St.prp nr. 1 Tillegg nr. 12 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2003

Til innhaldsliste

4 Krav frå Norges Fiskarlag

I medhald av Hovedavtalen for fiskenæringa av 3. juni 1964 ba Norges Fiskarlag i brev av 31. oktober 2002 om forhandlingar om ein fiskeriavtale for 2003. Fiskarlaget la fram eit krav på 210 mill. kroner. Krava i 2002 og 2001 var på 240 mill. kroner.

Norges Fiskarlag viser til at Stortinget gjennom dei overordna fiskeripolitiske målsetjingane har gitt fiskerinæringa ei spesiell rolle i nærings- og distriktspolitikken. Fiskarlaget konstaterer at desse måla står fast, og legg derfor til grunn at det framleis er staten sitt ansvar å finansiere verkemiddel som medverkar til å oppfylle målsetjingane. Norges Fiskarlag meiner at forhandlingane må fokusere på verkemiddel for å nå distrikts- og fiskeripolitiske målsetjingar, strukturtiltak, sosiale omsyn og fiskerinæringa sitt behov for påreknelege og stabile rammevilkår.

Norges Fiskarlag viser til at det er knytt uvisse til rammevilkåra for næringa i 2003, både når det gjeld nasjonale og internasjonale forhold. Dagens budsjettrutinar gjer at forhandlingane om ein støtteavtale må vere avslutta før internasjonale kvoteforhandlingar er avslutta.

Norges Fiskarlag meiner det er naudsynt med generelle tiltak via næringspolitikken retta mot konkurranseutsett industri i samband med budsjetthandsaminga for 2003. Dei understrekar sterkt at det er viktig med eit samspel mellom finanspolitikken, pengepolitikken og inntektspolitikken, som kan medverke til lågare inflasjon, lågare rentenivå og stabile valutakursar.

Norges Fiskarlag viser til at den tradisjonelle delen av norsk fiskerinæring har vore inne i ei positiv utvikling dei siste åra. Utviklinga innan sildesektoren har vore særleg positiv, noko som skuldast auka etterspurnad etter spesielt sild og makrell og framleis høge prisar. Marknadsprisane innan torskesektoren har gått ned i 2002, noko som gjer at den totale eksportverdien ventast å verte redusert med mellom 5 og 10 pst. i 2002.

Norges Fiskarlag ber om at det vert sett av midlar til dei same tiltaka som i inneverande år, mellom anna garantilott, føringstilskot, tilskot til drift av lineegnesentralar og reservebeløp. Dei ber vidare om at det vert sett av midlar til langsiktige tiltak, og har i samband med dette fokusert på strukturtiltak, oppfølging av arbeidet med biprodukt og tilskot til Fiskerinæringens Kompetansesenter som følgje av kutt i budsjettforslaget for 2003.