Meld. St. 21 (2013–2014)

Finansmarknadsmeldinga 2013

Til innhaldsliste

7 Verksemda til Folketrygdfondet

7.1 Innleiing

Folketrygdfondet er eit statleg særlovselskap som har til oppgåve å forvalta Statens pensjonsfond Noreg (SPN) og Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet. Verksemda i dei to fonda er regulert gjennom overordna mandat som er fastsette av departementet, medan styret i Folketrygdfondet er ansvarleg for den operative forvaltninga. Målet med Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er høgast mogleg avkastning målt i norske kroner. Det finansielle målet for Statens obligasjonsfond er høgast mogleg avkastning over tid innanfor det regelverket som gjeld for forvaltninga. Samstundes skal det takast omsyn til målet om å medverka til auka likviditet på, og betre kapitaltilgang til, kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. Finansdepartementet følgjer opp Folketrygdfondet si forvaltning av dei to fonda mellom anna gjennom kvartalsvise møte.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er omtala i Meld. St. 19 (2013–2014) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2013, der departementet òg gjer greie for sine vurderingar av dei oppnådde resultata i forvaltninga. Folketrygdfondet si forvaltning av Statens obligasjonsfond er omtala i avsnitt 7.4 under. Statens obligasjonsfond er i ferd med å bli avvikla.

Folketrygdfondet har for 2013 utarbeidd ein årsrapport om forvaltninga av SPN og Statens obligasjonsfond. I tillegg har Folketrygdfondet utarbeidd kvartalsrapportar om SPN. Årsrapporten frå Folketrygdfondet følgde som utrykt vedlegg til Meld. St. 19 (2013–2014).

I samsvar med § 13 i lov om Folketrygdfondet har departementet peika ut ein ekstern revisor til å revidera rekneskapen for Folketrygdfondet, inkludert forvaltninga av SPN og Statens obligasjonsfond. Det skjedde etter ein offentleg konkurranse der tilbydaren med det samla sett økonomisk beste tilbodet fekk tilslaget. Det er òg inngått ei avtale med revisor om eit attestasjonsoppdrag for å stadfesta at forvaltninga av SPN er i samsvar med lov, mandat, forskrift o.a. som er fastsette av departementet. Riksrevisjonen skal følgja opp og føra tilsyn med Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. riksrevisjonslova § 9.

Departementet har i ei særskild forskrift fastsett nærare reglar om korleis rekneskapen for Folketrygdfondet skal førast, jf. forskrift 8. desember 2011 nr. 1217 om årsregnskap m.m. for Folketrygdfondet. Etter lov om Folketrygdfondet § 12 skal årsrekneskapen og årsmeldinga til Folketrygdfondet godkjennast av departementet og leggjast fram for Stortinget. Finansdepartementet godkjende årsrekneskapen og årsmeldinga 2. april 2014.

7.2 Leiing og administrasjon

Folketrygdfondet har eit styre på sju medlemer, med to fast møtende varamedlemer, jf. lov om Folketrygdfondet § 8. Styret i Folketrygdfondet består av følgende personer:

  • advokat Erik Keiserud (leder)

  • siviløkonom og rådgiver Mai-Lill Ibsen

  • siviløkonom og banksjef Marianne Hansen

  • dr. polit., førsteamanuensis og forsker II Per Botolf Maurseth

  • professor i finansiell økonomi Bernt Arne Ødegaard

  • konsernsjef og statsautorisert revisor Maalfrid Brath

  • siviløkonom og administrerende direktør Renate Larsen

Faste vararepresentanter:

  • dr. oecon. og førsteamanuensis Trond M. Døskeland

  • advokat og rådgiver Anne Kvam

Ved handsaming av administrative saker vert styret supplert med éin medlem og éin observatør som vert valde av og blant dei tilsette. Tilsettvalde medlem er Henning Lund.

Styret i Folketrygdfondet har sett ned eit saksforbuande revisjonsutval med Mai-Lill Ibsen (leiar), Marianne Hansen og Maalfrid Brath.

Ved utgangen av 2013 hadde Folketrygdfondet 49 tilsette, det samme som ved inngangen til året. Kvinner utgjorde 39 pst. Ved årsskiftet sat åtte personar i leiargruppa i Folketrygdfondet, av dei var fire kvinner.

I årsmeldinga av 5. mars 2014 har styret i Folketrygdfondet gjort greie for styrearbeidet i 2013. Det er halde åtte styremøte i 2013, med eit oppmøte på i gjennomsnitt 87,5 pst. Styret nemner i meldinga si at det gjennom 2013 har vore arbeidd mykje med strategisk plan for investeringsvirksomheten, Folketrygdfondets eierskapsutøvelse og ansvarlig investeringspraksis, samt ulike vurderingar av risiko. Styret ser kontrollsystema og kontrollmiljøet i Folketrygdfondet som gode, og det er ikkje avdekt vesentlege operasjonelle feil i drifta.

7.3 Statens pensjonsfond Noreg

Marknadsverdien til SPN var ved utgangen av 2013 167,8 mrd. kroner, som er 22,6 mrd. kroner høgare enn ved inngangen til året. Verdien av aksjane i SPN utgjorde ved årsskiftet 105,1 mrd. kroner.

Porteføljeresultatet utgjorde 22 787 mill. kroner. Av dette utgjorde renteinntekter 2 637 mill. kroner, utbyte 3 605 mill. kroner og andre porteføljeinntekter og -kostnader -357 mill. kroner. Forvaltningskostnadene utgjorde 139 mill. kroner, og dei vert dekte ved at godtgjersla til Folketrygdfondet vert trekt frå bruttoavkastninga i SPN.

I 2013 var avkastninga av SPN 15,7 prosent målt nominelt i kroner, og resultatet er særleg prega av oppgang i aksjemarknadene i fjor. Folketrygdfondet oppnådde i 2013 et lågare resultat enn referanseindeksen for norske aksjar og obligasjonsinvesteringar. Mindreavkastninga vart 0,9 prosentpoeng før forvaltningskostnader.

Styret i Folketrygdfondet peikar i årsmeldinga for 2013 på at dei vurderer det slik at det strukturelle rammeverket som no er etablert, er tenleg for dei oppgåvene Folketrygdfondet er sett til å ta seg av.

I årsmeldinga for 2013 peikar styret på at Folketrygdfondet vert vurdert til å ha eit godt risikostyringssystem for forvaltninga av SPN jamført med beste praksis. Dei fastsette risikorammene ligg etter styret si vurdering på eit forsvarleg nivå, og den forventa relative volatiliteten har i 2013 lege innanfor dei fastsette rammene.

Ekstern revisor for Folketrygdfondet, Ernst & Young, har gjeve revisjonsmelding for 2013. Ifølgje meldinga er årsrekneskapen for SPN levert i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit rett bilete av den økonomiske stillinga til SPN per 31.12.2013 og av resultatet i rekneskapsåret, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.

7.4 Statens obligasjonsfond

7.4.1 Innleiing

Statens obligasjonsfond vart skipa i mars 2009 med ei ramme på 50 mrd. kroner. Meininga med fondet var å medverka til auka likviditet og betre kapitaltilgang på kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. Statens obligasjonsfond har vore eit generelt verkemiddel overfor obligasjonsmarknaden ved at fondet saman med andre investorar har kjøpt obligasjonslån som er lagde ut av norske føretak på både fyrstehandsmarknaden og andrehandsmarknaden.

Folketrygdfondet la den 19. desember 2013 fram ein plan for avviklinga av fondet, i tråd med krav i mandatet frå departementet. Departementet har i brev til Folketrygdfondet 21. mars 2014 fastsatt ein avviklingsplan, i tråd med forslaget frå Folketrygdfondet. I samsvar med denne planen skal det ikkje plasserast nye midlar i obligasjonsmarkedet og fondet skal gradvis byggjast ned. Departementet vil orientere om røynslene med fondet etter at det er endeleg avvikla.

7.4.2 Plasseringane

Det har vore eit kraftig fall i rentenivået sidan Statens obligasjonsfond vart skipa vinteren 2009, og kredittpåslaga på verdipapir i norske kroner er no lågare enn då dei toppa seg under finanskrisa.

Ved utgangen av 2013 var 256 mill. kroner av den samla ramma på 50 mrd. kroner plassert i marknaden. Resten av midlane står på ein ikkje-renteberande konto i Norges Bank. Det var investert i totalt tre ulike lån. Statens obligasjonsfond har òg plasseringar i aksjer i eit selskap kor den opprinnelige obligasjonsbeholdninga vart konvertert til aksjar.

Ved utgangen av 2013 var marknadsverdien av eigedelane i Statens obligasjonsfond 52,3 mrd. kroner, som er 0,1 mrd. kroner høgare enn året før. Utviklinga i marknadsverdien i fyrste del av 2013 var prega av god likviditet og kapitaltilgang i den norske obligasjonsmarknaden.

Totalresultatet for 2013 utgjorde 131 mill. kroner etter frådrag for 6 mill. kroner i forvaltingskostnad.

7.5 Særlovselskapet Folketrygdfondet

Administrasjonskostnadene til Folketrygdfondet utgjorde om lag 145 mill. kroner i 2013 medrekna utbytte til staten. Dei samla administrasjonskostnadene var om lag 12 mill. kroner høgere enn i 2012. Overførte forvaltningshonorar frå SPN utgjorde 139 mill. kroner, eller 0,089 prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital i 2013. Dette er innanfor ramma som er fastsett av departementet.

Årsrekneskapen for Folketrygdfondet for 2013 viser eit overskot på om lag 1,2 mill. kroner. Det er gjort framlegg om at beløpet vert sett av til utbyte til staten, jf. Prop. 1 S (2009–2010). Folketrygdfondet sin eigenkapital var 31. desember 2013 på 46,7 mill. kroner, mot 60,6 mill. kroner ved utgangen av 2012.

Ekstern revisor for Folketrygdfondet konkluderer i si revisjonsmelding for 2013 med at årsrekneskapen for Folketrygdfondet er avgjeven i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit korrekt bilete av den økonomiske stillinga per 31.12.2013 og av resultatet i rekneskapsåret, i samsvar med god rekneskapsskikk i Noreg.

Revisor har for året 2013 fått i oppdrag å gjennomføra eit attestasjonsoppdrag knytt til rammeverket for risikostyring og kontroll av prosessen med handlar. Revisor konkluderer i attestasjonsfråsegna si med at utformingen og gjennomføringen av rammeverket i det alt vesentlegaste er i samsvar med internasjonalt anbefalt praksis og ledende praksis.

Til forsida