NOU 2014: 2

Lik og likskap— Om betaling for kremasjon, gravlegging og grav

Til innhaldsliste

5 Prinsipielle utgangspunkt

Tidlegare utgreiingar har lagt til grunn nokre prinsipp for gravferdslovgjevinga og forvaltninga lokalt og sentralt, sjå Prop. 81 L (2010–2011) punkt 3.3.2 som viser til NOU 2006: 2 Staten og Den norske kirke:

  • at gravlegging fortsatt bør være et offentlig ansvar

  • at dette ansvaret bør forvaltes på en slik måte at ordningene i hovedsak er felles for alle

  • og samtidig være slik utformet at de så langt som mulig legger til rette for at gravlegging kan skje med respekt for personlige trosoppfatninger og i overensstemmelse med de regler den enkelte religion eller det enkelte livssyn krever

Utvalet har gått nærare inn på desse prinsippa og gjer greie for kva utvalet meiner at dei inneber i dag. Utvalet legg òg til tre prinsipp som utvalet meiner er viktige for utviklinga vidare.

5.1 Prinsipp 1: Kremasjon og gravlegging er eit offentleg ansvar og skal vere utan kostnad for dei etterlatne

Når gravlegging er eit offentleg ansvar, kan alle innbyggjarar vite at fellesskapet vil ta ansvar for ei verdig gravlegging. Prinsippet stiller krav til organisering: At det finst eit forvaltningsorgan som har ansvaret for å yte tenesta. Prinsippet stiller òg krav til finansiering: At dei etterlatne ikkje skal betale for gravlegginga. Eit prinsipp om at gravlegginga skal vere gratis, støttar opp under grunnleggjande likskapsverdiar i samfunnet og stemmer med erkjenninga av at innfor døden er alle menneske like.

At det offentlege tek ansvar for ei verdig gravlegging, stiller krav til tenesta. Nokre av desse krava kan ein lese ut av gravferdslova og andre reguleringar, men forvaltninga av gravlegging og gravplassane kviler på kompetansen og integriteten til dei som gjer det daglege og praktiske arbeidet. Det er i kvardagen til tilsette og leiarar at det blir skapt ei teneste som gjev innbyggjarane tryggleik for ei verdig gravlegging – for deira nære og for dei sjølve.

Det er gravlegginga som er eit offentleg ansvar, ikkje gravferda. Gravferda rommar òg seremonien og andre hendingar mellom dødsfallet og gravlegginga. Det offentlege ansvaret er over når liket er brote ned, det vil seie når fredingstida er over. Seremonien er eit privat ansvar som dei etterlatne tek seg av, eventuelt med hjelp frå personar frå eit livssynssamfunn og/eller eit gravferdsbyrå. Dersom avlidne ikkje hadde etterlatne, har det offentlege ansvar for ei verdig gravferd.

At gravlegging er eit offentleg ansvar, inneber at økonomien til avlidne eller dei etterlatne ikkje skal vere avgjerande for val av gravferdsform. Gravlegginga skal følgje gravferdslova, gravferdsforskrifta og lokale vedtekter. Kroppen til ein avliden skal bli behandla med vørdnad og få ei endeleg plassering blant dei alternativa lova gjev.

5.2 Prinsipp 2: Gravplassane er allmenne og bør bli forvalta slik at ordningane i hovudsak er felles for alle

Gravplassar som er godkjende etter gravferdslova, er for alle. Avlidne innbyggjarar i Noreg kan ha grav ved sida av kvarandre utan omsyn til fødestad, hudfarge og livssyn osb. Avlidne som var medlemer i Den norske kyrkja, og avlidne som ikkje var medlemer, skal behandlast likt, også når det gjeld betaling knytt til gravferda.

Gravplassane er allmenne sjølv om eitt livssynssamfunn, Den norske kyrkja, skal ta seg av gravplassane. Årsaka til dette er at Den norske kyrkja har hatt oppgåva frå gammalt av, at ho lenge har stått for nesten alle gravferdsseremoniar, og at ho har forvalta oppgåva på ein god måte. Prinsippet om allmenne gravplassar inneber i vår tid likevel at ein ikkje utan vidare kan vidareføre kristne tradisjonar eller symbolspråk. Ein ny gravplass bør til dømes vere livssynsnøytralt utforma.

Gravferd aktualiserer kanskje meir enn andre livshendingar livssynet til menneske, om det er førestillingar som er knytte til ein spesifikk religion eller konfesjon, eit livssyn eller meir folkereligiøse førestillingar. Det vil og bør vere eit mangfald av trudomsførestillingar side om side på ein gravplass. Alle som oppsøkjer ein gravplass, vil måtte rekne med å møte uttrykk for livssynet til andre menneske. Gravplassforvaltninga skal derfor leggje til grunn Stålsett-utvalets prinsipp 8 for ein heilskapleg livssynspolitikk: «Alle bør akseptere å bli eksponert for andres tros- og livssynspraksis i det offentlige rom», sjå NOU 2013: 1 punkt 9.8. Gravplassen er eit offentleg rom, og ei grav med eit kristent symbol kan stå ved sida av ei grav med eit humanistisk symbol. Nokre stader har gravplassforvaltninga av tradisjon eller god vilje lagt til rette for at avlidne av ein religion blir lagde på same gravfelt,1 men gravplassforvaltninga har ikkje plikt til å reservere delar av gravplassen til medlemer av visse livssynssamfunn.

5.3 Prinsipp 3: Forvaltninga skal så langt som mogleg leggje til rette for at gravlegging kan skje med respekt for personleg livssyn og i tråd med føringane til vedkomande livssynssamfunn

Det er dei etterlatne som tek avgjerdene etter døden, men gravferda skal skje med respekt for avlidne. Det eventuelle livssynet til avlidne kan gje føringar for korleis gravlegginga skal skje. Gravplassforvaltninga skal strekkje seg langt for å leggje til rette for at gravlegginga kan skje i tråd med slike føringar. Dei årlege dialogmøta er eit høve til å gjere behova synlege og leggje grunnlag for planlegging av nye graver, gravfelt eller gravplassar.

Livssynsmangfaldet stiller krav om kunnskap og fleksibilitet hos gravplassforvaltninga. Spørsmålet om kva eit livssyn har å seie for tenkinga kring gravferd, gravlegging og kremasjon, rommar minst to plan. Det første planet er kva dei etterlatne lokalt ønskjer for den konkrete gravferda. Det andre planet er kva læresetningane til livssynssamfunnet seier, det vil seie autoritative tekstar og leiande personar. Utvalet har inntrykk av at spelerommet på det første planet ofte er større enn på det andre. Det vil seie at dei etterlatne kan ha andre ønske eller større fleksibilitet når ei gravferd skal gjennomførast enn bøkene om livsynet deira gjev inntrykk av. For gravplassforvaltninga vil det sjølvsagt vere ønska til dei etterlatne – det første planet – som veg tyngst.

Verdiar og behov knytte til livssyn har blitt løfta fram i gravferdslova, men det finst sjølvsagt også andre verdiar og behov som skal ha vekt. Eit ønske som blir grunngjeve i eit livssyn, bør respekterast, men det bør også ønske som ikkje er grunngjevne slik. Dersom nokon ønskjer rask gravlegging, bør dei kunne få det sjølv om dei ikkje er jødar eller muslimar.

Lovgjevinga bør så langt som råd ikkje setje rammer som hindrar gravlegging i tråd med oppfatningane til dei ulike livssynssamfunna. Dette er eit ansvar for sentrale styresmakter, medan gravplassforvaltninga lokalt må opptre innanfor rammene lova til kvar tid set. Kvar den praktiske eller økonomiske grensa for tilrettelegginga går, må ein finne ut i praksis. Det ligg ei grense i at det er gravlegginga og grava som skal tilretteleggjast. Til dømes blir ansvaret for å leggje til rette avslutta etter fredingstida. Dersom etterlatne ønskjer at grava aldri skal gjenbrukast, må dei betale gravleige som alle andre. Dette gjeld sjølv om forbod mot gjenbruk kan vere ei føring som livssynssamfunnet set.

5.4 Prinsipp 4: Lovgjevinga skal likestille gravferdsformene

Lovgjevinga skal leggje til rette for ulike gravferdsformer, men ikkje stimulere dei etterlatne til å velje den eine gravferdsforma framfor den andre. Lovgjevinga skal til dømes ikkje favorisere etterlatne som vel ei gravferdsform som krev mindre offentlege ressursar, som til dømes oskespreiing eller anonym urnegrav.

5.5 Prinsipp 5: Eitt menneske får éi grav

Utvalet har lagt til grunn at ein vidarefører gjeldande rett om at gravlegginga er éi endeleg handling. Leivningane etter avlidne skal haldast samla. Anten skal kista eller urna gravleggjast, eller så skal oska spreiast på éin stad.

5.6 Prinsipp 6: Med tida blir grava sletta og gravminnet teke bort

Ei grav og eit gravminne skal vanlegvis ikkje stå lenger enn det finst levande som minnest avlidne. Det er eit lokalt ansvar å vurdere behovet for å leggje til rette for gjenbruk og eventuelt sørgje for at dei som leiger grav, betaler for det.

Gravplassforvaltninga har ansvar for å ta vare på det kollektive minnet ved å verne graver etter gravferdsforskrifta § 27. Forskrifta nemner følgjande grunnar til vern: «alder, at det representerer en stilhistorie, har et lokalt særpreg i form eller materialbruk, gir uttrykk for en interessant personalhistorie eller er unikt». Også teksten på eit gravminne kan vere grunn til å verne det.2

Fotnotar

1.

I Oslo kommune er det fastsett følgjande i vedtektene § 12 sjette ledd: «Gravferdsetaten kan på anmodning anlegge egne gravfelt for de ulike religioner. Det legges ikke til rette for nye egne felt for ulike trossamfunn innenfor de ulike religioner.»

2.

Sjå Klingberg 2013 side 93–99.

Til forsida