Prop. 95 L (2023–2024)

Endringar i karantenelova (informasjonsplikt, godtgjering og reaksjonar m.m.)

Til innhaldsliste

10 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovforslaga kan få økonomiske og administrative konsekvensar for dei som er pliktsubjekt etter lova og enkelte andre aktørar.

For politikarar vil forslaget i § 5 første ledd om ei generell informasjonsplikt innebere eit tydelegare rettsleg grunnlag for Karantenenemnda til å innhente informasjon også etter at det er gjort vedtak om karantene eller saksforbod. Lovforslaget inneber ikkje i seg sjølv nye forpliktingar for politikarar.

Forslaget til § 5 andre ledd om å utvide informasjonsplikta i tid inneber ei utviding av forpliktingane til politikarar etter lova. Også forslaget til § 5 tredje ledd om at informasjonsplikta skal omfatte enkelte endringar i ny stilling mv. inneber ei utvida forplikting. Begge desse forslaga inneber at politikarar potensielt må melde inn fleire saker til Karantenenemnda og vente på avgjerd frå nemnda, og ein eventuell karantene eller eit eventuelt saksforbod må vere over, før dei kan tiltre stillingar eller verv, etablere næringsverksemd eller sette i verk endringar som er omfatta av informasjonsplikta.

Forslaget til § 7 andre ledd om utvida varigheit av saksforbod kan innebere at politikarar må tole restriksjonar i eit lengre tidsrom enn i dag, men inneber ingen vesentlege endringar samanlikna med dagens rettstilstand.

Forslaget til nytt andre ledd i § 8 om unntak frå godtgjering inneber at politikarar i enkelte tilfelle kan bli ilagde karantene utan at dette blir kompensert i form av godtgjering. Unntaka frå retten til godtgjering vil kunne påføre politikarar ei økonomisk ulempe samanlikna med dagens rettstilstand.

Forslaget til endringar i § 20 om lovbrotsgebyr får betydning for politikarar ved at skyldkravet blir endra frå forsett eller grov aktløyse til forsett eller alminneleg aktløyse. Forslaget til nytt femte ledd i § 20 om forelding inneber at ein politikar ikkje kan ileggast lovbrotsgebyr dersom det har gått meir enn fem år sidan brotet opphøyrde, med mindre det er sendt førehandsvarsel om eit slikt vedtak innan utløpet av foreldingsfristen.

Forslaget til ny § 21 om at Karantenenemnda kan gjere vedtak om at ei godtgjering skal stansast eller krevjast tilbakebetalt, inneber ein ny reaksjon som politikarar kan bli møtte med ved brot på lova.

Forslaget til formålsføresegn i ny § 1 a vil først og fremst ha ein pedagogisk funksjon, noko som kan vere eit element ved tolkinga av lovreglane. Føresegna vil ikkje i seg sjølv innebere økonomiske og administrative konsekvensar. På same måte vil forslaget om ein revidert definisjon av saksforbod i § 2 tredje ledd innebere ei klargjering av gjeldande rett og ikkje medføre nye restriksjonar eller forpliktingar etter lova.

For embetsmenn og statstilsette som er omfatta av lova, vil forslaga om formålsføresegn i ny § 1 a, definisjon av saksforbod i § 2 tredje ledd, heimel for stans og tilbakekrevjing av godtgjering ved brot på karantene i ny § 21 og endring av skyldkrav for lovbrotsgebyr i § 20 gjelde. Endringsforslaga vil ikkje påverke embetsmenn og statstilsette generelt, men er avgrensa til embetsmenn og statstilsette som er omfatta av §§ 13 og 14 i lova. Det er dermed ikkje så mange statstilsette eller embetsmenn som vil bli påverka av lovforslaget. Forslaga vil særleg gjelde enkelte leiarstillingar og andre med eit særleg ansvar eller tilgang til sensitiv informasjon.

For Karantenenemnda vil forslaget til § 5 første ledd om ei generell informasjonsplikt gi eit tydeleg rettsleg grunnlag for å kunne innhente informasjon frå politikararar også etter at det er gjort vedtak om karantene eller saksforbod. Forslaget kan slik sett innebere ei effektivisering av saksbehandlinga i nemnda når det gjeld saker om reaksjonar ved brot på karantenelova eller vedtak i nemnda.

Forslaget til § 5 andre og tredje ledd om utvida informasjonsplikt vil sannsynlegvis føre til fleire saker og større ressursbruk for Karantenenemnda. Dei overgangane som blir melde inn som følge av at informasjonsplikta blir utvida i tid, vil i dei fleste tilfelle innebere at nemnda ikkje ilegg restriksjonar etter lova, men nemnda må likevel behandle desse sakene. Nemnda kan vurdere forenkla saksbehandling av overgangar som framstår som openbart uproblematiske.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet finansierer arbeidet til Karantenenemnda gjennom budsjettet sitt. Kostnader for nemnda gjeld godtgjering for medlemmene i nemnda i samsvar med administrative satsar fastsette av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Talet på saker er ulikt frå år til år og kan særleg vere høgt i år der det er skifte av regjering. Kostnadene varierer ut frå dette. Dei siste par åra har det også vore ein auke i talet på saker, truleg som følge av større merksemd om karantenelova. I 2019 var kostnadene for godtgjering mv. til Karantenenemnda om lag 220 000 kroner. I 2020 var kostnadene om lag 405 000 kroner. I 2021 var kostnadene om lag 385 000 kroner, og i 2022 var kostnadene om lag 700 000 kroner. Sekretariatsfunksjonen for nemnda er lagd til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Ein auke i saksmengda vil dermed også innebere auka ressursbruk for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Departementet har ikkje grunnlag for å talfeste dei økonomiske og administrative konsekvensane av ein mogleg auke i saksmengda for Karantenenemnda, men departementet vurderer at forslaga ikkje vil innebere ein vesentleg auke i kostnadene.

Forslaget til endring av skyldkravet i § 20 om lovbrotsgebyr kan føre til at det blir enklare for Karantenenemnda å fastslå om det har skjedd eit brot på karantenelova som kan gi grunnlag for å ilegge eit lovbrotsgebyr. Endringa medfører ingen ny reaksjon som nemnda kan ta i bruk. Forslaget til nytt femte ledd i § 20 om forelding inneber at Karantenenemnda ikkje kan ilegge lovbrotsgebyr dersom det har gått meir enn fem år sidan lovbrotet blei avslutta, med mindre det er sendt førehandsvarsel om eit slikt vedtak innan utløpet av foreldingsfristen.

Forslaget til ny § 21 om at det kan gjerast vedtak om at ei godtgjering skal stansast eller krevjast tilbakebetalt, inneber ein ny reaksjonsheimel for nemnda. I tilfelle der ein politikar har brote eit vedtak om karantene, er stans og tilbakebetaling av godtgjeringa ein reaksjon nemnda kan og skal vurdere samtidig som dei vurderer andre reaksjonsalternativ.

For tilsettingsmyndigheita vil endringane i § 20 om lovbrotsgebyr og forslaget til ny § 21 om stans og tilbakekrevjing av godtgjering innebere dei same konsekvensane som for Karantenenemnda for dei tilfella tilsettingsmyndigheita kan gjere vedtak om karantene og saksforbod for embetsmenn og statstilsette.

For den nye arbeids- eller oppdragsgivaren til politikaren vil forslaget i § 5 tredje ledd om at informasjonsplikta skal omfatte enkelte endringar i ny stilling mv., medføre at slike endringar ikkje kan tre i kraft før Karantenenemnda har behandla meldinga om endringa og ein eventuell karantene eller eit eventuelt saksforbod er over.

Forslaget til § 7 andre ledd om varigheit av saksforbod kan innebere at den nye arbeids- eller oppdragsgivaren til politikaren i eit lengre tidsrom får visse ulemper som følge av at politikaren er underlagd eit saksforbod. Forslaget inneber ingen vesentlege endringar samanlikna med dagens rettstilstand.

Forslaga kan vidare få konsekvensar for Statsministerens kontor og tidlegare statlege arbeidsgivarar, da det er dei som utbetaler godtgjering i karantenetida til politikarar, embetsmenn og statstilsette.

Forslaget i § 5 tredje ledd inneber ei utviding av informasjonsplikta til også å omfatte enkelte endringar i ny stilling mv., der Karantenenemnda kan gjere vedtak om karantene trass i at karantene ikkje var ilagd ved overgangen. Dette kan ha til følge auka kostnader til godtgjering. Forslaget i § 7 andre ledd om utvida varigheit av saksforbod vil derimot ikkje føre til auka kostnader til godtgjering fordi det ikkje blir gitt godtgjering for saksforbod.

Forslaget i § 8 andre ledd om unntak frå godtgjering kan føre til ei innsparing i kostnadene til godtgjering, som blir utbetalt av Statsministerens kontor.

Forslaget til § 21 kan føre til ei innsparing ved at godtgjering for ein karantene som ikkje blir overhalden, kan stansast og krevjast tilbake. Forslaget til endringar i § 20 første ledd om lovbrotsgebyr kan også føre til ei innsparing ved at føresegna blir enklare å handheve.

Til forsida