Prop. 100 S (2021–2022)

Finansiering av Kvinnheradpakken i Vestland

Til innhaldsliste

9 Samferdselsdepartementets vurdering

Store delar av vegnettet i Kvinnherad er ikkje tilpassa dagens krav til standard. Mange fylkesvegar har berre eit køyrefelt og det er behov for å betre framkoma og tryggleiken for gåande og syklande. Det er mange alvorlege ulykker på vegnettet, og mange kjente skredpunkt med høg skredfaktor i Kvinnherad kommune.

Innkrevjing av bompengar skal skje på ferjesambanda til kommunen. Sjølv om dette kan gje negative effektar for nabokommunane Stord og Etne, viser Samferdselsdepartementet til at innkrevjing på ferje gir låge innkrevjingskostnader, og at midlane med dette kan brukast til vegutbygging. Samferdselsdepartementet er elles positiv til at det ein del av strekninga på fv. 548 i Etne kommune har blitt regulert.

Det er lokalpolitisk semje i Kvinnherad om det opplegget som er føreslått for utbygging og finansiering av Kvinnheradpakken, og Vestland fylkeskommune har vedteke å stille garanti for bompengelån. På denne bakgrunn legg Samferdselsdepartementet til grunn Vestland fylkeskommune sitt opplegg for finansiering og utbygging av Kvinnheradpakken.

Ramma for pakken ligg under krava for ekstern kvalitetssikring (KS2). Med ein bompengeandel på om lag 24 pst. har pakken høg eigenandel.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at Kvinnheradpakken blir styrt i samsvar med dei nye føringane for porteføljestyrte bompengepakkar. Dette inneber at ei eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt i bompengepakken skal handterast gjennom porteføljestyring og ikkje gjennom auka takstar eller forlenga innkrevjingsperiode. Garantisten sine utlegg kan følgeleg ikkje dekkast gjennom ei auke i gjennomsnittstaksten eller ei forlenging av bompengeperioden. Departementet understrekar difor at det vil vere behov for ei stram styring av porteføljen for å unngå at den fylkeskommunale garantien blir løyst ut.