Meld. St. 21 (2013–2014)

Finansmarknadsmeldinga 2013

Til innhaldsliste

8 Verksemda til States finansfond

8.1 Innleiing

Statens finansfond vart skipa 6. mars 2009, same dagen som lov om Statens finansfond vart sanksjonert. Lova vart vedteken av Stortinget på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009), som vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart skipa med ein kapital på 50 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 40 (2008–2009), Innst. S. nr. 158 (2008–2009) og vedtak nr. 230 26. februar 2009. Opprettinga av Statens finansfond var eit tiltak som vart sett i verk for å førebyggje og motverke effekten av den internasjonale finanskrisa. Overvakingsorganet i EFTA (ESA) godkjende tiltaket 8. mai 2009. Fondet var ope for søknader om kapitaltilførsel frå medio mai 2009 til ultimo september 2009.

Målet med Finansfondet er å «bidra midlertidig med kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette bankene bedre i stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lov om Statens finansfond § 1. Finansfondet høyrer inn under Finansdepartementet. Fondet skal leggje særleg viktige saker fram for departementet før det tek ei avgjerd, og departementet kan instruere fondet.

Finansfondet betalte ut det fyrste innskotet 30. september 2009 og det siste 17. desember 2009. I alt teikna fondet fondsobligasjonar i 28 bankar på til saman vel 4,1 mrd. kroner. Fondet tilførte ein bank preferansekapital på snautt 27 mill. kroner.

Bankane som fekk tildelt kapital frå finansfondet, representerte om lag 14 pst. av forvaltningskapitalen i norske bankar, og dei representerte 21 pst. av alle bankane i landet. Nitten bankar hadde ei kjernekapitaldekning på over 12 pst. etter kapitalinnskot, og fire bankar fekk ein auke i kjernekapitaldekninga på meir enn 2 prosentpoeng. Prisen på kapitalinnskot frå fondet kunne reknast ut på ulikt vis, men alle bankane valde seks månaders statskassevekselrente som referanserente for fondsobligasjonane.

8.2 Styre og administrasjon

Finansfondet er eit eige rettssubjekt og vert leidd av eit styre som er oppnemnt av Kongen for tre år om gongen. Kongen oppnemnde 6. mars 2009 eit styre med advokat Endre Skjørestad som styreleiar, advokat Bjørg Ven som nestleiar og professor Thore Johnsen som styremedlem. Fagdirektør Anna Rømo og fyrsteamanuensis Jøril Mæland vart samstundes oppnemnde som varamedlemer.

Styret tilsette 9. mars 2009 Birger Vikøren som administrerande direktør i Finansfondet.

Då advokat Endre Skjørestad vart oppnemnd som ny styreleiar i Finanstilsynet 15. april 2010, vart advokat Bjørg Ven ny leiar i styret i Finansfondet. Bjørn Arild Gram vart oppnemnd som ny nestleiar i styret. Oppnemningane vart gjorde gjeldande frå 15. april 2010. Styret i Finansfondet er elles det same som før.

Den 1. mai 2010 vart Eystein Kleven tilsett som ny administrerande direktør i Finansfondet etter at Birger Vikøren gjekk attende til Noregs Bank. Stillinga som administrerande direktør i Finansfondet har i 2010, 2011 og 2012 vore ei femtiprosentstilling. Fondet har på timebasis nytta to rådgjevarar, ein jurist frå Finanstilsynet og ein økonom frå Noregs Bank.

8.3 Verksemda i 2013

I 2009 dreiv Statens finansfond i hovudsak med etablering og med å vurdere søknader frå bankar som ynskte kapitalinnskot. I 2010 gjekk Finansfondet over i ein forvaltningsfase. Det er meininga at verksemda i Finansfondet skal avgrensast etter kvart som bankane betaler tilbake kapitalinnskota. Statens finansfond har brukt hovedparten av ressursane i 2013 på å handtere innløysingar. Auken i rentepåslaget for kapitalinnskot frå Statens finansfond frå hausten 2013 har, saman med ein god kapitalmarknad for fondsobligasjonar, truleg medverka til at alle bankane i fondet så nær som Lillestrøm sparebank har innløyst i løpet av 2013.

Finansfondet hadde i 2013 eit driftsbudsjett på 10,6 mill. kroner. Dei samla driftskostnadene var på om lag 2,7 mill. kroner. Ved årsskiftet 2012/2013 hadde Finansfondet uteståande om lag 508 mill. kroner fordelt på 15 bankar. Ved årsskiftet 2013/2014 hadde Finansfondet uteståande 60 mill kroner.

I løpet av 2013 har fjorten bankar innløyst innskot fra Statens finansfond. Éin bank innløyste både fondsobligasjon og preferansekapital, dei andre innløyste fondsobligasjonar. Dei fleste bankane innløyste før renta gjekk opp med eit prosentpoeng, fire år etter utbetalinga til banken frå finansfondet, to bankar innløyste eit par dagar etter renteauken. Innløysingane er i hovudsak gjorde ved at bankane har bytt ut fondsobligasjonar frå Statens finansfond med fondsobligasjonar frå marknaden. To av bankane innløyste Statens finansfond med tilbakehalde overskot og oppspart kapital-/likviditetsoverskudd. Nes Prestegjeld Sparebank og Seljord Sparebank innløyste i samband med at kvar av dei slo seg saman med ein annan bank. Bankane i porteføljen til fondet har emittert obligasjonar, overført lån til Terra Boligkreditt til utferding av obligasjonar med fortrinnsrett og elles hatt ei utvikling i marknadsfinansieringskostnadene på line med den til andre, mindre norske bankar.

Kontrolltiltak utover denne kjerneverksemda, og kontroll av løpande rapporteringar, har ikkje vore sett som naudsynt. Rapporteringa frå bankane som har hatt fondsobligasjonar frå Statens finansfond i 2013, er i samsvar med avtalen. Bankane har betalt utbyte, gjeve gåver og lønsaukar i svært liten grad. Eit fåtal av dei har stramma inn kredittpraksisen noko for hushald og føretak. Dei viktigaste grunnane til innstrammingane er at det har vorte meir misleghald og større behov for å styrkje kapitaldekninga. Det store fleirtalet av bankane med fondsobligasjonar frå Statens finansfond har i 2013 ikkje gjort endringar i kredittpraksisen korkje for hushald eller føretak.

Til forsida