø, Bergen