Prop. 117 S (2012–2013)

E39 Rogfast i Rogaland – førehandsinnkrevjing av bompengar

Til innhaldsliste

4 Bompengeopplegg

Samferdselsdepartementet viser til at E39 er ein del av TEN-vegnetttet. For nye bompengeprosjekt på TEN-vegnettet kan ikkje rabatten for tunge kjøretøy (kjøretøy med tillat totalvekt over 3,5 tonn) vere meir enn 13 pst. Samferdselsdepartementet legg til grunn at førehandsinnkrevjing av bompengar i ferjesamband er omfatta av direktivet.

Forslaget til takst- og rabattsystem som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling legg opp til 50 pst. rabatt ved forskotsbetaling. Departementet legg derfor fram eit alternativt takst- og rabattsystem, utan rabattar, som er i tråd med Eurovignettdirektivet. For å oppretthalda nivået på bompengeinntektene foreslår departementet at bompengepåslaget blir skilnaden mellom takstsone 17 og takstsone 9, dvs. 8 takstsoner, utan rabatt på bompengepåslaget. Med eit bompengepåslag på 49 kr blir summen av ferjebillett utan rabatt og bompengar for ein personbil opp til 6 m inkl. førar 150 kr. Forslag til revidert takst- og rabattsystem vil bli lagt fram for lokale myndigheter før Vegdirektoratet fatter et nytt takstvedtak.

For ferjebillettane blir det ingen endringar, dvs. det blir mogleg å oppnå 50 pst. rabatt.

Det er lagt opp til at innkrevjinga skal starta så snart T-sambandet er opna for trafikk. I tråd med gjeldande retningslinjer er det lagt opp til førehandsinnkrevjing til Rogfast i inntil tre år før eit evt. vedtak om bygging av prosjektet ligg føre. Dersom det ikkje blir vedtatt utbygging av Rogfast er evt. overskytande midlar foreslått nytta til utbetringstiltak på E39 på strekninga Arsvågen – Mjåsund.

Brutto bompengeinntekter er rekna til vel 85 mill. kr pr. år, dvs. om lag 260 mill. kr over tre år. Basert på opplysningar frå ferjeselskapet er det lagt til grunn at innkrevjingskostnadene ved førehandsinnkrevjinga til Rogfast blir i storleiksorden 1-1,5 pst. av brutto bompengeinntekter.

Evt. resterande midlar etter at vidare planlegging og prosjektering er finansiert, vil inngå i finansieringsplanen for bygging av prosjektet.