Prop. 51 L (2011–2012)

Endringar i utlendingsloven (avvikling av åremålsordninga for nemndleiarar i Utlendingsnemnda og rett til representant for einslege, mindreårige asylsøkjarar)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

4.1 Avvikling av åremålsordninga for nemndleiarar i Utlendingsnemnda

UNE rapporterer at åremålsordninga har ført til meir utskifting blant nemndleiarane enn kva som ville vore tilfelle dersom dei hadde hatt fast tilsetjing, og at dette har ført til meirkostnader til rekruttering og opplæring. Dei rapporterer også at den store utskiftinga av nemndleiarar dei to siste åra har ført til lågare produktivitet enn tidlegare. Det er ikkje mogleg å talfeste den konkrete verknaden av dette. UNE har per 1. desember 2011 om lag 12 000 saker til handsaming, og ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid (av asylsaker med oppsettande verknad) på elleve månader. Høgare produktivitet og raskare sakshandsaming vil leggje til rette for reduserte utgifter til drift av statlege mottak for asylsøkjarar. UNE si måloppnåing sett opp mot overordna produksjonskrav var på 86 % i 2010. Ni prosentpoeng av avviket skuldast manglande kapasitet i nemndleiarleddet.

4.2 Representantordning for einslege, mindreårige asylsøkjarar

4.2.1 Administrative konsekvensar

Lovforslaget byggjer på vergemålsloven 2010, som inneber omfattande endringar i organiseringa av verjemålsmyndigheita på alle nivå, jf. ovanfor i avsnitt 3.1.4. Den nye organiseringa av verjemålsmyndigheita legg til rette for at fylkesmannen overtek ansvaret til overformynderia også når det gjeld einslege, mindreårige asylsøkjarar og representantane deira, slik departementet no foreslår. Forslaget inneber vidare at oppgåvene til fylkesmannen som klage- og tilsynsmyndigheit vert overførte til ei sentral klage- og tilsynsmyndigheit for heile landet.

Ei slik organisering vil særleg gi meirarbeid for fylkesmannen i dei verjemålsdistrikta der det finst omsorgssenter eller asylmottak for einslege mindreårige. I dei andre verjemålsdistrikta vil organiseringa gi lite eller inkje meirarbeid.

Utlendingsdirektoratet har i dag i praksis fleire oppgåver knytte til rekruttering og oppnemning av verjer for einslege, mindreårige asylsøkjarar. Forslaget inneber at Utlendingsdirektoratet vil bli friteke frå desse oppgåvene.

4.2.2 Økonomiske konsekvensar

Dagens generelle vertskommunetilskott til kommunar med asylmottak baserer seg på at verjerolla er frivillig og ulønt. Auken i talet på einslege, mindreårige asylsøkjarar som kjem til Noreg, har sett den frivillige modellen under stadig større press, og fleire kommunar har sett seg nøydde til å løne verjene. Erfaringsgrunnlaget er likevel svært avgrensa, jf. dei store endringane som har skjedd i løpet av kort tid, og det ligg derfor ikkje føre systematiserte data som seier noko om kor store dei reelle utgiftene i vertskommunane er på dette området. Ut over myndigheitskontakten ligg det heller ikkje føre systematisert informasjon om i kor stor grad det vert nytta tolk i kontakten mellom verje og den einslege mindreårige.

Staten dekkjer i dag utgifter knytte til avtale med Norsk Folkehjelp om rekruttering og opplæring av verjer i austlandsområdet. Det er også sett av nokre ressursar hos Utlendingsdirektoratet. Vidare er det i 2012 budsjettert med 8,6 mill. kroner til dekning av eige verjetilskott knytt til transittfasen. Departementet vurderer at dei statlege utgiftene i dag utgjer litt i overkant av 10,6 mill. kroner per år.

Det vert lagt til grunn at nødvendige investeringar vert gjorde i samband med den generelle omorganiseringa av verjemålsmyndigheita, og at aktuelle utgifter for representantordninga vert avgrensa til representantavlønning, administrasjon, logistikk og tolk. Utgiftene vil i stor grad variere med kor mange som kjem. Meirutgiftene vert vurdert i den ordinære budsjettprosessen. Lova vert ikkje sett i kraft før det er tilstrekkelege midlar til dette i budsjettet.

Til forsida