Prop. 100 S (2021–2022)

Finansiering av Kvinnheradpakken i Vestland

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn og omtale av utbygginga

Det er om lag 13 200 innbyggjarar i Kvinnherad kommune i dag, og folketalet er venta å stige svakt fram mot 2030. Hovudvegnettet i Kvinnherad kommune består av fv. 500 mellom Mauranger via Rosendal og Opsanger-krysset ved Husnes og over Halsnøy til Ranavik ferjekai. Vidare går fv. 548 frå kryss med fv. 500 ved Toralia til Utåker ferjekai. I tillegg går fv. 5028 mellom Opsanger og Hellandskrysset via Sunde og Husnes.

Kvinnherad har vegsamband til Ullensvang kommune gjennom fv. 500 Folgefonntunnelen, og via fv. 500 Jondalstunnelen. Kommunikasjon mot Fusa og Os går via ferjesambandet fv. 48 Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn. Kvinnherad er knytt til kommunane i vest via ferjesambandet fv. 500 Ranavik–Skjersholmane på Stord, og til Etne i sør via ferjesambandet fv. 548 Utåker–Matre–Skånevik.

Store delar av vegnettet i Kvinnherad er ikkje tilpassa dagens krav til standard. Mange av fylkesvegane har berre eit køyrefelt, og det er behov for å betre framkoma og tryggleiken for gåande og syklande. I åra 2010–2019 har totalt 4 blitt drepne og 12 alvorleg skadde i trafikkulykker i kommunen. Det er òg mange kjente skredpunkt med høg skredfaktor i Kvinnherad kommune, og vegnettet blir stadig stengt som følgje av stein- og snøskred.

Det er til saman sju tiltak/prosjekt i Kvinnheradpakken. Prosjekta er prioritert frå 1 til 7. Figur 2.1 gir ei oversikt over prosjekta i prioritert rekkjefølgje. Tiltaket med prioritet 4 er ikkje med i kartet, då dette er ei ramme som er sett av til diverse mindre trafikksikringsprosjekt i kommunen.

Figur 2.1 Kartskisse med prioriterte prosjekt i Kvinnheradpakken

Figur 2.1 Kartskisse med prioriterte prosjekt i Kvinnheradpakken

Arbeidet med pakken er starta opp med fylkeskommunale midlar. Fylkeskommunen starta opp utbygginga av Furebergfossen bru, og etter dette byggjetrinn 1 av Årsnes–Folgefonntunnelen med bruk av fylkeskommunale skredsikringsmidlar. Grunnen til at fylkeskommunen har starta opp prosjekt i pakken er at midlar blei innarbeidd i investeringsprogrammet for fylkesvegnettet i tidlegare Hordaland fylkeskommune, og det blei oppretta ein prosjektorganisasjon for pakken. Det er ved utgangen av 2021 brukt om lag 160 mill. kr av fylkeskommunale midlar til tiltak i pakken. Bruk av bompengar i pakken er forventa starta opp i 2022 med prosjektet fv. 500 Sæbøvik–Eidsvik–Tofte. Tabell 2.1 viser prosjekt og planstatus i pakken.

Tabell 2.1 Prosjekt og planstatus i Kvinnheradpakken i mill. 2022-kr

Prioritet

Vegnr.

Prosjekt

Planstatus

Kostnad

1

Fv. 500

Furebergfossen bru

Ferdigstilt august 2020

67

2A

Fv. 500

Folgefonntunnelen–Årsnes, byggetrinn 1 (tunnel Sunndal)

Reguleringsplan har vore på høyring, bygging starta opp tidleg i 2021

395

2B

Fv. 500

Folgefonntunnelen–Årsnes, byggetrinn 1 (vegutbetring)

Det er truleg ikkje naudsynt med reguleringsplan for utbetringa

127

3

Fv. 500

Herøysundet

Reguleringsplan godkjent september 2020

33

4

TS-tiltak generelt (punktutbetring)

Ikkje behov for reguleringsplan

39

5

Fv. 500

Sæbøvik–Eidsvik–Tofte

Reguleringsplan frå 2008

36

6

Fv. 500/548

Opsanger–Porsvik

Reguleringsplan på ein mindre del av strekninga frå 2006

98

7

Fv. 548

Sandvoll Sentrum, byggetrinn 1

Reguleringsplan frå 2008

51

Totalt

846

Dei største prosjekta er:

Fv. 500 Furebergfossen bru (pri. 1)

Prosjektet er gjennomført og fullfinansiert gjennom fylkeskommunale skredsikringsmidlar, jf. budsjett for Vestland fylkeskommune 2020. Totalt har prosjektet kosta 67 mill. 2022-kr. Prosjektet har trygga vegstrekninga mot skred ved å byggje ein ny bru, som òg har betra framkome på strekninga ved å auke vegbreidda.

Fv. 500 Folgefonntunnelen–Årsnes byggetrinn 1 (pri. 2A og 2B)

Byggetrinn 1 på strekninga Årsnes–Folgefonntunnelen strekk seg frå Årsnes ferjekai til Folgefonntunnelen. Byggetrinnet er prioritert som prosjekt nr. 2 i Kvinnheradpakken. Prosjektet omfattar ein tunnel og utbetring av eksisterande veg på delar av strekninga. Det er delt i to delprosjekt for å skilje kostnadane knytt til skredsikringstiltak (2A) frå vegutbetringa (2B).

Skredsikringstiltaket (2A) inneber bygging av ein tunnel nær Sunndal. Tunnelen vil trygge tre skredpunkt på ei strekning på fv. 500. Reguleringsplan for tunnelen blei vedteke i starten av 2021. Det er inngått totalentreprise gjennom ein samspelskontrakt, og prosjektet starta opp hausten 2021 med bruk av fylkeskommunale skredsikringsmidlar.

Det blir sett av ei ramme til å utbetre eksisterande veg (2B) på 114 mill. 2022-kr. Strekninga mellom Årsnes ferjekai og Folgefonntunnelen er smal, har knapp kurvatur mange stader og dårleg bereevne. Det er antatt at det ikkje hefter stor økonomisk risiko til opprusting av strekninga. Opprustinga skal gjerast samtidig med bygging av tunnelen (2A), der ein vil nytte tunnelmassar direkte til punktvis vegutbetring. Det vil bli gjennomført punktvise utbetringar for å betre sikt, framkome og tryggleik, med mål om tofeltsveg på store delar av strekninga. Det er truleg ikkje naudsynt med reguleringsplan for utbetringa.

Fv. 500, fv. 548 og fv. 5046 Opsanger–Porsvik (pri. 6)

Vegstrekninga mellom Opsanger og Porsvik omfattar fylkesvegane fv. 500, fv. 548 og fv. 5046, og er trafikkert av reisande til og frå Halsnøy, Husnes, Sunde og Sunde snøggbåtkai. Vegstrekninga knyt saman fleire tettstadar med stor busetnad og viktige arbeidsplassar i kommunen. Fv. 5046 er tilkomstvegen til snøggbåtkai på Sunde.

Mellom Opsanger og Porsvik manglar det tilbod for gåande og syklande, og det er heller ikkje lagt til rette for å kunne gå og sykle til snøggbåten på Sunde ferjekai. Fylkesvegane har vekslande standard der enkelte delstrekningar har svært dårleg standard. Det overordna målet med prosjektet er å knyte saman tettstadane Husnes, Sunde og Valen med gang- og sykkelveg, samt å betre vegstandarden for gjennomgangstrafikken. Avsett ramme er truleg ikkje tilstrekkeleg til å utbetre heile strekninga til fullgod standard. Utbygginga blir tilpassa ramma.

Andre prosjekt/tiltak – planstatus

Reguleringsplan for prosjektet fv. 500 Herøysundet blei godkjend hausten 2020, og prosjektet er starta opp ved bruk av fylkeskommunale midlar. Reguleringsplanar for fv. 548 Sandvoll sentrum (pri. 7) og fv. 500 Sæbøvik–Eidsvik–Tofte (pri. 5) blei godkjende i 2008, og er planlagt oppdatert våren 2022. Det er sett i gang forprosjekt for å vurdere andre løysingar på Tofte enn utbetring av eksisterande veg.