Prop. 85 L (2015–2016)

Endringar i barnelova m.m. (oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)

Til innhaldsliste

11 Regeltekniske endringar i ekteskapslova og brudvigjingslova

Mynda til å gje etterfylgjande godkjenning av ugyldige ekteskap er heimla i ekteskapslova og brudvigjingslova. Viss eit ekteskap er ugyldig fordi framgangsmåten var gal eller vigslaren mangla mynd, kan fylkesmannen etter ekteskapslova § 16 andre stykke, gje etterfylgjande godkjenning av ekteskapet når særlege grunnar talar for det. Der eit ekteskap som er inngått i utlandet, ikkje kan verte anerkjent i Noreg, kan fylkesmannen likevel godkjenne ekteskapet viss det er sterke grunnar som talar for det, jf. ekteskapslova § 18 a andre stykke. Etter brudvigjingslova § 11 tredje stykke, kan ein vigsel som er utført i strid med lova, verte godkjend når særlege grunnar talar for det.

Ekteskapslova og brudvigjingslova vart endra ved lov 18. september 2015 nr. 92, og mynda til å handsame søknadar om godkjenning av ugyldige ekteskap vart lagd til fylkesmannen i førsteinstans. Endringane tredde i kraft 1. januar 2016. Det er Fylkesmannen i Oslo og Akershus som handsamar søknadane.

Mynda til å godkjenne ugyldige ekteskap etter ekteskapslova § 16 andre stykke og § 18 a andre stykke var før lovendringa lagd til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Departementet var klageinstans. Mynda til å godkjenne ekteskap etter brudvigjingslova § 11 tredje stykke var lagd til departementet i førsteinstans. Kongen i statsråd var klageinstans. Det var ikkje ynskjeleg at departementet og Kongen i statsråd skulle vere første- og/eller klageinstans i einskilde saker etter ekteskapslova og brudvigjingslova. Departementet fremja difor eit lovforslag i Prop. 103 L (2014–2015) for å leggja til rette for ei betre handsaming av saker der inngåtte ekteskap ikkje er gyldige etter norsk rett. Det vart føreslått at alle saker om etterfylgjande godkjenning av ugyldige ekteskap skulle verte handsama av fylkesmannen. Departementet uttala vidare i lovforslaget at det ville vurdere nærare om mynda burde verte lagd til eit eller fleire fylkesmannsembete. Bakgrunnen for forslaget om at den eller dei same organ skulle handsame alle sakene, var at ein ville gje ei meir einskapleg og effektiv sakshandsaming. Stortinget kommenterte dette i Innst. 285 L (2014–2015), der komiteen uttala:

«Komiteen merker seg formålet med forslagene til lovendring, som er en mer enhetlig og effektiv behandling av sakene ved at samme enhet behandler alle sakene, og ser behovet for effektivisering, verdien av enhetlig behandling og det naturlige i at alt er samlet på ett sted.»

Ved eit mistak vart det i ordlyden i ekteskapslova § 16 andre stykke, ekteskapslova § 18 a andre stykke tredje punktum og brudvigjingslova § 11 tredje stykke første punktum, fastsett at fylkesmannen kan godkjenne, anerkjenne og vedta ugyldige ekteskap og vigslar. Dette inneber i utgangspunktet at alle fylkesmenn er gjevne denne mynda innanfor det geografiske området deira. Departementet føreslår å endre ordlyden i ekteskapslova § 16 og § 18 a og brudvigjingslova § 11 for å gjere det tydeleg at departementet fastsett kva for fylkesmenn som skal handsame slike saker. Lovendringane inneber inga endring i dagens situasjon, og hensikta til departementet er at Fylkesmannen i Oslo og Akershus skal halde fram med å handsame søknadar om etterfylgjande godkjenning av ugyldige ekteskap.

Etter at lov 13. februar 2015 nr. 9 om utenrikstjenesten (utenrikstjenesteloven) tok til å gjelde, vart tilvisinga i ekteskapslova § 12 første stykke bokstav c feil. Den rette tilvisinga skal vere § 14, ikkje § 17 slik det står no. Departementet føreslår å endre dette.