St.prp nr. 1 Tillegg nr. 12 (2002-2003)

FOR BUDSJETTERMINEN 2003 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2003

Til innhaldsliste

1 Avtale av 6. november 2002 mellom Norges Fiskarlag og Arbeids- og administrasjonsdepartementet om støttetiltak for fiskerinæringa for 2003

Inngått med atterhald om Stortinget sitt samtykke til løyvingsforslag i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 12 (2002-2003)

§ 1 Avtaleperioden

Denne avtalen gjeld i tida 1. januar - 31. desember 2003.

§ 2 Rett på tilskot

Dersom ikkje anna er fastsett, kan tilskot etter denne avtalen berre betalast ut til fartøy og for fangst levert frå fartøy som er registrerte i merkeregisteret for fiskefartøy og der høvedsmann på fartøyet er innført i fiskarmanntalet.

Fartøy/fiskar som driv fiskeleiting og forsøk, har rett til tilskot etter same retningsliner/praksis som tidlegare.

Etter samråd med Norges Fiskarlag kan det også betalast ut tilskot til personar som er knytte til drift av fartøy som har rett på tilskot.

§ 3 Fiskeforsøk mv.

Det vert sett av 2,5 mill. kroner til fiskeforsøk mv. Midlar som ikkje er disponerte 31. desember 2003, kan overførast til same formål etter denne datoen.

§ 4 Føringstilskot

Til føringstilskot vert det sett av 33 mill. kroner. Midlane vert fordelte på salslag av Fiskeridepartementet i samråd med Norges Fiskarlag.

Salslag som får tilskot skal leggje fram ei oversikt over korleis midlane er tenkt brukte for å sikre gjennomføringa av fisket for heile året.

Vedtak om nærare disponering av midlane i samsvar med den framlagde oversikta, treng førehandsgodkjenning av Fiskeridepartementet. Laga får midlane stilt til disposisjon etter kvart som laga treng dei for gjennomføring av godkjende støttetiltak. Det er ein føresetnad at salslaga disponerer midlane slik at dei strekk til for heile den perioden fisket foregår.

Den del av midlane som laga måtte ha att den 31. desember 2003, kan overførast til same formål etter denne datoen.

§ 5 Garantilott

Det vert stilt til disposisjon 9 mill. kroner, i tillegg til udisponerte midlar avsett til garantilott frå tidlegare år, til dekking av utbetaling av garantilott og administrasjonskostnader for Garantikassa for fiskarar. Vekesatsen er 2200 kroner og eigengarantiperioden er på 13 veker. Eventuelle overskridingar skal dekkjast under § 7 Reservebeløp.

§ 6 Lineegnesentralar

Til tilskot til drift av lineegnesentralar vert det sett av 11,5 mill. kroner. Tilskotet vert utbetalt med inntil 11 kroner per 100 anglar.

§ 7 Reservebeløp

Det vert sett av 14 mill. kroner til reserve, i tillegg til udisponert reservebeløp frå 2002. Av dette beløpet skal det nyttast midlar mellom anna til selfangststøtte, både som driftsstøtte til selfangst komande sesong og andre tilskot for å kunne oppretthalde norsk selfangst.

Udisponerte midlar frå tidlegare års avsetning til strukturtiltak vert tilført reserven.

Reserven vert disponert av Fiskeridepartementet og Norges Fiskarlag i fellesskap. Unytta beløp frå §§ 5 - 6 vert tilført reserven.

Oslo, den 6. november 2002

For Arbeids- og administrasjonsdepartementet (med atterhald om samtykke frå Stortinget)For Norges Fiskarlag
Magnor NerheimJan Skjærvø