Prop. 13 S (2017–2018)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

5 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

Tilføying av stikkord på kap. 1330, post 75

I statsbudsjettet for 2017 er det oppretta ei tilskotsordning for reduserte bompengetakstar utanfor byområda på kap. 1330 Særskilde transporttiltak. Det er løyvd 502,8 mill. kr på kap. 1330, post 75 Tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda, i 2017.

Fristen for å søkje om å bli omfatta av ordninga var 1. april 2017. For nye bompengeselskap blei fristen utvida til 1. juni. Da fristen gjekk ut, var det berre to av dei 43 prosjekta som var aktuelle for ordninga, som ikkje hadde søkt om å bli med. Tilsegnsbrev blei sendt alle selskapa som søkte innan 1. juni.

Før tilskotet kan betalast ut må det, i samsvar med regelverket for tilskotsordninga, ligge føre eintydige vedtak frå aktuelle kommunar og fylkeskommunar om at prosjektet skal legge om til ny takst- og rabattstruktur i tråd med Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016), vedtak frå eigarane i selskapet om at selskapet går inn i eitt av dei regionale bompengeselskapa og søknad frå bompengeselskapet om å sette ned takstane med minst 10 pst. Søknaden om takstendring må vere godkjend av lånegarantisten/lånegarantistane. Samferdselsdepartementet er kjend med at den lokalpolitiske handsaminga av desse sakene kan ta tid. Det er derfor ein risiko for at nødvendig dokumentasjon vil mangle for nokre prosjekt ved fristen for utbetalingar for 2017. Dette vil berre vere eit problem i 2017 ved etableringa av tilskotsordninga.

For å sikre at dei som har fått tilsegn, men der det manglar dokumentasjon, får utbetalt midlar foreslår departementet at stikkordet «kan overførast» blir føydd til kap. 1330, post 75 Tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda, jf. forslag til romartalsvedtak.

Til forsida