NOU 2014: 2

Lik og likskap— Om betaling for kremasjon, gravlegging og grav

Til innhaldsliste

2 Oppgåvene etter gravferdslova

Verksemda i forvaltninga generelt kan delast inn i tre hovudtypar: utøving av offentleg mynde (som styresmakt), yting av tenester og næringsverksemd, sjå nærare Eckhoff og Smith 2010 side 470. Skiljet mellom styresmaktoppgåver og andre oppgåver er mellom anna avgjerande for rommet for å delegere oppgåva til andre. Kompetanse til å utøve offentleg mynde kan ikkje overførast (delegerast) til andre utan heimel. Andre oppgåver kan ein som hovudregel overlate til andre å løyse, men ansvaret kan ein ikkje delegere seg bort frå.

Rettsleg kompetanse etter gravferdslova til å gje generelle reglar (forskrifter, vedtekter og budsjett). Ansvarsplassering

Lova § 2: Gje utfyllande forskrifter (departementet)

Lova § 3: Lage budsjettforslag (fellesrådet)

Plikt til å finansiere gravplassverksemda (kommunen)

Lova § 4: Gje forskrifter om drift og forvaltning av krematorium (departementet)

Lova § 21: Fastsetje vedtekter for gravplassen (fellesrådet)

Godkjenne vedtektene for gravplassar og endringar i vedtektene (bispedømerådet)

Fastsetje avgifter for bruk av gravkapell, kremasjon og feste av grav (kommunen)

Lova § 23a: Gje reglar om krigsgraver (departementet)

Lova § 25: Gje reglar om registerføringa (departementet)

Lova § 26: Gje forskrift til gjennomføring og utfylling av føresegnene i lova (departementet)

Forskrifta § 13: Gje vedtekter som gjer unntak frå krava til storleiken på kistegrav (fellesrådet)

Forskrifta § 15a: Gje vedtekter om feste av grav på namna minnelund (fellesrådet)

Forskrifta § 23: Gje vedtekter om gravminne (fellesrådet)

Forskrifta § 24: Gje vedtekter om sikring av gravminne (fellesrådet)

Forskrifta § 27: Gje føresegner om verna graver osv. i vedtektene (fellesrådet)

Forvaltningsoppgåver etter gravferdslova. Rettsleg kompetanse etter lova til å ta avgjerd i enkeltsaker

Lova § 4: Godkjenne gravplassar (bispedømerådet)

Gje tilslutning eller ikkje (kommunen)

Godkjenne krematorium (departementet)

Lova § 6: Gje løyve til at avlidne som ikkje var busett i kommunen, kan gravleggjast i kommunen (fellesrådet)

Krevje inn avgift ved gravlegging av avlidne som ikkje var busett i kommunen (fellesrådet)

Betale for gravlegging i andre kommunar i særskilt tilrettelagd grav (fellesrådet)

Lova § 7: Tilvise grav (fellesrådet)

Gje løyve til opning av grav (fellesrådet)

Gje løyve til flytting av lekam eller oske etter gravlegging (fellesrådet) Også kommunelegen skal godkjenne oppgraving og flytting av lik, sjå § 2–3 i forskrift av 3. april 1998 nr. 327 om transport, håndtering og emballering av lik samt gravferd

Lova § 9: Ta avgjerd ved usemje om kven som skal sørgje for gravferda (kommunen)

Ta avgjerd ved usemje om kven som skal vere ansvarleg for grav (kommunen)

Lova § 10: Handsame krav («begjæring») om kremasjon (krematorieeigar)

Krevje kremasjonen utsett (politiet)

Krevje inn kremasjonsavgift (fellesrådet)

Lova § 11: Handsame krav («begjæring») om gravlegging (fellesrådet)

Lova § 13: Forlengje eller forkorte fristen for kremasjon og gravlegging (fellesrådet)

Lova § 14: Inngå avtale om feste av grav (fellesrådet)

Krevje inn festeavgift (fellesrådet)

Lova § 16: Godkjenne overføring av feste eller ta avgjerd ved usemje om overføring av feste (fellesrådet)

Lova § 17: Rett til å gripe inn på festa grav for å førebyggje skade

Lova § 20: Gje løyve til privat gravstad (Fylkesmannen)

Gje løyve til oskespreiing (Fylkesmannen)

Lova § 23: Gje løyve til at kommunen tek over ansvaret etter gravferdslova (departementet)

Lova § 24: Handsame klager på enkeltvedtak frå fellesråda (bispedømerådet)

Handsame klager på enkeltvedtak frå kommunen (Fylkesmannen)

Handsame klager på enkeltvedtak frå Fylkesmannen og bispedømerådet (departementet)

Forskrifta § 2: Uttale seg og gje fråsegn i reguleringssak (bispedømerådet)

Godkjenne gravplassplanen (bispedømmerådet)

Uttale seg (helsefagleg styresmakt i kommunen)

Forskrifta § 5: Stengje (deler av) gravplass (fellesrådet)

Forskrifta § 6: Godkjenne ferdig opparbeidd gravplassareal (bispedømerådet)

Forskrifta § 8: Godkjenne drensleidning på etablert gravfelt (bispedømerådet)

Forskrifta § 11: Uttale seg før ein nedlagd gravplass blir gjennomgraven (kulturminnestyresmakta)

Forskrifta § 12: Fastsetje tidspunkt for den enkelte gravlegginga (fellesrådet)

Forskrifta § 13: Gjere unntak frå krava til jordoverdekking (fellesrådet)

Forskrifta § 14: Gjere unntak frå krava til storleiken på urnegrav (bispedømerådet)

Forskrifta § 15: Gjere unntak frå krava til anonym grav (bispedømerådet)

Forskrifta § 16: Gje den ansvarlege for grava høve til å feste grav når fredingstida går ut (fellesrådet)

Forskrifta § 20: Samtykke til å plassere andre minnesmerke på gravplass (bispedømerådet)

Forskrifta § 21: Gje løyve til namneflytting (fellesrådet)

Forskrifta § 23: Gjere unntak frå krava til dimensjon på gravminne (fellesrådet)

Forskrifta § 24: Gjere unntak frå eller skjerpe krava til sikring av gravminne (fellesrådet)

Forskrifta § 25: Godkjenne gravminne før det blir sett opp (fellesrådet)

Forskrifta § 26: Gripe inn dersom den ansvarlege/festaren ikkje tek vare på gravminnet (fellesrådet)

Forskrifta § 27: Verne (dele av) ein gravplass og innarbeide vernet i vedtektene (fellesrådet)

Forskrifta § 28: Gje løyve til gravlegging utan kiste (fellesrådet)

Forskrifta § 29: Dispensere frå krava til kiste som skal kremerast (krematoriestyresmakta)

Forskrifta § 30: Gje løyve til gravlegging av kiste som ikkje kan kremerast (fellesrådet)

Forskrifta § 32: Gje løyve til at andre enn dei tilsette kan vere til stades ved kremasjon (dagleg leiar ved krematoriet)

Forskrifta § 36: Stille nødvendige vilkår i samband med utlevering av oskeurne på annan plass (fellesrådet)

Forskrifta § 39: Gjere unntak frå føresegnene i gravferdsforskrifta (departementet)

Tenester som skal ytast etter gravferdslova, som er utøving av offentleg mynde

Lova § 2: Sørgje for nok kapasitet på gravplassane i kommunen (kommunen)

Lova § 3: Sørgje for forvaltninga av gravplassar og bygningar. Oppgåveplassering (fellesrådet)

Lova § 5: Gje livssynssamfunn høve til å gjennomføre seremoni når ny gravplass blir teken i bruk (fellesrådet)

Lova § 6: Gje fri grav til avlidne som var busett i kommunen (fellesrådet)

Lova § 8: Bevare gravfreden (fellesrådet)

Lova § 9: Sørgje for gravferda dersom ingen andre gjer det (kommunen)

Lova § 10: Vente i pålagd ventetid før kremasjon (krematorieeigar)

Oppbevare urna (krematorieeigar eller fellesrådet)

Lova § 12: Gravleggje innan dei fristane som er sette (fellesrådet)

Lova § 15: Gravleggje i festa grav etter avgjerd av festaren (fellesrådet)

Lova § 18: Gje festaren høve til å fjerne gravminne osb. etter at festet er avslutta (fellesrådet)

La gravminne av kulturhistorisk verdi bli ståande på gravplassen (fellesrådet)

Lova § 23: Årleg møte med livssynssamfunna (fellesrådet)

Lova § 23a: Halde utanlandske krigsgraver i hevd (fellesrådet)

Lova § 25: Føre register over kremerte (krematorieeigar)

Føre register over gravlagde (fellesrådet)

Forskrifta § 2: Sørgje for tilstrekkeleg gravplassareal (kommunen)

Lage plan for gravplassen, mellom anna vurdere behovet for særskilt tilrettelagde graver (fellesrådet)

Forskrifta § 4: Dele inn gravplassen og lage gravkart (fellesrådet)

Forskrifta § 7: Utrusting og tilgang til gravplassen (fellesrådet)

Forskrifta § 12: Vere til stades ved gravlegginga (fellesrådet)

Forskrifta § 19: Føre gravregister (fellesrådet)

Forskrifta § 21: Fjerne namn og data på gravminne som blir fjerna (fellesrådet)

Forskrifta § 25: Setje opp merkepinne der gravminne skal stå (fellesrådet)

Forskrifta § 33: Ta ut implantat osv. som ikkje har brent opp, og gravleggje eller gjenvinne dei (krematoriestyresmakta)

Forskrifta § 35: Føre kremasjonsregister (krematoriestyresmakta)

Til forsida