Prop. 85 L (2015–2016)

Endringar i barnelova m.m. (oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)

Til innhaldsliste

8 Syna til høyringsinstansane

Forslaget vert støtta av Advokatforeningen, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Foreningen 2 Foreldre og Norges Kvinne- og familieforbund.

Likestillings- og diskrimineringsombodet og Aleneforeldreforeningen støttar delar av forslaget, men går imot andre delar av det.

Barneombodet, Reform – ressurssenter for menn, Norsk Kvinnesaksforening og Kvinnefronten går imot forslaget.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet viser til at problemstillinga i lovendringsforslaga vert om eit utvida høve til å reisa sak for mor, juridisk far og ein som meiner han kan vera far til barnet, vil ivareta omsynet til barnets beste på ein betre måte enn i dag. Direktoratet sluttar seg til vurderingane som departementet har gjort i høyringsnotatet, og støttar etter ei samla vurdering endringsforslaget.

Foreningen 2 Foreldre meiner at lova ikkje må hindre at sanninga om det biologiske opphavet til eit barn vert kjent for partane. Foreininga skriv at farskap og morskap bør fastsetjast på same måte ut frå eit likestillingsperspektiv, og at det er på tide at barnet og faren får ein sjølvstendig gjensidig juridisk relasjon, uavhengig av relasjonen mellom faren og mora til barnet.

Foreningen 2 Foreldre skriv vidare:

«Når det gjelder eksisterende ettårsfrist i nåværende lov etter at en potensiell far har fått kjennskap til eventuelt farskap, skal en ikke underslå at det er en stor byrde både personlig, følelsesmessig og økonomisk å anlegge en sak for rettsapparatet.
Noen (potensielt) biologiske fedre vil være i en følelsesmessig og/eller økonomisk vanskelig situasjon så de ikke er i stand til å gå til sak om et evt. farskap innen ett år etter at de får kunnskap om dette, men kanskje vil disse få mulighet senere. Er det da rimelig at barnet og den potensielle faren ikke skal kunne få farskapet avklart fordi den potensielle faren var i en vanskelig praktisk, følelsesmessig og/eller økonomisk situasjon da han fikk kunnskap om saken?»

Likestillings- og diskrimineringsombodet skriv:

«I utformingen av regler for endring av farskap må hensynet til stabilitet rundt etablerte familieforhold holdes opp mot behovet for avklaring av det biologiske farskapet. Dette regelverket har stor betydning for hvilke rettigheter og plikter menn skal ha som fedre. Etter ombudets syn må det mest tungtveiende hensynet i denne vurderingen likevel være barnets beste. I tråd med FNs barnekonvensjon artikkel 3 skal hensynet til barnets beste være et grunnleggende hensyn i alle saker som angår barn.»

Ombodet peikar på at det i eit likestillingsperspektiv er eit berande prinsipp at menn og kvinner i størst mogleg grad vert likestilte når det gjeld høvet til å ta ansvar for barna sine, og meiner difor at ei oppheving av treårsfristen i større grad vil likestilla kvinner og menn som foreldre.

Likestillings- og diskrimineringsombodet støttar likevel ikkje forslaget om å oppheva eittårsfristen for å reisa sak. Ombodet meiner regelen er ei klår oppmoding om å handla når ein først har fått opplysningar som kan tyda på ein mogleg farskap som ikkje samsvarar med den fastsette juridiske farskapen. Ei oppheving av fristen vil motverka målet om å avklara farskap så tidleg som mogleg.

Aleneforeldreforeningen meiner at det er viktig å ta vare på sosiale band som er knytt tidleg i livet til barna. Sjølv om kunnskap om biologisk opphav er viktig for barnet, må ikkje ei endring i barnelova om endring av fastsatt farskap føra til at barna mistar viktige omsutspersonar i livet sitt.

Aleneforeldreforeningen støttar ei endring i reglane om at ein mann som tvilar på at han er far til eit barn kan krevja å få dette stadfesta/avkrefta gjennom DNA-test, og at ein ikkje har tidsfristar. Eit slikt krav bør kunna setjast fram og verte handsama utan samtykke frå mora. Dette bør gjelda alle menn som er i tvil om dei er fedrar, anten farskapen er fastsett etter erklæring eller pater est-regelen. Når det gjeld høve for mora, barnet og ein tredjeperson til å reise sak, går Aleneforeldreforeningen inn for ei vidareføring av gjeldande rett.

Barneombodet meiner at dagens reglar er godt eigna til å ivareta dei interessene som generelt sett er best for barn, og støttar difor ikkje forslaget. Ei slik endring vil etter ombodet si meining vera å gje det biologiske prinsippet ei svært sterk gjennomslagskraft, utan først å ha vurdert konsekvensane for barnet. Barneombodet er samd i at det er i interessa til barn å få kunnskap om kven som er den biologiske faren deira. Ombodet peikar likevel på at kjernespørsmålet er om det generelt sett er best for barn å ha eit regelverk som opnar for ein svært liberal tilgang til å reise sak for endring av eit allereie etablert farskap. Interessene til barnet er godt ivaretatt gjennom gjeldande rett, slik Barneombodet vurderer det.

Ombodet skriv vidare at sjølv om det heilt klårt er i interessa til barnet å få kunnskap om sitt biologiske opphav, treng det ikkje alltid å vera i interessa til barnet at ein allereie etablert farskap kan endrast, uavhengig av tida som har gått. Stabilitet og kontinuitet er sentrale dimensjonar i vurderinga av kva som er best for barn, og det er dermed svært viktig for barn å leva med påreknelege rammer for omsuta framover. Ombodet peikar på at ved å gje foreldra eit vidt høve til å reise endringssak for domstolen, er det òg ein fare for at foreldre i høg konflikt får ein ny arena å spela ut konflikten seg imellom på.

Reform – ressurssenter for menn, skriv følgjande:

«Reform ser ikke behov for å endre bestemmelsene om tidsfrister fastsatt i dagens barnelov. Det foreliggende forslaget bringer ikke inn vesentlige nye momenter. Biologisk opprinnelse er prinsipielt mindre tungtveiende enn sosialt farskap via bånd som er etablert over et lengre tidsrom, som ved adopsjon. Sosialt farskap ivaretas best ved å opprettholde dagens lovbestemmelser.»

Reform går vidare imot forslaget om å oppheva § 6 a om retten til kunnskap om biologisk far, og grunngjev dette med at det er tydeleg skilnad på å gå til sak om endring av farskap, og å krevja kunnskap om biologisk far. Det vil kunna tenkjast tilfelle der barn vil ynskja informasjon om den biologiske faren sin utan å risikera å mista den sosiale faren som sin juridisk far.

Norsk Kvinnesaksforening peikar på at det i dag manglar grunnlag i forsking for å seie kva som vil vera til det enkelte barn sitt beste eller til beste for barn generelt. Dersom det er best for det enkelte barn å få brakt ei uvisse om farskapen ut av verda, vil barnet alltid ha høve til å reisa søksmål. Foreininga meiner at den foreslåtte endringa bør utsetjast til det finst eit betre fundert grunnlag for å hevde kva som vil vera til beste for barn flest.

Kvinnefronten støttar ikkje forslaget og meiner det inneber ei styrking av rettane til menn samstundes med ei svekking av rettane til kvinner og barn, utan tilstrekkeleg grunnlag i forsking for å seie kva som vil vera best for barnet.