Meld. St. 42 (2012–2013)

Noregs deltaking i den 67. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 66. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

3 Tryggingsrådet hausten 2012

Arbeidet i Tryggingsrådet var hausten 2012 i stor grad prega av konfliktane i Afrika og Midtausten. Rådet bruker meir enn seksti prosent av møtetida på Afrika-spørsmål, noko som òg speglar seg i vedtekne resolusjonar. Polariseringa mellom vestlege faste medlemer og Russland/Kina kom tydelegast til syne i Syria-spørsmålet, men hadde liten smitteeffekt for andre saker som sto på dagsordenen i Tryggingsrådet. Det var òg ei klår motsetjing mellom USA og Russland i Sudan/Sør-Sudan-spørsmålet.

Russland, Kina og tidvis Pakistan og Aserbajdsjan fungerte som bremseklossar i behandlinga av tematiske spørsmål som FNs samarbeid med Den arabiske ligaen, oppfølginga av resolusjon 1325 og barn i væpna konflikt.

Kina trenerte først at Tryggingsrådet skulle fordømme den siste nordkoreanske rakettoppskytinga i desember meir kraftfullt, men kom likevel fram til semje med USA om ein robust resolusjon i januar 2013 som stramma til gjennomføringa av det eksisterande sanksjonsregimet. Denne resolusjonen innebar òg ei åtvaring mot ei ny nordkoreansk kjernefysisk prøvesprenging. Då Nord-Korea gjennomførte denne prøvesprenginga, gjekk Kina med på ei klar fordømming og følgde kort tid etter med ei vesentleg skjerping av sanksjonane.

Tendensen er at dei fleste tryggingsrådsresolusjonane vert vedtekne ved konsensus. Det er vidare ein trend at talet på resolusjonar går ned, og at Tryggingsrådet i større utstrekning tek i bruk svakare verkemiddel som presidentfråsegner og pressemeldingar når det skal ytre seg i ei sak. Nok ein gong vart det stadfesta at dei fem faste medlemene har stor kontroll over arbeidet i Tryggingsrådet ved at det først og fremst er dei som har ansvaret for å utforme utkast til og leie forhandlingane om dei enkelte resolusjonane.

Noreg har delteke i dei opne debattane i Tryggingsrådet med eigne innlegg. Tidvis har vi vore med på å utforme nordiske innlegg, og andre gonger har vi vore tilslutta nordiske innlegg (jf. vedlegg).

Til forsida