Noregs handlingsplan 5 – Open Government Partnership (OGP) 2024-2027

Til innhaldsliste

5 Openheitsarbeidet i Noreg utanfor Open Government Partnership

Noreg er kjent for å vere eit av dei mest opne samfunna i verda. Landet skårar ofte godt på ulike samanliknande statistikkar for mellom anna tryggleik, tillit, helse, politisk deltaking og antikorrupsjon. I 2021 gjennomførte OECD ei undersøking av befolkningas tillit til forvaltninga i Noreg7 (tilsvarande undersøkingar vert gjorde i alle OECD-landa).8 Her kom Noreg godt ut, men fekk råd om mellom anna å betre høvet for påverknad for marginaliserte grupper.

Ikkje alt openheitsarbeid i Noreg vert omfatta av OGP. På ei rekke område samarbeider forvaltninga og det sivile samfunn:

5.1 Sivilsamfunnets rolle

Sivilsamfunnet spelar ei monaleg rolle i norsk samfunnsliv, og har gjort det i to hundre år.

Tal frå Institutt for samfunnsforskning og Frivillighet Norge viser høg organisasjonsgrad i befolkninga. Institutt for samfunnsforskning har funne ut at eit fleirtal av den vaksne befolkninga utfører frivillig arbeid kvart år. Det er rekna med at innsatsen frå frivillig sektor utgjer ein årleg produksjon av tenester på 50 milliardar kroner.

Fleire sivilsamfunnsorganisasjonar arbeider for å fremje godt styresett og god forvaltning, gjerne gjennom kampanjar for auka openheit om statens inntekter og kamp mot korrupsjon. Dei overvakar også måloppnåing og kvalitet på offentleg politikk og bidrar til spreiing av informasjon og kunnskap om offentleg politikk.

Sivilsamfunnsorganisasjonar har kontakt med det offentlege på ulike måtar: Det kan finne stad gjennom f.eks. Stortingets komitear, gjennom kontakt med departementa (politisk leiing eller embetsverket), eller gjennom direktorat. Tilsvarande er det ein utstrekt kontakt med lokalforvaltninga. I tillegg deltek dei ofte aktivt i høyringar og andre innspel. Sivilsamfunnsorganisasjonar kan også delta i råd og utval kor dei er med på å legge premissar for seinare handsaming i folkevalde organ.9

5.2 Trepartssamarbeidet

Det norske samfunnet bygger meir på konsensus enn på konflikt. Trepartsamarbeidet eit viktig verkemiddel. Dei tre partane er staten, arbeidstakar- og arbeidsgivarsida. Ei viktig sak som partane samarbeider om, er inntektspolitikken. Det inntektspolitiske samarbeidet mellom regjeringa og partane i arbeidslivet har som hovudmål å koordinere lønsdanninga. På den måten skal inntektspolitikken bidra til ein moderat pris- og lønsvekst. Det vil igjen styrke grunnlaget for varig høg sysselsetting og låg arbeidsløyse. Lønsforhandlingane har partane ansvaret for. Det inntektspolitiske samarbeidet mellom regjeringa og partane i arbeidslivet er forankra i regjeringas kontaktutval, som vart oppretta i 1962, og vert leia av statsministeren. Samarbeidet har bidrege til at Noreg har hatt lågare arbeidsløyse og lågare konfliktnivå i arbeidslivet enn dei fleste andre land.

5.3 Tillitsreforma

Tillitsreforma er eit av dei viktigaste prosjekta til regjeringa, og ein sentral del av arbeidet med å fornye og utvikle offentleg sektor. Dette er ikkje ei tradisjonell reform kor regjeringa avgjer struktur og utforming og deretter gir forvaltninga beskjed om korleis ho skal gjennomførast. Innholdet i reforma skapast i tett samspel med brukarorganisasjonar, tillitsvalde og leiing i alle store offentlege verksemder. Arbeidet med tillitsreforma er difor ein helt sentral del av fornyingsarbeidet i offentleg sektor. Målet med reforma er meir velferd og betre tenester til innbyggjarane i heile landet. Dette skal regjeringa oppnå ved å auke tilliten innetter i offentleg sektor. Reforma skal være konkret, og departementa jobbar no mellom anna med å gi meir fagleg fridom til fyrstelinja og å redusere rapporterings- og dokumentasjonskrav som ikkje er naudsynte.

Om dei tilsette får meir tid og rom til å bruke sin kompetanse på det dei fyrst og fremst er tilsette for, vert ressursane nytta betre og brukarane kan få betre tenester. Dei tilsette sin kunnskap og kompetanse er den fremste ressursen i offentleg sektor. Den må ein ta godt vare på og bruke best mogeleg.

5.4 Utgreiingsinstruksen

Formålet med utgreiingsinstruksen er å legge et godt fagleg uavhengig grunnlag for avgjersler om statlege tiltak. Slike avgjersler kan omhandle reformar, regelendringar og investeringar, eller politiske avgjersler. Det er viktig at statlege avgjersler er velgrunna og gjennomtenkte.Ufullstendig eller manglande utgreiing aukar risikoen for at ein fattar avgjerder som ikkje kan gjennomførast, som gir uynskte verknader eller som inneber sløsing med samfunnets ressursar. Eitt av krava i instruksen er at forvaltninga skal involvere dei som tiltaket kjem ved tidleg i utgreiingsprosessen. Utgreiingsinstruksen finst i Lovdata.

5.5 Offentlege utval

Offentlege utval har i lang tid hatt ein sentral plass i det norske styringssystemet. I offentlege utval deltek ulike delar av samfunnet, til dømes interesseorganisasjonar og akademia. Målet med å nedsette offentlege utval er å utvikle kunnskapsgrunnlaget for politikken og foreslå konkrete tiltak, til dømes nye lover. Utvala skal levere ein offentleg rapport (nokre gonger fleire), som formelt sett er eit råd til det departementet som har nedsett utvalet. Offentlege utval bidrar også til at det er openheit om kven som gir regjeringa eller statsrådar råd om utvikling og gjennomføring av offentleg politikk, og om kva for råd dei gir. Rapportane vert ofte gitt ut i den etablerte ordninga som vert kalla NOU (Noregs offentlege utgreiingar), men dei kan også givast ut på annan måte.

NOU-ane vert som regel sende på offentleg høyring og vert difor ofte ein del av det faglege grunnlaget for meldingar og proposisjonar som regjeringa legg fram for Stortinget. Dei offentlege utvala er statlege og nedsette av regjeringa eller av eit departement. Utvala har ekstern representasjon og er tidsavgrensa, til dømes til eitt år. Dei eksterne medlemmene kan vere partsrepresentantar eller uavhengige ekspertar. Utvala kan også ha medlemmer frå offentlege styresmakter.

Offentlege utval skal ha fleksibilitet i arbeidet sitt. Dette inneber at dei kan ha dialogar og diskusjonar med kven dei måtte ynskje, berre eventuelt avgrensa av mandatet.

Det er gitt ut ca. 1650 NOU-utvalsrapportar totalt sidan serien starta i 1972.

5.6 Høyringar

Høyring vert nytta for at innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv skal få seie si mening og føre kontroll med kva forvaltninga gjer og korleis den utfører sine oppgåver. Normalt skal høyringsfristen være tre månader.

Saker vert sende på høyring fordi:

  • det er ein demokratisk rett for alle å få vere med på å utforme offentleg politikk.
  • synspunkta frå dei det gjeld skal verte kjende for dei som skal fatte avgjersler.
  • saker skal opplysast så godt som mogeleg før ein fattar avgjerdseler (ref. forvaltningslova).
  • deltaking skapar betre forankring og lettar gjennomføring av tiltak.

Saker på høyring kan dreie seg om forslag til lover og forskrifter som regulerer rettar og plikter, organisering av forvaltninga, endra myndeområde, og utgreiingar. Alle og ein kvar kan gi innspel til offentlege høyringar, uansett om dei står på høyringslista eller ikkje.

5.7 Forvaltningslova, offentleglova, arkivlova, miljøinformasjonsloven og openheitslova

Forvaltningslova gir generelle reglar om behandlingsmåten i den offentlege forvaltninga. Lova regulerer sakshandsaminga når ein treffer vedtak, og særleg partane sine rettar under handsaminga.

Offentleglova gir alle rett til innsyn i saksdokument, journalar og liknande register for alle organ som vert omfatta av lova. Lova gjeld for alle statlege forvaltningsorgan, kommunar og fylkeskommunar og enkelte andre verksemder. Hovudregelen er at ein skal gi innsyn, og unntak krev heimel i lov eller i samsvar med lov. Elles inneheld lova reglar om handtering av innsynskrav og om høve til å klage på vedtak i innsynssaker.

Arkivlova skal sikre arkiv som har viktig kulturelt eller forskingsmessig verde eller som innehelder rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon slik at desse kan takast vare på og bli gjort tilgjengelege for ettertida. Detaljerte reglar om arkivering og journalføring av dokument står i arkivforskrifta.

Miljøinformasjonslova skal sikre allmennheita tilgjenge til miljøinformasjon og med det gjere det lettare for den enkelte å bidra til vern av miljøet, til å verne seg sjølv mot helse- og miljøskade og til å påverke offentlege og private beslutningstakarar i miljøspørsmål. Lova skal også fremje allmennheita sitt høve til å delta i offentlege vedtaksprosessar av tyding for miljøet.

Openheitslova trådde i kraft 1.7.2022. Den skal fremje verksemdene sin respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i samband med produksjon av varer og levering av tenester, og sikre allmennheita tilgjenge til informasjon om korleis verksemder handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve.

5.8 Statens kommunikasjonspolitikk

Kommunikasjonspolitikken inneheld sentrale mål og prinsipp for statens kommunikasjon med innbyggjarar, næringsliv, organisasjonar og anna offentleg verksemd. Måla for den statlege kommunikasjonspolitikken er at innbyggjarane skal få korrekt og klar informasjon om sine rettar, plikter og moglegheiter, ha tilgjenge til informasjon om statens verksemd, og verte inviterte til å delta i utforming av politikk, ordningar og tenester.

5.9 Dialog med kommunane (konsultasjonsordninga)

Regjeringa og KS (kommunesektorens organisasjon) er sameinte om behovet for ein god dialog mellom staten og kommunesektoren om statlege rammevilkår og måloppnåing innan kommunal verksemd. Frå og med arbeidet med statsbudsjettet for 2001 har det vore regelmessige konsultasjonar mellom staten, representert ved regjeringa, og kommunesektoren, representert ved KS, gjennom faste politiske møte.

Hovudformålet med ordninga er å kome til semje om kva som kan oppnåast innanfor kommunesektorens inntektsrammer.

5.10 Norsk deltaking i OECD-arbeidet om openheit og demokrati, «Working Party on Open Government (WPOG)»

Noreg deltek i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) sitt arbeid om openheit gjennom «Working Party on Open Government» (WPOG). Arbeidet med openheit i OECD dekker mange av dei same temaa som OGP, men gjerne med ei noko anna vinkling, ofte med større vekt på korleis forvaltninga skal organisere sitt arbeid. WPOG er ei arbeidsgruppe under PGC («Public Government Committee»).

Fotnotar

7.

OECD (2022), Drivers of Trust in Public Institutions in Norway, Building Trust in Public Institutions, OECD Publishing, Paris, https://doi.org/10.1787/81b01318-en.

8.

«Levels of public trust in Norway are among the highest in OECD countries. In 2021, 77% of the population reported trusting the government, compared to an OECD average of 47%. Law and order institutions, such as courts and the police, are trusted by 82% of people. The parliament is trusted by 69% of the population, while 65% trust the civil service and 58%, the local government. On the low end of the spectrum, only 40% of Norwegians reported trusting the media, with no distinction among different types of providers.» (OECD 2022 s. 9.).

9.

Neumann, A (2017). Frivillige organisasjoners påvirkning av offentlig politikk og samfunn (Bacheloroppgave).
Til forsida