Prop. 35 S (2009–2010)

Samtykke til å setje i kraft ein protokoll til endring av skatteavtala mellom Noreg og Belgia, underskriven i Brussel 10. september 2009

Til innhaldsliste

3 Merknader til dei einskilde artiklane

Fram til nå har Belgia ikkje plikta å gi norske skattestyresmakter innsyn i kontoar og andre opplysingar som bankar og finansinstitusjonar i Belgia har. Heller ikkje pliktar Belgia å gi innsyn i eigarhøva til selskap og trustar som er knytt til norske skattytarar eller å gi opplysingar i saker der Belgia ikkje har ei eiga skatteinteresse.

Artikkel I i protokollen innfører ein ny artikkel 27 i skatteavtala. Den nye artikkel 27 motsvarer artikkel 26 i mønsteravtala til OECD slik ho lyder etter 2005. Endringa inneber at partane skal innhente og utveksle opplysingar utan omsyn til om dei sjølve treng dei for eigne skatteformål. Vidare kan ei begjæring om opplysingar ikkje avvisast ved å vise til at opplysingane må innhentast frå bankar, andre finansinstitusjonar, forvaltarar eller liknande.

Artikkel II og III inneheld føresegner om når protokollen skal tre i kraft og når gjeldande artikkel 27 skal opphøre å gjelde. Protokollen trer i kraft når båe statar har gitt kvarandre melding gjennom diplomatiske kanalar om at dei naudsynte interne prosedyrane er gjennomførde. Protokollen skal ha verknad for skatteår som byrjar 1. januar i året etter året då han tredde i kraft. Protokollen skal utgjere ein integrert del av skatteavtala. Artikkel 27 i gjeldande skatteavtale skal framleis gjelde for tidlegare inntektsår.