Prop. 35 S (2009–2010)

Samtykke til å setje i kraft ein protokoll til endring av skatteavtala mellom Noreg og Belgia, underskriven i Brussel 10. september 2009

Til innhaldsliste

Tilråing

Finansdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til å setje i kraft ein protokoll til endring av skatteavtala mellom Noreg og Belgia, underskriven i Brussel 10. september 2009.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til å setje i kraft ein protokoll til endring av skatteavtala mellom Noreg og Belgia, underskriven i Brussel 10. september 2009, i samsvar med eit vedlagt forslag.