Meld. St. 42 (2012–2013)

Noregs deltaking i den 67. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 66. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

4 Saker som gjekk direkte i plenum

Sjølv om storparten av resolusjonane først vert behandla i dei seks faste komitéane, er det enkelte saker som går direkte i plenum. Dette gjeld først og fremst val til dei ulike organa i FN, mellom andre Tryggingsrådet. FN-samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar vert behandla direkte i plenum, i tillegg til fleire resolusjonar om Midtausten, FNs humanitære innsats, havrett og fiskeri.

Den saka som fekk størst merksemd, var vedtaket om å oppgradere statusen til Palestina til observatørstat i FNs generalforsamling. Sjølv om dette ikkje inneber full medlemskap, representerer det likevel nye rettar for Palestina. Vedtaket vart gjort med eit forholdsvis stort fleirtal, og alle dei nordiske landa stemte for. Dette vedtaket prega òg den årlege generelle Palestina-debatten i FNs generalforsamling, og dei tradisjonelle resolusjonane som kjem opp kvart år, vart òg vedtekne denne gongen.

Hausten 2012 vart òg prega av to viktige val, det eine til Tryggingsrådet og det andre til FNs menneskerettsråd. Finland var nordisk kandidat til Tryggingsrådet og stilte mot Australia og Luxembourg til dei to ikkje-faste seta vestgruppa har. Australia vart vald allereie etter første avstemming med 140 stemmer og dermed to tredels fleirtal, medan Luxembourg slo ut Finland i andre valrunde. Nokre veker seinare opplevde vi at Sverige saman med Hellas tapte kampen mot USA, Tyskland og Irland om å kome inn i Menneskerettsrådet. Desse nederlaga viste at det vert stadig vanskelegare å vinne fram i kampen om tunge og ansvarsfulle verv i FN-systemet, og at det nordiske varemerket ikkje på nokon måte er garanti for å lukkast.

Forhandlingane om den generelle humanitære resolusjonen vart òg svært vanskelege. Ikkje minst deltok representanten frå Syria aktivt, med ei lang rekkje framlegg om mellom anna einsidige sanksjonar og framand okkupasjon. Pakistan køyrde hardt på kravet om nasjonal eigarskap. Kina, Russland og til dels Cuba og Iran har ofte stilt seg bak desse omstridde framlegga. Dei same landa har òg vore sterkt imot å styrkje teksten når det gjeld humanitær tilgang. Likevel vart sluttresultatet betre enn frykta, ved at det til slutt vart semje om å ta inn ein referanse til vern av medisinsk personell og sjukehus.

Havretts- og fiskerispørsmål er høgt prioriterte. Det har vore og vil framleis vere ein hovudprioritet for Noreg å styrkje og utvikle systemet under havrettskonvensjonen (HRK) som den overordna rettslege ramma for alle tiltak i marin sektor, også i det vidare arbeidet med havrettsspørsmål i FN. Eit sentralt element er å arbeide for at reglane i konvensjonen vert respekterte på alle plan. Generalforsamlinga er ein sentral arena for å profilere Noreg som ein ansvarleg kyststat som lojalt støtter opp om og gjennomfører HRK, og som ein forsvarleg forvaltar av sine levande ressursar i havet. Både fiskeriresolusjonen og havrettsresolusjonen gjentok i år viktige vedtak frå Rio-konferansen om berekraftig utvikling relatert til hav og fiskeri. Vidare var havrettsdebatten i FN òg prega av markeringa av 30-årsjubileet for at havrettskonvensjonen vart opna for signering. På same måten som tidlegare år vart det votert over havrettsresolusjonen, medan fiskeriresolusjonen oppnådde konsensus sjølv om det denne gongen viste seg å verte svært vanskeleg å få til semje.

Noreg foreslo i år å styrkje referansen i fiskeriresolusjonen til fiskeri og mattryggleik, som er ei viktig norsk utviklingsprioritering. Noreg fekk gjennomslag for dette framlegget, som innebar ei synleggjering av rolla FAO speler når det gjelder mattryggleik, samtidig som det vart ei oppmoding til FAO til intensivert aktivitet på området. Med utgangspunkt i erfaringar frå Barentshavet har Noreg i fleire år arbeidd aktivt internasjonalt for å synleggjere samanhengen mellom internasjonal organisert kriminalitet og ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Mellom anna har Noreg sørgt for referansar i fiskeriresolusjonen til denne problemstillinga. Under forhandlingane om årets fiskeriresolusjon fremja Noreg forslag for å synleggjere arbeidet til INTERPOL innanfor fiskerikriminalitet. Det lukkast likevel ikkje å få gjennomslag for dette.

Under forhandlingane om havrettsresolusjonen foreslo Noreg tekst om arbeidet UNODC og ILO gjer på området menneskehandel og tvangsarbeid for menneska i fiskerinæringen. Tekstframlegget fekk gjennomslag. En pågåande havrettsleg diskusjon i FN gjeld bruk og vern av biologisk mangfald i havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon og om det trengst ein ny avtale for å regulere dette. Denne saka vart òg diskutert i samband med havrettsresolusjonen i haust. Ettersom saka òg var diskutert under Rio-konferansen, var det enklare å verte samde på dette punktet i resolusjonen i år. Det vart likevel diskusjon om korleis generalforsamlinga skulle spegle tilrådingane frå arbeidsgruppa om biologisk mangfald utanfor nasjonal jurisdiksjon og vedtak frå Rio-konferansen då det viste seg at det hadde oppstått forskjellar i dei to dokumenta på grunn av redigeringsfeil frå sekretariatet. Mykje tid vart difor brukt på å finne fram til korrekt tekst som kunne brukast i resolusjonen. Generalforsamlinga avgjorde at dei ville gjenta vedtaket som vart gjort under Rio-konferansen, som m.a. legg opp til at FNs generalforsamling innan utgangen av 69. sesjon (2014) skal ta ei avgjerd om utvikling av ein ny avtale. Saka rører ved eit breitt spekter av norske interesser og er høgt prioritert.

Frankrike hadde ansvaret for resolusjonen om utanrikspolitikk og global helse, der det vart lagt særleg vekt på universell helsedekning og tilgang til medisinar. For enkelte var dette tungt å akseptere, og det same gjaldt omtalen av seksuell og reproduktiv helse. Etter lange og til dels vanskelege forhandlingar vart resolusjonen til slutt vedteken utan avstemming og med heile 91 land som støtta han(co-sponsors).

Generalforsamlinga gjennomførte òg fleire debattar om å gjere verdsorganisasjonen betre rusta til å utføre oppgåvene sine. I den årlege debatten om revitalisering av generalforsamlinga kritiserte nok ein gong landa i den alliansefrie rørsla Tryggingsrådet for å ta på seg oppgåver som dei meiner høyrer heime i generalforsamlinga. Desse landa etterlyste òg betre oppfølging av vedtaka og resolusjonane som vert vedtekne i generalforsamlinga. Vestlege land tok derimot til orde for å effektivisere Generalforsamlinga og få ned det høge talet på resolusjonar.

Debatten om reform av Tryggingsrådet viste fastlåste posisjonar mellom land som ønskjer å utvide talet på faste og ikkje-faste medlemer, og dei som berre ønskjer å utvide talet på valde medlemer. Sjølv om eit framlegg om utviding til slutt skulle få kvalifisert fleirtal i Generalforsamlinga, vil ei slik endring av FN-pakta òg måtte behandlast i Tryggingsrådet. Her vil dei fem faste medlemene kunne blokkere.

For to år sidan tok Generalsekretæren initiativ til å styrkje evna i FN-systemet til å bruke sivile kapasitetar i land som er på veg ut av interne konfliktar. Bakgrunnen var at handlingsrommet til FN-sekretariatet til å utnytte slike kapasitetar vart avgrensa av rigide tilsetjingsreglar. Føremålet var å hente inn relevant ekspertise frå medlemsland for meir kortsiktige oppdrag. Under debatten i Generalforsamlinga var Noreg blant dei landa som etterlyste raskare framdrift for å sikre at FN vert betre rusta til å hjelpe land som går gjennom ein vanskeleg postkonfliktfase. På motsett ende låg Russland og Cuba, som var skeptiske til å gje FN-sekretariatet eit handlingsrom som dei frykta ville gå ut over etablerte tilsetjingsreglar og administrative reglar. Generalforsamlinga var dermed ikkje i stand til å fatte eit operativt vedtak i denne omgangen. Spørsmålet skal følgjast opp vidare i 2013.

Samarbeidet mellom FN og andre internasjonale organisasjonar går direkte i plenum, og dei fleste av desse resolusjonane er forholdsvis uproblematiske. Det finst likevel unntak, og i haust vart behandlinga av resolusjonen om samarbeidet med Den arabiske ligaen (LAS) prega av det klare standpunktet LAS har teke i Syria-konflikten. Forhandlingane om resolusjonen om FNs samarbeid med Europarådet var òg vanskelege på grunn av spørsmålet om dødsstraff. Resolusjonen om samarbeidet mellom FN og Organisasjonen av islamske statar (OIC) vart utsett på grunn av usemje om formuleringar om ærekrenking av religion. Resolusjonen om samarbeidet med OSSE er òg frose på grunn av konflikten mellom Armenia og Aserbajdsjan.

Til forsida