Prop. 117 S (2012–2013)

E39 Rogfast i Rogaland – førehandsinnkrevjing av bompengar

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Det ligg føre godkjente kommunedelplanar for prosjektet. Arbeidet med reguleringsplanar pågår, og det er venta at reguleringsplanane kan bli godkjente i løpet av 1. halvår 2013. Tilknytinga til E39 ved Harestad inngår i prosjektet E39 Smiene – Harestad. Kommunedelplan for dette prosjektet blei godkjent i 2012, og reguleringsplan er venta godkjent i løpet av 1. halvår 2014. Kostnadsoverslaget for Rogfast er no rekna til vel 12,2 mrd. kr. Det er fortsatt knytt uvisse til kostnadene.

Frå 1. april 2001 har det vore førehandsinnkrevjing av bompengar i ferjesambandet Mortavika – Arsvågen for å delfinansiera prosjektet fv 47 T-sambandet, jf. St.prp. nr. 70 (2007-2008). Bompengepåslaget tilsvarar skilnaden mellom takstsone 21 og takstsone 9, dvs. 12 takstsoner. Det er venta at T-sambandet blir opna for trafikk i mai 2013. Frå dette tidspunktet vil det bli innkrevjing av bompengar i ein bomstasjon på prosjektet, og førehandsinnkrevjinga i ferjesambandet vil opphøyra. Frå same tidspunkt blir fylkesvegferjesambandet Mekjarvik – Skudeneshavn lagt ned.

Ferjesambandet Mortavika – Arsvågen er det nest mest trafikkerte ferjesambandet i Noreg. I 2012 var årsdøgntrafikken (ÅDT) om lag 3700 kjøretøy. Både ferjesambandet Mortavika – Arsvågen og Mekjarvik – Kvitsøy, som er eit fylkesvegsamband, vil bli lagt ned dersom Rogfast blir realisert. Vidare er det føresett at dagens E39 over Rennesøy til Mortavika blir omklassifisert til fylkesveg.

Ein moglegheitsstudie om bompengefinansiering av Rogfast var til lokalpolitisk behandling våren 2010. Alle som kom med uttale til studien, var positive til at arbeidet med eit bompengeopplegg for prosjektet skulle halda fram. På bakgrunn av dette er det no foreslått eit opplegg for førehandsinnkrevjing av bompengar i ferjesambandet Mortavika – Arsvågen. Dei same takstane som i dagens innkrevjingsordning for T-sambandet er lagt til grunn, dvs. eit bompengepåslag som tilsvarer 12 takstsoner. For ein personbil opp til 6 m inkl. førar er ordinær ferjetakst 101 kr. Med eit bompengepåslag på 74 kr blir summen av ferjebillett og bompengar 175 kr før rabatt. Ved forskotsbetaling er det i dag mogleg å oppnå 50 pst. rabatt på summen av ferjebillett og bompengar. Førebelse rekneskapstal viser at brutto bompengeinntekter i 2012 var vel 82 mill. kr.