Prop. 95 L (2023–2024)

Endringar i karantenelova (informasjonsplikt, godtgjering og reaksjonar m.m.)

Til innhaldsliste

5 Informasjonsplikt for politikarar

5.1 Gjeldande rett

5.1.1 Innleiing

For at Karantenenemnda skal få behandla alle overgangar som er omfatta av lova, er politikarar pålagde ei informasjonsplikt ved overgang til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga og ved etablering av næringsverksemd. Informasjonsplikta for politikarar er regulert i karantenelova § 5.

Politikarar skal uoppfordra og på eige initiativ informere Karantenenemnda om alle overgangar som er omfatta av lova. Lova har reglar om kva slags informasjon dei skal gi, og ein frist for å gi informasjonen. Det er utarbeidd eit standard meldingsskjema om overgangar med ein rettleiar som angir konkrete spørsmål om den politiske stillinga eller det politiske embetet og den nye stillinga, vervet eller næringsverksemda.

5.1.2 Kva for overgangar politikaren skal informere Karantenenemnda om

Informasjonsplikta gjeld alle overgangar til stillingar eller verv utanfor statsforvaltninga og ved etablering av eiga næringsverksemd som skjer innan eitt år etter fråtredinga frå den politiske stillinga eller det politiske embetet. Det er i dette tidsrommet Karantenenemnda som hovudregel kan ilegge karantene eller saksforbod. Informasjonsplikta gjeld for alle overgangar som finn stad i dette tidsrommet, også i dei tilfella politikaren har hatt fleire overgangar til stillingar eller verv etter fråtreding.

Informasjonsplikta gjeld ved overgang til privat verksemd, anten verksemda er kommersiell eller ideell, og ved overgang til interesseorganisasjonar. Overgang til statseigde verksemder som er organiserte som eigne rettssubjekt, som statsføretak og statsaksjeselskap, er også omfatta. I tillegg er overgang til stillingar i kommunal sektor og oppstart av eiga næringsverksemd omfatta. Informasjonsplikta gjeld anten overgangen skjer i form av ei ordinær tilsetting, eit verv i styret for ei verksemd eller andre organ eller i form av tenesteyting, jf. Prop. 44 L (2014–2015) punkt 14, merknad til § 5. Informasjonsplikta gjeld ikkje ved overgang til partipolitisk arbeid eller politiske verv i Stortinget, kommunar og fylkeskommunar. Slike overgangar er ikkje omfatta av karantenelova, jf. § 1 tredje ledd.

5.1.3 Kva slags informasjon politikaren skal gi

Ved overgang til ny stilling utanfor statsforvaltninga skal politikaren gi Karantenenemnda opplysningar om den nye arbeidsgivaren og verksemda og om ansvar og oppgåver i den nye stillinga. Politikaren må for eksempel gi opplysningar om kva for bransje verksemda opererer innanfor, og kva for produkt eller tenester dei leverer. Tilsvarande opplysningar skal politikaren gi ved overgang til verv eller ved etablering av eiga næringsverksemd. Ved overgang til ein interesseorganisasjon vil det vere relevant å gi opplysningar om kva for bransjar og interesser organisasjonen arbeider for.

Politikaren skal vidare gi Karantenenemnda opplysningar om ansvars- og arbeidsområda som låg til det tidlegare politiske embetet eller den politiske stillinga, og om saker som blei behandla i departementet i funksjonstida til politikaren, jf. Prop. 44 L (2014–2015) punkt 14, merknad til § 5. I meldingsskjemaet til Karantenenemnda blir politikaren mellom anna bedd om å opplyse om han eller ho har deltatt i politikkutforming, lovarbeid eller arbeid med budsjettsaker, om kjennskap til budsjettsaker og om eventuell tilgang til konfidensiell informasjon som har betydning for den nye arbeidsgivaren eller eiga næringsverksemd. Dette er opplysningar som er sentrale når Karantenenemnda skal vurdere om politikaren bør ileggast karantene eller saksforbod i samband med overgangen.

5.1.4 Når politikaren skal informere om overgangen og saksbehandlinga i Karantenenemnda

Politikaren skal gi Karantenenemnda alle nødvendige opplysningar seinast tre veker før han eller ho tiltrer i den nye stillinga eller vervet eller etablerer næringsverksemd. Karantenenemnda har frist på to veker til å gjere vedtak om karantene og saksforbod, rekna frå det tidspunkt politikaren har oppfylt informasjonsplikta etter § 5, jf. § 9 første ledd første punktum. Fristen har til formål å sikre ei forsvarleg behandling av saka i Karantenenemnda, samtidig som saksbehandlinga ikkje skal føre til at overgangen blir unødvendig forseinka. Politikaren kan ikkje tiltre stilling eller verv, eller etablere næringsverksemd, før Karantenenemnda har gjort endeleg vedtak i saka, jf. § 9 første ledd andre punktum.

5.2 Forslaga frå Karantenelovutvalet

5.2.1 Informasjonsplikt ved endringar i stilling, verv eller eiga næringsverksemd

Karantenelovutvalet foreslo å innføre ei plikt for politikarar til å gi opplysningar til Karantenenemnda om endringar i arbeidsoppgåver, ansvar og organisatorisk plassering i stillinga, vervet eller næringsverksemda i 18 månader etter fråtredinga som politikar. Utvalet foreslo å ta dette inn i nytt andre ledd til føresegna om informasjonsplikt.

Utvalet viste til at den gjeldande føresegna om informasjonsplikt i karantenelova § 5 er konkret knytt til sjølve overgangen til ny stilling eller nytt verv eller til etableringa av eiga næringsverksemd. Utvalet påpeikte at det kan skje endringar i ei stilling når det gjeld både arbeidsoppgåver, ansvar og organisatorisk plassering, etter at politikaren har tiltredd. Slike endringar kunne hatt betydning for korleis Karantenenemnda vurderte nødvendigheita av karantene og saksforbod dersom desse forholda hadde vore kjende da nemnda behandla saka. Utvalet peikte på at det same gjeld ved overgang til verv og ved etablering av eiga næringsverksemd. For at Karantenenemnda skal kunne vareta dei omsyna karantenelova bygger på, meinte utvalet det er viktig at Karantenenemnda blir gjord kjend med eventuelle endringar som skjer innanfor det tidsrommet det kan ileggast karantene eller saksforbod, slik at nemnda kan vurdere om det er grunn til å gjere om det opphavlege vedtaket.

Utvalet viste også til folketrygdlova § 21-3, som regulerer opplysningsplikta for den som mottar ei yting frå folketrygda. Etter denne føresegna har den som mottar ei trygdeyting, plikt til å underrette om endringar som kan vere avgjerande for om vedkommande framleis har rett til ytinga.

Forslaget frå utvalet inneber at politikarar har plikt til å informere Karantenenemnda om endringar i arbeidsoppgåver. Informasjonsplikta omfattar endringar i kva for bransjar og kundar verksemda rettar seg mot, kva for produkt og tenester verksemda produserer og leverer, og endringar som gjeld kontakt med myndigheitene, politisk påverknadsarbeid eller arbeid med søknader om offentleg støtte. Utvalet peikte på at dette er eksempel på faktiske forhold som Karantenenemnda legg vekt på når dei vurderer om ein politikar skal ileggast karantene eller saksforbod ved overgang til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga, eller ved etablering av eiga næringsverksemd, og som politikaren eksplisitt blir bedd om å opplyse om i meldingsskjemaet til Karantenenemnda. Eventuelle endringar i arbeidsoppgåver i form av nye kundar eller tenester innanfor same sektor eller bransje og nye reint administrative arbeidsoppgåver i verksemda er ikkje omfatta av den foreslåtte informasjonsplikta etter at ein politikar har tiltredd ei stilling mv.

Karantenelovutvalet foreslo vidare at plikta til å informere Karantenenemnda også skal omfatte endringar i ansvar og organisatorisk plassering. Dette gjeld situasjonar der stillinga blir endra frå underordna stilling til leiarstilling i verksemda, der ansvarsområde som ligg til ei leiarstilling, blir endra til nye sektorar og bransjar, eller der ei leiarstilling får nytt eller utvida ansvar for myndigheitskontakt og påverknadsarbeid.

Utvalet vurderte det slik at informasjonsplikta ved endringar i stilling mv. bør følge dei vanlege reglane om informasjonsplikt i karantenelova, slik at informasjon om endringane skal givast til Karantenenemnda seinast tre veker før dei kan settast i verk. Dei vanlege fristane for Karantenenemnda til å gjere vedtak gjeld også i desse tilfella.

5.2.2 Informasjonsplikt i 18 månader etter fråtreding som politikar

Karantenelovutvalet foreslo at informasjonsplikta ved overgang til ny stilling mv. og endringar i arbeidsoppgåver, ansvar og organisatorisk plassering skal gjelde for overgangar og endringar som finn stad innan 18 månader etter fråtreding som politikar. Utvalet foreslo at dette blir regulert i forslag til nytt andre ledd i føresegna om informasjonsplikt.

Utvalet viste til at når informasjonsplikta i dag er avgrensa til 12 månader frå fråtredinga som politikar, er det grunngitt med at Karantenenemnda ikkje kan gjere vedtak om saksforbod i inntil 18 månader utan at det samtidig blir gjort vedtak om karantene. Utvalet viste til at Karantenenemnda dermed ikkje kan ilegge restriksjonar i form av karantene og saksforbod for ein overgang som skjer etter at det har gått 12 månader frå politikaren fråtredde.

Karantenelovutvalet foreslo at saksforbod i særlege tilfelle kan ileggast i inntil 18 månader frå fråtredinga utan at det samtidig må ileggast karantene, jf. punkt 6.2.2. Utvalet vurderte det slik at informasjonsplikta til politikaren når det gjeld overgang til ny stilling mv., bør strekke seg over det same tidsrommet som restriksjonar i form av karantene og saksforbod kan ileggast i.

5.2.3 Informasjonsplikt etter at Karantenenemnda har gjort vedtak om karantene og saksforbod

Karantenelovutvalet foreslo ei vidare formulert informasjonsplikt som ikkje er konkret knytt til overgang til ny stilling mv. Utvalet foreslo at ei slik vidare formulert informasjonsplikt blir nedfelt i nytt første ledd i føresegna om informasjonsplikt.

Utvalet viste til at formålet med ei vidare formulert informasjonsplikt er å gi eit tydelegare rettsleg grunnlag for Karantenenemnda til på eige initiativ å kunne innhente opplysningar frå politikaren også etter at det er gjort vedtak i ei sak. Utvalet viste til at det etter at Karantenenemnda har gjort vedtak om karantene eller saksforbod, kan oppstå situasjonar der Karantenenemnda har behov for informasjon. Dette gjeld for eksempel når det i offentlegheita blir reist spørsmål om ein politikar har handla i strid med eit vedtak i Karantenenemnda. Det kan også dreie seg om tips om at ein politikar som er ilagd karantene eller saksforbod, har starta opp i ei verksemd eller på annan måte handla på vegner av ein ny arbeidsgivar i den aktuelle perioden. Utvalet foreslo ikkje særskilde saksbehandlingsreglar knytte til informasjonsplikta i slike situasjonar, men viste til at dei generelle reglane i forvaltningslova kjem til bruk.

5.2.4 Krav til at politikaren utviser aktsemd og gir fullstendige opplysningar

Utvalet foreslo at det blir presisert i lova at opplysningane skal givast i rett tid og vere fullstendige, og at det blir innført ei aktsemdsnorm som del av informasjonsplikta. Utvalet foreslo at dette blir nedfelt i første ledd i føresegna om informasjonsplikt.

Utvalet meinte at ei aktsemdsnorm kan verke haldningsskapande og medverke til å understreke ansvaret politikaren har for å overhalde informasjonsplikta og gi fullstendige opplysningar til Karantenenemnda.

Utvalet såg hen til den svenske lova om restriktioner vid statsråds och statssekreterares övergång till annan än statlig verksamhet, der det er tatt inn ei aktsemdsføresegn. Statsrådar og statssekretærar skal i samband med overgang til ny stilling eller etablering av næringsverksemd streve etter å handle slik at det ikkje oppstår risiko for økonomisk skade for staten, at nokon får ein utilbørleg fordel, eller at tilliten frå allmenta kan skadast. Karantenelovutvalet viste til at den svenske føresegna mellom anna er grunngitt med at statsrådar og statssekretærar har nokon av dei høgaste stillingane i landet (Regeringens proposition 2017/18: 162 Vissa vilkor för statsråd och statssekreterare punkt 4.6).

Utvalet såg i tillegg hen til praksis for personar som mottar ytingar frå folketrygda, og viste til at den som mottar ei trygdeyting, må bekrefte at opplysningane som blir gitt til Nav, er korrekte, og at føresetnadene for å motta ytinga er oppfylte. Ytinga kan falle bort og krevjast tilbakebetalt dersom ein gir uriktige opplysningar eller held tilbake opplysningar som har betydning for retten til ytinga.

5.2.5 Forskriftsheimel

Utvalet foreslo at det blir fastsett ein forskriftsheimel, slik at departementet seinare kan gi nærmare føresegner om informasjonsplikta i forskrift dersom det blir vurdert som formålstenleg, for eksempel knytt til korleis politikaren skal gi informasjonen. Utvalet viste til at ein slik forskriftsheimel er gitt i karantenelova § 15 fjerde ledd om informasjonsplikt for embetsmenn og statstilsette.

5.3 Forslaget i høyringsnotatet

Departementet foreslo i høyringsnotatet at det blir innført ei informasjonsplikt ved endringar i arbeidsoppgåver, ansvar og organisatorisk plassering, slik Karantenelovutvalet foreslo. Departementet viste til at dette er viktig for at formålet med karantenelova skal bli realisert, særleg i tilfelle der det skjer vesentlege endringar kort tid etter tiltreding i ny stilling mv.

Departementet foreslo vidare at informasjonsplikta blir utvida i tid, slik at ho omfattar alle overgangar som finn stad inntil 18 månader etter fråtredinga. Departementet viste til at dette gir god samanheng med forslaget om at saksforbod i særlege tilfelle kan ileggast i 18 månader etter fråtredinga utan at politikaren samtidig blir ilagd karantene (sjå punkt 6).

Departementet foreslo også at politikaren skal ha ei generell informasjonsplikt overfor Karantenenemnda. Departementet viste til at eit tydelegare rettsleg grunnlag for informasjonsplikt, også etter at Karantenenemnda har gjort vedtak om karantene eller saksforbod, mellom anna kan bidra til å støtte opp under handhevinga av lova.

Når det gjeld aktsemdsnorma knytt til informasjonsplikta, sa departementet seg einig med utvalet i at statsrådar, statssekretærar og politiske rådgivarar er gitt tillit til å ha nokre av dei høgaste embeta og verva i samfunnet. Ei lovfesting av at politikarar må opptre aktsamt, kan derfor signalisere dei forventningane samfunnet må kunne ha til personar som har slike posisjonar. Departementet viste til at aktsemdsplikta inneber at politikarane må sette seg inn i kva dei er forplikta til etter karantenelova, og forvisse seg om at dei har forstått kva som krevst etter regelverket. Samtidig kan det innvendast at ei eiga aktsemdsplikt knytt til informasjonsplikta først og fremst vil ha ein haldningsskapande funksjon og ikkje utgjere ei sjølvstendig plikt som kan sanksjonerast. Departementet foreslo derfor at føresegna blir gitt ei anna språkleg utforming enn det utvalet foreslo, for at dette skulle komme betre fram.

Departementet foreslo også ein forskriftsheimel, slik at utfyllande reglar om informasjonsplikta kan givast i forskrift.

5.4 Synet til høyringsinstansane

Karantenenemnda viser til at det daverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet i høyringsnotatet til karantenelova da reglane blei lovfesta, foreslo at politikarar skulle ha ei informasjonsplikt overfor Karantenenemnda i 18 månader etter fråtreding, men at det blei fastsett i karantenelova § 5 at informasjonsplikta skulle gjelde i 12 månader etter fråtredinga. Karantenenemnda viser til at det er ilagt maksimal karantene og saksforbod i få saker, og er derfor i tvil om det er tilstrekkeleg grunngitt at ei informasjonsplikt i 18 månader bør gjelde alle politikarar. Karantenenemnda erfarer at informasjonsplikt i 12 månader er tilstrekkeleg i dei fleste tilfella. Praksis viser at jo lengre tid som har gått frå fråtreding til tiltreding i ny stilling mv., desto meir sannsynleg er det at det ikkje lenger er behov for verken karantene eller saksforbod. Karantenenemnda meiner at ei generell informasjonsplikt for alle politikarar i 18 månader etter fråtreding kan gjere det vanskelegare for den enkelte å bevege seg mellom politiske verv og næringslivet. Ei så lang informasjonsplikt kan verke for inngripande overfor politikarar med svært kortvarige politiske verv. Karantenenemnda ser likevel at behovet for ei utvida informasjonsplikt unntaksvis kan oppstå, og at det derfor kan vere grunnlag for å ta inn ein heimel i karantenelova § 5, slik at Karantenenemnda kan gjere vedtak om forlengd informasjonsplikt i saker der særleg tungtvegande grunnar tilseier det. Karantenenemnda ber departementet vurdere denne løysinga.

Når det gjeld forslaget om informasjonsplikt ved endringar i arbeidsoppgåver mv. i ei ny stilling, verv eller næringsverksemd, er det, slik Karantenenemnda vurderer det, ein del utfordringar ved det som ikkje er drøfta av utvalet eller i høyringsnotatet. Nemnda viser til at arbeidsforhold er dynamiske og endrar seg over tid, og at arbeidsoppgåver som ligg til ei stilling, sjeldan vil vere fullstendig førehandsdefinerte og uttømmande ved tilsettinga. Karantenenemnda meiner derfor at forslaget i praksis kan bryte med prinsippet om at arbeidsgivaren i kraft av styringsretten sin kan gjere endringar innanfor ramma av arbeidsforholdet. Karantenenemnda meiner vidare at det bør gå fram av lovføresegna at ei informasjonsplikt ved endringar i innhaldet i stillinga berre gjeld vesentlege endringar. Karantenenemnda meiner at den foreslåtte aktsemdsnorma knytt til informasjonsplikta kan bidra til tolkingstvil om kva det inneber å vere aktsam. Karantenenemnda foreslår derfor at ei slik aktsemdsnorm ikkje blir tatt inn i lova. Dei meiner også at det er lite heldig å ha reglar om informasjonsplikt i både lov og forskrift.

5.5 Vurderingar og forslag frå departementet

5.5.1 Innleiing

Informasjonsplikta er ei sentral forplikting etter karantenelova. Departementet vil derfor understreke betydninga av informasjonsplikta for at formålet med karantenelova kan bli realisert. Med tanke på tilliten til forvaltninga og det politiske systemet er det viktig at informasjonsplikta er dekkande for behovet, og at informasjonsplikta blir etterlevd. Departementet foreslår fleire endringar i karantenelova § 5 om informasjonsplikt for politikarar overfor Karantenenemnda.

5.5.2 Informasjonsplikt i 18 månader etter fråtreding som politikar

Både det tidlegare Evalueringsutvalet som leverte utgreiinga NOU 2012: 12 (omtalt i punkt 3.4.3), og departementet under oppfølginga av forslag frå dette utvalet da karantenereglane blei lovfesta, la til grunn at ein måtte sjå spørsmålet om varigheita av informasjonsplikta i samanheng med kor lang tid etter fråtreding det kan gjerast vedtak om karantene og saksforbod, jf. Prop. 44 L (2014–2015) punkt 8.2.2 og 8.2.3. Evalueringsutvalet foreslo at informasjonsplikta skulle omfatte overgangar innan eitt år etter fråtredinga. Eitt år var den maksimale varigheita av saksforbod etter dei retningslinjene som gjaldt før reglane blei lovfesta. Departementet foreslo i høyringsnotatet til dagens karantenelov at informasjonsplikta skulle gjelde i 18 månader etter fråtreding. Dette hadde samanheng med forslag om at politikarar i særlege tilfelle kunne ileggast restriksjonar i inntil 18 månader etter fråtreding, dvs. 6 månader karantene etterfølgd av 12 månader med saksforbod. Dette innebar at politikarar ikkje kunne ileggast restriksjonar ved overgangar som skjedde meir enn eitt år etter fråtredinga. Departementet foreslo på denne bakgrunnen at informasjonsplikta skulle gjelde for overgangar som skjedde innan eitt år etter fråtreding frå den politiske stillinga, da det var i dette tidsrommet politikarane kunne ileggast restriksjonar, jf. Prop. 44 L (2014–2015) punkt 8.2.5.

Departementet foreslår å følge opp forslaget frå Karantenelovutvalet om at informasjonsplikta til politikarar etter karantenelova § 5 blir utvida i tid, slik at ho omfattar alle overgangar som finn stad inntil 18 månader etter fråtreding frå det politiske embetet eller den politiske stillinga, jf. forslaget til § 5 andre ledd første punktum. Ei slik utviding av informasjonsplikta i tid gir god samanheng med forslaget om at saksforbod i særlege tilfelle kan ileggast i 18 månader frå fråtredinga frå det politiske embetet eller den politiske stillinga utan at politikaren samtidig blir ilagd karantene, jf. forslaget til endring av maksimal varigheit av saksforbod, som er omtalt i punkt 6.

Karantenenemnda viste i høyringsfråsegna til at behovet for å ilegge karantene og saksforbod blir mindre etter kvart som tida går. Karantenenemnda meinte også at ei generell informasjonsplikt for alle politikarar i 18 månader etter fråtreding kan gjere det vanskelegare for den enkelte å bevege seg mellom politiske verv og næringslivet. Departementet deler vurderinga av at behovet for restriksjonar i form av karantene eller saksforbod i dei fleste tilfelle avtar jo lengre tid som har gått sidan politikaren fråtredde. Eit saksforbod i inntil 18 månader er også meint å gjelde i unntakstilfelle, når det er særleg tungtvegande grunnar til det. Forslaget om å utvide informasjonsplikta til 18 månader etter fråtreding inneber inga endring i dette. Det skal framleis vere ein høg terskel for at Karantenenemnda skal ilegge saksforbod av så lang varigheit. Forslaget skal dermed ikkje føre til restriksjonar for den enkelte når det gjeld mobilitet mellom politikk og næringsliv, utover det som allereie følger av karantenelova i dag.

Forslaget om å utvide informasjonsplikta i tid til 18 månader vil også omfatte politikarar som har hatt mindre ansvar som politikar og kort erfaring. I slike tilfelle kan det vere openbert at Karantenenemnda ikkje vil gjere vedtak om saksforbod. Departementet legg til grunn at det for overgangar som blir melde inn til Karantenenemnda meir enn eitt år etter at politikaren fråtredde, generelt vil vere svært avgrensa kva forhold som kan grunngi saksforbod. Det kan for eksempel gjelde situasjonar der departementet har vore involvert i anbod eller forhandlingar om store innkjøp eller for tida har til behandling store konsesjonstildelingar eller andre omfattande avtalar, tillatingar eller løyve, slik som nemnt i Prop. 44 L (2014–2015) punkt 8.4.5. Departementet foreslår at den same høge terskelen for å ilegge saksforbod i inntil 18 månader blir vidareført, jf. punkt 6.5.2. Slik departementet vurderer det, bør nemnda kunne vurdere forenkla saksbehandling av overgangar som blir melde inn meir enn eitt år etter at politikaren fråtredde, dersom overgangane framstår som openbert uproblematiske.

Informasjonsplikta skal som i dag omfatte alle overgangar, som skjer innan 18 månader etter at nokon fråtrer som politikar, også når overgangen ikkje skjer direkte etter fråtredinga frå den politiske stillinga eller det politiske embetet, men politikaren har hatt fleire overgangar etter fråtreding. Dette er i dag presisert i karantenelova § 5 andre ledd. Departementet vurderer det som unødvendig å føre vidare denne presiseringa, da slike overgangar i utgangspunktet er omfatta av den alminnelege regelen om informasjonsplikt. Den endra ordlyden inneber såleis inga endring i gjeldande rett.

Karantenenemnda foreslo at departementet burde vurdere ein heimel for at nemnda kan gjere vedtak om forlengd informasjonsplikt i saker der det er særleg tungtvegande grunnar til det. Departementet meiner at ei slik føresegn ikkje fullt ut varetar behovet for at informasjonsplikta bør gjelde i det same tidsrommet som politikarar kan bli ilagde restriksjonar i form av karantene og saksforbod. Departementet viser til at forslaget ikkje vil sikre at sakene i praksis kjem inn til nemnda i det aktuelle tidsrommet. Forslaget vil heller ikkje sikre at nemnda får dei opplysningane dei treng for å kunne vurdere om ein politikar i særlege tilfelle bør ileggast saksforbod utover eitt år etter fråtredinga. Eit eksempel kan vere ein politikar som straks etter fråtredinga går over til ei stilling i statsforvaltninga som ikkje er omfatta av karantenelova og derfor ikkje skal meldast inn til Karantenenemnda. Dersom vedkommande på eit seinare tidspunkt (mellom 12 og 18 månader etter fråtreding som politikar) går over til ei ny stilling (der tungtvegande grunner tilseier at politikaren bør ileggast eit saksforbod), vil overgangen ikkje bli fanga opp av den løysinga Karantenenemnda foreslår. Eit anna eksempel kan vere at politikaren melder inn ein overgang som blir vurdert som openbert uproblematisk av Karantenenemnda, og der det under behandlinga i nemnda derfor ikkje kjem fram at politikaren kan ha kunnskap og informasjon som kan tilseie at det for andre overgangar bør ileggast saksforbod over eitt år. I slike tilfelle vil ikkje Karantenenemnda ha grunnlag for å gjere vedtak om utvida informasjonsplikt. Departementet meiner derfor at ei utviding av informasjonsplikta i tid bør omfatte alle overgangar som skjer innan 18 månader etter fråtreding som politikar.

5.5.3 Krav til at opplysningane skal givast i rett tid og vere fullstendige

For at omsyna karantenelova bygger på, skal kunne realiserast, meiner departementet det er avgjerande at informasjonsplikta blir overhalden, og at informasjon om overgangar som er omfatta av lova, er fullstendig og blir gitt i rett tid. Departementet foreslår derfor å følge opp forslaget frå Karantenelovutvalet om å presisere i karantenelova at politikaren skal gi Karantenenemnda dei opplysningane dei treng for å gjere vedtak etter lova, og at opplysningane skal givast i rett tid og vere fullstendige slik at tilliten til forvaltninga og det politiske systemet blir varetatt, jf. forslaget til § 5 første ledd. Også i dag inneber informasjonsplikta ei plikt til å gi informasjon til nemnda innan dei fristane som er fastsette i lova, og til å gi fullstendig informasjon, slik at nemnda har grunnlag for å vurdere om politikaren bør ileggast karantene eller saksforbod. Slik departementet vurderer det, kan det likevel vere gode grunnar til at dette går fram av sjølve lovteksten. Ei slik presisering kan både ha ein pedagogisk funksjon og understreke ansvaret politikaren sjølv har for å gi all den informasjonen nemnda treng, i rett tid. Departementet foreslår ei noko annleis språkleg utforming av plikta til at informasjonen skal givast i rett tid og vere fullstendig, enn det som var foreslått av Karantenelovutvalet. Dette er ei reint språkleg endring, ikkje ei realitetsendring.

I høyringsnotatet foreslo departementet å følge opp forslaget frå Karantenelovutvalet om å innføre ei aktsemdsplikt knytt til informasjonsplikta. Aktsemdsplikta var først og fremst meint å ha ein haldningsskapande funksjon og ikkje utgjere ei sjølvstendig plikt som kan sanksjonerast. Karantenenemnda uttalte i høyringssvaret sitt at ei aktsemdsnorm kan bidra til tolkingstvil om kva det inneber å vere aktsam, og meinte derfor at ei slik aktsemdsnorm ikkje bør takast inn i lova. Departementet ser at ei slik haldningsskapande aktsemdsplikt i lova kan skape uklarheit sett i samanheng med den aktsemdsplikta som er fastsett i reglane om reaksjonar i kapittel 5 i lova. Her er kravet til aktsemd knytt til føresetnaden for å kunne ilegge reaksjonar ved brot på lova. Slik departementet vurderer det, kan det derfor framstå som uklart at aktsemd knytt til informasjonsplikta berre skal ha ein pedagogisk funksjon, medan kravet til aktsemd knytt til reglane om reaksjonar utgjer eit vilkår for at reaksjonar kan ileggast. Departementet meiner at ei tilvising i lovteksten til aktsemdsplikta knytt til informasjonsplikta ikkje har materiell betydning utover forslaget om at informasjonen skal givast i rett tid og vere fullstendig. På denne bakgrunnen foreslår departementet at det ikkje blir vist til ei aktsemdsplikt i lovføresegna om informasjonsplikta til politikarane.

5.5.4 Informasjonsplikt ved endringar i stilling, verv eller eiga næringsverksemd

Karantenenemnda si vurdering av om ein politikar skal ileggast karantene eller saksforbod, bygger på dei opplysningane politikaren gir Karantenenemnda før overgangen, og som ligg til grunn på dette tidspunktet. Dersom det etter ein overgang skjer endringar i den nye stillinga, vervet eller næringsverksemda, kan dette innebere at føresetnaden for vedtaket i Karantenenemnda ikkje lenger er til stades. Endringar som skjer etter tiltreding, kan derfor gjere at ein overgang blir problematisk etter karantenelova sjølv om Karantenenemnda ikkje hadde grunnlag for å ilegge karantene eller saksforbod ut frå dei opplysningane nemnda hadde på vedtakstidspunktet. Endringar kan også innebere at det ikkje lenger er grunnlag for karantene eller saksforbod, sjølv om det var grunnlag for det da overgangen blei meld inn til Karantenenemnda. Informasjonsplikt ved endringar i ny stilling, verv eller næringsverksemd kan derfor vere viktig for å realisere formålet med karantenelova, nemleg å motverke at nokon får særlege fordelar av overgangar, vareta tilliten til forvaltninga generelt og motverke at det blir ilagt restriksjonar ved overgangar utover det som er nødvendig.

Slik departementet vurderer det, må ei informasjonsplikt ved endringar finne ein rimeleg balanse mot andre omsyn. Som også Karantenelovutvalet skriv i rapporten sin, vil ikkje alle endringar i stilling, verv eller næringsverksemd gi grunnlag for at vurderinga til Karantenenemnda blir annleis. Ei rekke endringar som naturleg skjer i eit arbeids- eller oppdragsforhold, vil vere ubetydelege sett opp mot dei omsyna som ligg til grunn for vedtak i Karantenenemnda og det formålet karantenelova skal vareta.

Departementet vil peike på at det er vanleg i eit tilsettingsforhold at både arbeidsoppgåver og ansvar gradvis endrar seg over tid. Dette påpeikte også Karantenenemnda i høyringsfråsegna. Departementet vurderer det slik at det ikkje vil vere formålstenleg verken for politikarar eller for dei nye arbeids- eller oppdragsgivarane deira at alle endringar skal meldast inn til Karantenenemnda. Det ville innebere ei uforholdsmessig ulempe for både politikaren og den nye arbeids- eller oppdragsgivaren. Det ville også utgjere eit lite formålstenleg hinder for overgangar og mobilitet mellom politiske embete og stillingar og stillingar og verv utanfor statsforvaltninga. Dersom politikaren får ei ny stilling eller eit nytt verv hos den same arbeids- eller oppdragsgivaren i det tidsrommet han eller ho har informasjonsplikt, vil vedkommande uansett vere omfatta av informasjonsplikta slik reglane er i dag.

For at Karantenenemnda skal kunne vareta dei omsyna karantenelova bygger på, foreslår departementet at politikarar skal ha informasjonsplikt overfor Karantenenemnda om enkelte endringar i stillinga mv. som finn stad i det tidsrommet da Karantenenemnda kan gjere vedtak om karantene eller saksforbod. For å finne ein rimeleg balanse mot andre omsyn, slik det er gjort greie for ovanfor, har departementet vurdert ulike alternativ for korleis ei slik informasjonsplikt kan utformast. Departementet meiner at informasjonsplikta berre bør omfatte endringar som kunne ha hatt betydning for vedtaket Karantenenemnda gjorde i samband med overgangen. Departementet oppfattar at dette også har vore intensjonen med forslaget frå Karantenelovutvalet.

Departementet har vurdert om informasjonsplikta bør omfatte forhold som har vore avgjerande for vedtaket i Karantenenemnda. Departementet meiner at ein fordel med dette alternativet vil vere at nemnda blir sett i ein posisjon til å vurdere om desse forholda er blitt endra på ein slik måte at det gir grunnlag for ei anna vurdering. I så fall må nemnda synleggjere alle føresetnadene for vedtaka sine, noko som i praksis kan vere vanskeleg. Ei slik utforming av lovføresegna vil også kunne gjere det utfordrande for politikaren å ta stilling til kva for informasjon og føresetnader som faktisk låg til grunn for vedtaket i nemnda. Departementet har derfor også vurdert om informasjonsplikta ved endringar i stilling mv. kan utformast slik at ho berre gjeld vesentlege endringar. Ei særleg ulempe med dette alternativet er at det er vanskeleg å avgrense på ein eintydig måte kva som utgjer ei vesentleg endring. Ei slik avgrensing vil også innebere at politikaren sjølv må bere risikoen for at han eller ho gjer ei riktig vurdering av kva som utgjer ei vesentleg endring. Dei tidlegare retningslinjene om informasjonsplikt, karantene og saksforbod for politikarar la opp til at politikaren sjølv skulle vurdere om kvar enkelt overgang kunne vere problematisk, og dermed måtte meldast til det daverande Karanteneutvalet. Da karantenelova blei vedtatt, blei informasjonsplikta utvida til å gjelde alle overgangar som er omfatta av lova. Grunngivinga for dette var at politikaren ikkje skulle bere risikoen for at han eller ho gjorde ei riktig vurdering av om ein overgang er uproblematisk eller ikkje, jf. Prop. 44 L (2014–2015) punkt 8.2.5. Konsekvensen av å utforme informasjonsplikta slik at ho omfattar vesentlege endringar, kan bli at endringar som det ikkje var meininga at informasjonsplikta skulle omfatte, likevel blir melde inn til behandling hos Karantenenemnda.

Departementet foreslår derfor at informasjonsplikta ved endringar i stilling, verv eller eiga næringsverksemd blir konkretisert til å omfatte endringar i dei sektorane eller bransjane politikaren skal arbeide med, kontakt med myndigheitene og organisatorisk plassering, jf. forslaget til § 5 tredje ledd bokstav a til c. På denne måten blir informasjonsplikta knytt til konkrete forhold som kan ha betydning for vurderinga i Karantenenemnda av om politikaren bør ileggast karantene eller saksforbod. Dette er også informasjon politikarane blir bedde om å opplyse om i standard meldingsskjema til Karantenenemnda. Departementet vurderer det slik at forslaget er i samsvar med formålet med informasjonsplikta ved endringar slik ho blei foreslått av Karantenelovutvalet. Departementet foreslår at føresegna blir gitt ei anna språkleg utforming for at det skal komme klarare fram kva for endringar som er omfatta av informasjonsplikta.

Informasjonsplikta ved endringar vil etter forslaget omfatte endringar i kva for sektorar og bransjar politikaren skal arbeide med. Dette vil omfatte endringar i kva for produkt og tenester politikaren skal arbeide med, og kva for kundegrupper politikaren sitt arbeid rettar seg mot. Informasjonsplikta vil etter forslaget også omfatte endringar i kontakten politikaren skal ha med myndigheitene. Dette vil mellom anna omfatte endringar i politisk påverknadsarbeid eller søknader om offentleg støtte. Vidare vil informasjonsplikta omfatte endringar i den organisatoriske plasseringa i den nye stillinga eller vervet. Dette vil omfatte situasjonar der det skjer organisatoriske endringar hos den nye arbeids- eller oppdragsgivaren som for eksempel inneber at den nye stillinga blir endra frå underordna stilling til leiarstilling.

Karantenelovutvalet foreslo at ei informasjonsplikt ved endringar også skulle omfatte endringar i ansvaret som ligg til stillinga mv. Etter forslaget frå Karantenelovutvalet ville dette omfatte mellom anna endring av ansvarsområde som ligg til ei leiarstilling, til nye sektorar og bransjar. Departementet meiner at slike endringar allereie vil vere omfatta av informasjonsplikta ved endringar i kva for sektorar og bransjar politikaren skal arbeide med. For å unngå uklarheiter om rekkevidda av informasjonsplikta ved endringar foreslår derfor departementet at ei generell formulering om endringar i ansvaret som ligg til ei stilling mv., ikkje blir tatt med i lovføresegna. Ei rekke endringar knytte til ansvaret i ei stilling eller eit verv vil uansett vere omfatta av føresegna slik departementet no foreslår å utforme henne.

Departementet foreslår ikkje eigne reglar om saksbehandling eller fristar knytte til informasjonsplikt ved endringar i ny stilling, verv eller næringsverksemd. Plikta politikaren har til å informere om slike endringar, og fristen for Karantenenemnda for å gjere vedtak skal følge dei vanlege reglane. Politikaren skal også, på same måte som for informasjonsplikta ved overgang til ny stilling mv., uoppfordra og på eige initiativ gi informasjon om endringar til Karantenenemnda seinest tre veker før overgangen eller før endringa trer i kraft, jf. forslaget til § 5 fjerde ledd.

Ei informasjonsplikt ved endringar i stilling, verv eller næringsverksemd inneber at endringane ikkje kan settast i verk av politikaren eller politikaren sin nye arbeids- eller oppdragsgivar før Karantenenemnda har behandla saka og ein eventuell karantene eller eit saksforbod har gått ut. Karantenenemnda har frist på to veker til å treffe vedtak, rekna frå det tidspunktet politikaren har oppfylt informasjonsplikta, jf. karantenelova § 9 første ledd første punktum. Av denne føresegna går det vidare fram at politikaren ikkje kan tiltre stilling eller verv eller etablere næringsverksemd før Karantenenemnda har gjort endeleg vedtak i saka. Dette følger av systemet i lova, med ein lovpålagt informasjonsplikt for politikaren og ein lovpålagt frist for Karantenenemnda til å gjere endeleg vedtak i saka. Departementet foreslår at det blir fastsett i lova at heller ikkje endringar som er omfatta av informasjonsplikta etter § 5 tredje ledd kan settast i verk før Karantenenemnda har gjort endeleg vedtak i saka, jf. forslaget til § 9 første ledd tredje punktum. Dersom Karantenenemnda gjer vedtak om karantene og saksforbod kan endringane ikkje settast i verk før karantenen eller saksforbodet for desse forholda har gått ut.

5.5.5 Ei generelt utforma informasjonsplikt

Departementet foreslår å følge opp forslaget frå Karantenelovutvalet om at politikaren skal ha ei generell informasjonsplikt overfor Karantenenemnda, jf. forslaget til § 5 første ledd første punktum. Eit tydelegare rettsleg grunnlag for at Karantenenemnda kan innhente informasjon også etter at det er gjort vedtak om karantene eller saksforbod, kan bidra til å støtte opp under handhevinga av lova. Dersom det er aktuelt for Karantenenemnda å vurdere å ilegge lovbrotsgebyr, må dei informere politikaren om at vedkommande kan ha rett til ikkje å gi opplysningar til nemnda, jf. forvaltningslova § 48.

5.5.6 Forskriftsheimel

Departementet foreslår å innføre ein forskriftsheimel, slik at det seinare er mogleg å gi utfyllande reglar om informasjonsplikta i forskrift dersom det skulle vere behov for det, jf. forslaget til § 5 femte ledd. Karantenenemnda rådde i høyringssvaret sitt frå å regulere informasjonsplikta nærmare i eiga forskrift, fordi dei meinte det er lite heldig å ha reglar om informasjonsplikt i både lov og forskrift. Departementet viser til at karantenelova allereie har ein forskriftsheimel knytt til informasjonsplikta for embetsmenn og statstilsette. Departementet peiker samtidig på at dersom det skal fastsettast nye materielle plikter for politikarar knytte til informasjonsplikta, må det vurderast om desse pliktene bør fastsettast i lov og ikkje i forskrift.

Til forsida